Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nyheiter

Avtale signert med NTNU Universitetsbiblioteket

Avtalen gir alle tilsette i Helse Møre og Romsdal tilgang til ny medisinsk- og helsefagleg litteratur, og dekker eit breitt behov for bibliotektenester.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 22.05.2024
Sist oppdatert 06.06.2024
En bygning med trær og gress

Foto: Tony Hall

NTNU campus Ålesund

Fagdirektør Erik Solligård er svært nøgd med at avtalen no har kome på plass etter at det ble vedteke å avvikle fagbiblioteket i Helse Møre og Romsdal.

- Det er svært viktig at våre tilsette har tilgang til oppdatert faglitteratur for å kunne halde seg fagleg oppdatert. Tidlegare har utvalet vore noko avgrensa. Vi har jobba i over eitt år for å betre utvalet. Eg er glad for at vi har fått same avtale som NTNU Universitetsbiblioteket har med St. Olavs no, og at den no òg gjeld for våre tilsette. Det er ein viktig avtale som sikrar tilgang til eit breitt utval publikasjonar og oppslagsverk, seier Solligård.

Det har i fleire år vore uttrykt eit behov for betre tilgang til faglitteratur og bibliotektenester for sjukehus som ikkje er universitetssjukehus. Du kan lese meir om dette i saka til Helse Midt-Norge. Det har i HMR tidlegare vore gitt eit tilbod tilpassa dei mest etterspurte og viktigaste behov, utifrå dei midlar vi har hatt tilgang til.

Korleis bruke Universitetsbiblioteket?

Korleis få tilgang til artiklar / tidsskrift som HMR-tilsett: 

På jobb (på HMR-pc kopla til HMR-nett):
Gå direkte til gjeldande tidsskrift (evt. via Google Scholar) – då kan du lese fulltekst av aktuelle artiklar uten noko form for innlogging/brukar i Oria. Tilgang er basert på IP-adresse og så lenge du er på HMR-nett med HMR-pc og tidsskriftet står på lista i biblioteksavtalen (sjå PDF: Avtale HMN vedlegg 2 liste forlag - tidsskrift.pdf) skal du kunne lese artikkelen direkte.

Heimanfrå: 
Frå HMR-pc: logg på med VPN-tilkopling – gå deretter direkte til tidsskrift/evt. via Google Shcolar og tilgangen skal vere den same som «på kontoret».
Hjelpeside: Koble til VPN (hemithjelp.no)

Frå privat-pc: (ikkje ferdig testa, mogleg framgangsmåte her): kople opp mot HMR-nett via «Ekstern Sprint» - følg deretter same fremgangsmåte som over. 
Hjelpeside: Ekstern sprint på privat PC (hjemmekontor) (hemithjelp.no)


Ved spørsmål kontakt oss på forsking@helse-mr.no


Opprette brukar i Oria (ikkje så relevant for HMR):

I Oria kan du søke, låne og reservere medisinsk faglitteratur. Du vil òg kunne finne vitskapelege artiklar, e-bøker og tidsskrift innan ditt fagfelt her.
Du må opprette brukar og logge deg på via Oria. Når du logger deg på må du velje «brukarnavn og passord for ansatte ved Helse-Midt Norge og eksterne lånetakere». 

Om du treng hjelp eller har spørsmål kan du kontakte bibliotektilsette via det virtuelle biblioteket. Det føregjeng på Zoom, og dei tilsette er tilgjengelege måndag-fredag frå kl. 10-14.

Avtalen med Clinical Key blir vidareført.

Prosessen vidare

NTNU Universitetsbiblioteket tek over bøker utgitt f.o.m. 2019. Det vil bli sendt ut lister over dei bøkene som vil bli gitt bort til klinikkar/avdelingar/seksjonar. Dette vil skje snarast råd, i slutten av mai.

Informasjon om prosedyrar angåande fysisk utlån av bøker kjem seinare.

Om biblioteket

NTNU Universitetsbiblioteket er eit offentleg vitskapleg bibliotek, etablert i 1996 i samband med opprettinga av NTNU. Biblioteket har likevel røter tilbake til Det Kongelig Norske Videnskabers Selskabs bibliotek frå 1768, og er såleis det eldste vitskaplege biblioteket i Noreg.