Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter, forskingsprosjekt

Digital behandling for irritabel tarm-syndrom

Om du eller nokon du kjenner slit med irritabel tarm-syndrom (IBS) kan det å delta i ein digital studie vere eit steg i riktig retning til å finne ei behandlingsform som kan hjelpe. Det er eit lågterskel tilbod, og du treng inga tilvising frå lege for å delta.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 11.04.2024
Sist oppdatert 16.04.2024
En person med magesmerter

Foto: colourbox.com

Studien heiter DIGIBS og står for digital behandling av irritabel tarm-syndrom. Alle som deltek vil få ei form for digital behandling gjennom Mage-tarmskulen, som er Noregs første opplæring- og behandlingsprogram via internett for pasientar med IBS. Deltakarane får òg ei moglegheit til digital oppfølging av ein klinisk ernæringsfysiolog i seks månadar.

Mange fordelar

Gastroenterolog og seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar ved Ålesund sjukehus Dag Arne Lihaug Hoff håper at mange pasientar som alt har fått diagnosen IBS nyttar seg av tilbodet.

- Det at dette er ei digital løysing gjer det til ein stor fordel for mange pasientar. Det er trygt å bruke, og den gir større fridom enn om ein skulle ha reist fysisk, påpeiker han.

En mann i hvit frakk
Dag Arne Lihaug Hoff (Foto: HMR)

Hoff legg til at han årleg sida 2015 har vore medarrangør til oppmøtebasert "pasientskule" der folk kan kome og møte andre i same situasjon. "Skulen" går over to dagar, og det er bindande påmelding. Det er òg naudsynt med tilvising frå lege. Det treng ein ikkje for å delta i DIGIBS, men ein må ha diagnosen irritabel tarm-syndrom.

Her kan folk berre melde seg på sjølve. Ein går først gjennom ein screeningprosess for å sjå om ein er kvalifisert, og så blir ein kontakta per telefon i etterkant, forklarer Hoff.

Vidare seier han at å bli med i ein slik studie kan bidra til å gi pasientar auka kunnskap om sjukdomen sin, som igjen kan føre til auka tryggleik og meistring i kvardagen.

Kriteria

Studien varer i seks månadar, og opplegget er laga av spesialister innan gastroenterologi, fysioterapi, psykiatri og klinisk ernæring. Innhaldet er ei blanding av tekst, film, video og bilete.

Ein må oppfylle visse kriterier for å kunne delta. For eksempel kan du ikkje vere gravid eller planlegge å verte det innan det neste halve året. Du må vere mellom 18 og 70 år, og viss du er over 55 år kan du ikkje ha hatt funn under koloskopi dei siste fem åra.

For meir informasjon om studien og korleis du kan melde deg på kan du følge denne lenka

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​​ #forskinghmr