Kliniske studiar, forskingsnyheiter
Delta i behandlingsstudie for personar med irritabel tarmsyndrom (IBS)
Studien skal gi breiare kunnskap om effekten av fekal mikrobiotatransplantasjon. Ålesund sjukehus er eit av tre deltakande sjukehus i studien.

Vi søkjer etter personar med irritabel tarmsyndrom som vil delta i ein studie der forskarar skal undersøkje effekten av fekal mikrobiotatransplantasjon. Deltakarar får tilført tarmbakteriar frå friske givarar eller sin eigen tarmflora.
Denne måten å påverke tarmen sin bakterieflora på har vore gjort i forsking over fleire år utan uheldige konsekvensar.
Studien varer i 12 månadar.
I denne videoen forklarar seksjonssjef ved Seksjon for kliniske studiar ved Ålesund sjukehus, Dag Arne Lihaug Hoff, kvifor han oppmodar om å delta i ein slik studie.
Oppdatering: vi har fått mange førespurnadar frå pasientar som vil delta, og har per i dag ikkje fleire ledige plassar. Ein kan likevel kontakte oss på epost og bli satt på venteliste.
Her er lenke til meir informasjon om studien.
Trur du at dette kan vere noko for deg? Ta kontakt på kliniskforskingspost@helse-mr.no