Forskingsnyheiter

Forsking: Høgare risiko for keisarsnitt hos gravide med barneleddgikt

Forskarar frå Ålesund sjukehus og St. Olavs hospital har undersøkt samanhengen mellom keisarsnitt hos fødande med og utan barneleddgikt. Dei slår fast at kvinner med aktiv sjukdom har økt risiko samanlikna med kvinner som ikkje har revmatisk sjukdom. Funna deira stadfester behovet for tettare oppfølging av svangerskapet til revmatikarar.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 19.07.2024
Sist oppdatert 28.08.2024
En bamse ligger oppå magen til en person
Forsking viser at gravide med aktiv barneleddgikt har høgare risiko for keisarsnitt. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

Revmatolog Carina Gøtestam Skorpen ved Ålesund sjukehus er førsteforfattar av artikkelen som blei publisert i Rheumatology Advcances in Practice. Ho fortel at dei gjekk gjennom data om svangerskap og revmatisk sjukdom frå det landsdekkande registeret RevNatus og  samanlikna det med data frå Medisinsk fødselsregister, som inneheld informasjon om fødslar i Noreg. 

En person som bruker briller
Revmatolog Carina Gøtestam Skorpen. Foto: Petter Bjørklund/HMR.

 

- Vi ville undersøke korleis aktiv sjukdom kan føre til forskjellige utfall i svangerskap hos pasientar med revmatiske sjukdomar, blant anna barneleddgikt, forklarer Skorpen.

- Vi ville òg sjå om det var forskjell på planlagde keisarsnitt og akutte keisarsnitt. Vi såg at det var auka risiko for akutte keisarsnitt hos kvinner med aktiv barneleddgikt, og ikkje hos dei med inaktiv sjukdom. Så aktiv sjukdom er heilt klart ein risikofaktor, seier Skorpen.

Vidare fortel ho at tidlegare studiar har ikkje vist til denne sjukdomsaktiviteten som dei no har kartlagt ved bruk av registera.

 

Fleire jenter enn gutar blir ramma

Samanlikningane som vart gjort i studien viser ein generelt høgare førekomst av keisarsnitt hos gruppa med giktsjukdomen - med cirka 20 prosent i motsetjing til 15 prosent av dei fødande utan barneleddgikt.​

Barneleddgikt er definert som vedvarande betennelse i eitt eller fleire ledd i meir enn seks veker, som oppstår før fylte 16 år, og der andre årsaker er ekskludert. Sjukdomen fører til stivheit og smerter i ledd og musklar, og omtrent halvparten av pasientane har behandlingstrengande sjukdom i vaksen alder. 

Om lag 140 barn får diagnosen barneleddgikt i Noreg kvart år. Det er dobbelt så mange jenter som gutar som får sjukdomen.

Revmatiske sjukdommar, som omfattar mellom anna sjukdommar som leddgikt og systemisk lupus erytematosus (SLE), kan ha betydeleg påverking på eit svangerskap. Til dømes har aktiv betennelse ved ulike typar leddgiktsjukdommar vist seg å vere ein risikofaktor for keisarsnitt.​​​ 

Sjølv om vanleg fødsel er føretrekt kan keisarsnitt vere naudsynt av medisinske årsakar. Likevel kan eit slikt inngrep føre til høgare risiko for komplikasjonar for mor og barn.

Mest siterte artikkel

Skorpen er òg førsteforfattar av Helse Møre og Romsdal sin mest siterte artikkel dei siste seks åra.  Den gir retningslinjer angåande medisinbruk under svangerskap. EULAR (European alliance of associations for rheumatology) , som er det europeiske fellesskapet for fagpersoner som behandlar og pasienter som har revmatisk sjukdom, er oppdragsgivar for retningslinjene.

 – Desse retningslinjene er med på å trygge behandlar og pasient. Dei er basert på en omfattande litteraturgjennomgang og gir evidensbasert kunnskap om kva for medisinar det er trygt å bruke under svangerskapet og kva for typar som ikkje er det. EULAR har vore med på å trygge både behandlar og pasient. Mange revmatologar har nok vore litt redde for å behandle gravide mens no er det meir tilgjengeleg kunnskap om det, avsluttar Skorpen.

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.