Forskingsnyheiter
Behandling av bruskskadar i kneet: – Ingen gullstandard, seier forskarar
Skadar i leddbrusken i kneet kan føre til smerte, redusert funksjon og dårleg livskvalitet. Mikrofraktur er ein vanleg kirurgisk metode for bruskskadar, men funn frå ein klinisk studie slår føtene under denne teknikken.

Avgrensande bruskskadar i kneleddet er ein vanleg skade, kor mikrofraktur ofte har vore den vanlegaste forma for behandling. Her bruker ein syl eller eit anna instrument for å lage hol i beinet i håp om at det skal legge seg fiberbrusk i skaden.
Publisert i leiande tidsskrift
No har forskarar samanlikna to formar for kikholskirurgi i ein studie som Helse Møre og Romsdal er med i. Funna frå mikrofraktrurstudien er publisert i The American Journal of Sports Medicine – som er eit av dei fremste ortopediske tidsskrifta internasjonalt.
Forskar og leiar for forskingsgruppa OrtoForsk-KSU, Tommy Frøseth Aae, er delt førsteforfattar saman med Per-Henrik Randsborg frå Akerhus universitetssykehus. Øystein Bjerkestrand Lian, overlege i ortopedi ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, er blant medforfattarane.
Overraskande funn

Aae seier at hovudfunna er oppsiktsvekkande.
– Vi har samanlikna resultat to år etter behandling med anten mikrofraktur eller enkel opprensking av bruskskaden (debriment), i ein nasjonal, randomisert og dobbeltblind multisenterstudie. Begge gruppene opplevde betring, men det var ingen skilnad i kliniske endepunkt mellom dei. Studien vår viser med andre ord at mikrofraktur ikkje har nokon plass i behandlinga av slike skadar, og dette funnet vil eg karakterisere som eit slags paradigmeskifte.
Vidare fortel han at mikrofraktur ofte krev restriksjonar på belastning i fleire veker for å beskytte det nye fibrobrusket, mens debriment kan tillate raskare mobilisiering. I tillegg er mikrofraktur meir teknisk krevande, og sidan studien viser at det ikkje gir betre resultat kan det vere lite hensiktsmessig å bruke meir tid, ressursar og rehabiliteringskapasitet på denne metoden.
– Sjukehus og helsevesen kan spare ressursar ved å prioritere enklare prosedyrar.
Ventar stor interesse
Studien inkluderte pasientar mellom 18 og 50 år. 68% var menn. Pasientane skal bli følgt opp vidare med 5 og 10 års resultat.
– Dette blir særs interessant å følge med på, seier Aae. – Funnet kan motivere til studiar med lengre oppfølging for å sjå om det er forskjellar i progresjon til artrose. Det kan også føre til meir forsking på biologiske tilleggsbehandlingar – til dømes vekstfaktorar, stamceller – eller meir individualisert kirurgisk strategi.
Pasientane er i hovudsak inkludert ved Akershus universitetssykehus, men både Kristiansund og Ålesund sjukehus har vore deltakande.
Aae ser føre seg at studien kjem til å bli mykje sitert framover.
Han vil òg trekke fram ortopedisk forskingssjukepleiar, Myrthle Slettvåg Hoel, Kristiansund sjukehus, for hennar arbeid med studien.