Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskingsnyheiter

CAG-seminar på Hjelset la grunnlaget for nye samarbeid innan kreftforsking

Eit tverrfagleg CAG-seminar på Hjelset 16. september samla 18 forskarar og klinikarar frå heile Midt-Noreg for å utforske eit nytt og spennande forskingsfelt: Korleis nervesystemet påverkar kreftutvikling, med særleg fokus på pasientar som har fleire sjukdomar samstundes. Dette er eit område med stort behov for ny kunnskap, og resultata kan få betydning for både behandling og livskvalitet.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 23.09.2026
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Vibeke Devold Valderhaug (nr. 2 frå venstre) og Duan Chen (nr. 8 frå venstre) var blant arrangørane. Her saman med resten av deltakarane. (Foto: Chun Mei Zhao/NTNU)

Seminaret/workshopen var det første i Midt-Noreg innan kreftnevrovitskap,  og vart gjennomført som ein aktivitet under den klinisk-akademiske gruppa (CAG) Cancer Neuroscience with Special Reference to Multimorbidity, som fekk tildeling frå Samarbeidsorganet tidlegare i år.  

Seniorforskar og CAG-koordinator Chun Mei Zhao, CAG-leiar og professor ved NTNU Duan Chen, og forskar og forskingsrådgivar i HMR Vibeke Devold Valderhaug stod for organiseringa. 

 Møtestad for fleire fagmiljø

Valderhaug fortel at interdisiplinært samarbeid og nettverksbygging var hovudmålet med samlinga. Forsking på samanhengen mellom kreft og nervesystem går på tvers av fleire tradisjonelle disiplinar og err framleis eit ungt fagfelt. Godt samarbeid og nye svar krev difor at ein etablerer eit felles språk  

– Vi ønskte å få forskarar og klinikarar frå ulike fagfelt inn i same rom for å kunne nærme seg den samansette og komplekse problemstillinga kreftnevrovitskap er frå ulike perspektiv. Mange av deltakarane hadde ikkje møtt kvarandre tidlegare, og seminaret gav ein viktig arena for felles forståing, open diskusjon og brainstorming, seier ho.  

Viste fram viktig forskingsinfrastruktur 

Seminaret vart lagt til SNR Hjelset for å legge best mogleg til rette for  tilreisande, både internt i HMR og for dei som køyrde frå Trøndelag. Samtidig gav samlinga høve til å vise fram   det nye sjukehuset og forskingsposten på Hjelset. 

– Vi sette stor pris på å få organisere møtet her. Det gjorde det lettare for klinikarane våre å delta, og vi fekk vist fram både Hjelset og forskingsposten. Tilbakemeldingane frå dei tilreisande var svært positive, og vi opplevde eit stort engasjement og openheit i diskusjonane, fortel Valderhaug. 

Grafisk fremstilling av kreftnevrovitenskap
Oversiktsbilde av kreftnevrovitskap.

Nye perspektiv

Chen fortel at seminaret viste korleis omgrep og metodar som tradisjonelt er brukte innan nevrovitskap, som nettverksvitskap og systembaserte analysar, kan gi nye måtar å forstå kompleksiteten ved kreft på.   

–  Samstundes er moderne kreftforsking i aukande grad avhengig av avanserte berekningsmetodar, integrering av data frå fleire kjelder og kunstig intelligens for å identifisere mønster som er vanskelege å oppdage med tradisjonelle metodar åleine, seier Chen.

Vidare påpeiker han at eit anna viktig tema på seminaret var moglegheitene som ligg i å utnytte Noreg sine unike helsedataressursar.  

  Dette omfattar store befolkningsstudiar, nasjonale helseregister, forsking på livskvalitet og infrastruktur for kliniske studiar. Kombinert med nye analyseverktøy gir desse ressursane nye moglegheiter for kunnskapsutvikling på biologisk, klinisk og befolkningsbasert nivå, forklarer Chen. 

Ser fram mot neste samling 

 Seminaret synleggjorde verdien av tverrfagleg samarbeid og identifiserte fleire moglegheiter for framtidig forsking og kliniske studiar. Neste møte er føreslått lagt til Trondheim, kor ein ser fram mot å vidareutvikle nokre av dei nyetablerte samarbeida. 

–  Deltakarane var samde om at framgang innan kreftnevrovitskap krev både biologisk innsikt og metodisk innovasjon. Ved å samle kompetanse frå onkologi, nevrovitskap, epidemiologi, datavitskap, kunstig intelligens og klinisk medisin, har fagfeltet potensial til å skape ny kunnskap og på sikt bidra til betre pasientbehandling, oppsummerer Chen. 

Les også: Feiret nye CAG-prosjekter med egen markering 

Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.