Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskingsnyheiter

Digital tinnitusbehandling gav best effekt for dei med alvorlege plager

Ein ny norsk studie viser at digital behandling som kombinerer tinnitus-retreningsterapi (TRT) og kognitiv åtferdsterapi (CBT) kan gi betydeleg reduksjon i tinnitusplager, særleg for pasientar med alvorleg tinnitus.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 05.10.2026
En kvinne som tar seg til øret

Foto: Colourbox.com

Rundt éin av fem nordmenn lider av tinnitus.

Bak studien står psykologane Katrine Sol Dalseng og Natalia Liavåg, saman med øyre-nase-hals-lege Dag Lyngve Sunde og professor Stian Solem. Studien vart publisert i tidsskriftet Frontiers in Psychiatry i byrjinga av september.

Frå psykologistudiet til forsking på tinnitus

Dalseng kjem frå Molde og studerte psykologi ved NTNU i Trondheim. Etter studiet flytta ho tilbake til heimbyen og arbeider i dag som psykolog ved BUP poliklinikk Molde.

Medforfattar Liavåg er frå Hareid på Sunnmøre og har studert saman med Dalseng gjennom heile utdanninga.

– Eg vart ferdig utdanna psykolog sommaren 2026 og bur framleis i Trondheim. Akkurat no arbeider eg med andre prosjekt før eg går inn i psykologyrket, seier Liavåg.

Særleg god effekt for dei med alvorleg tinnitus

Studien undersøkte effekten av eit internettbasert behandlingstilbod for tinnituspasientar. Totalt deltok 144 pasientar, og resultata viste ein tydeleg reduksjon i tinnitusplager etter behandlinga. Effekten var størst hos pasientar med alvorleg tinnitus.

– Det viktigaste funnet er nok at behandlinga hadde stor effekt på tinnitusplagene hos dei med alvorleg tinnitus. Vi var spente på om behandlinga ville treffe denne pasientgruppa, særleg fordi digital behandling stiller større krav til at pasientane sjølve følgjer opp opplegget og gjennomfører oppgåvene, seier forskarane.

Dei fortel at resultata var svært positive.

– Difor var det gledeleg å sjå at behandlinga hadde god effekt. At effekten var mindre hos dei med mildare tinnitusplager, var derimot som venta.

Samtidig viste studien at behandlinga ikkje såg ut til å ha effekt på misofoni, ein tilstand der enkelte lydar utløyser sterke kjenslemessige reaksjonar.

– Dette gir ein indikasjon på at behandlinga ikkje treff denne gruppa godt nok, seier Dalseng og Liavåg.

To kvinner i bunad
F.v.: Katrine Sol Dalseng og Natalia Liavåg. Foto: Privat.

Gjer behandling meir tilgjengeleg

Dei peikar på fleire fordelar med digitale behandlingstilbod samanlikna med tradisjonelle konsultasjonar.

– Ei viktig styrke er at fleire pasientar kan få tilgang til eit strukturert og hyppig behandlingstilbod, uavhengig av kvar dei bur. Det kan vere særleg nyttig for pasientar som av ulike grunnar har vanskeleg for å møte opp til fysiske konsultasjonar.

Dei framhevar òg fleksibiliteten.

– Pasientane kan gjennomføre behandlinga når det passar inn i kvardagen. Det meiner vi er ein stor fordel i ei travel tid.

Fire kakestykke

Det er overlege Dag Lyngve Sunde ved ØNH (øyre, nase, hals) SNR som har utvikla den nettbaserte behandlinga. Han har kalla den “Tinnituskaka”.

– Den er gratis og tilgjengeleg når som helst, seier han.

Tinnituskaka består av fire kakestykke: utgreiing, introduksjon og ein kombinasjon av to behandlingsmetodar, tinnitus-retreningsterapi (TRT) og kognitiv åtferdsterapi (CBT). Begge metodane er forskingsbaserte og kan vise til god effekt.

Om behandlingsmetodane

Sunde forklarar at TRT blei utvikla av polske Pawel Jastreboff, og har vore ein leiande behandlingsmetode innan audiologi i fleire tiår.

– Kort forklart går det ut på å endre korleis hjernen tolkar tinnitus, slik at merksemda mot og opplevinga av tinnitus gradvis blir redusert.

CBT handlar om å bli merksam på negative tankar, vurdere dei kritisk og erstatte dei med meir nøytrale og hjelpsame tankar. Målet er å gjere tinnitus til eit kjenslemessig nøytralt stimulus, slik at den naturlege tilvenninga til tinnitussignalet kan skje.

Sunde tilbyr vekentlege webinar som pasientar kan melde seg på via Tinnituskaka. Dei får tilgang til tilbodet når dei er tilviste frå helsepersonell. Den digitale behandlinga har vore tilgjengeleg i snart to år.

Skjermdump viser en mann foran grafikk
Dag Lyngve Sunde i videoen han har laga om digital behandling for tinnitus. (Foto: Skjermdump frå Youtube)

 

Kan styrke tilbodet i distrikta

Dalseng og Liavåg meiner den digitale løysinga kan bidra til meir likeverdige helsetenester over heile landet.

– Absolutt. Digital behandling kan bidra til å sikre like helsetenester uavhengig av kvar ein bur, fordi bustaden i mindre grad avgjer kva behandlingstilbod ein har tilgang til.

For pasientar i distrikta kan dette vere særleg viktig.

– Det kan vere svært verdifullt å få tilgang til eit strukturert behandlingsopplegg utan å måtte reise langt for kvar konsultasjon.

Håpar å auke kunnskapsgrunnlaget

Studien er den første norske undersøkinga av denne typen, og forskarane meiner resultata kan få betydning for framtidig tinnitusbehandling.

– Så langt vi veit er dette den første studien av sitt slag i Noreg. Resultata tyder på at digital behandling fungerer for denne pasientgruppa, og at kombinasjonen av TRT og CBT er effektiv.

Tinnitus blir behandla ulikt frå land til land, og Noreg manglar framleis nasjonale retningslinjer for behandling av tilstanden.

– Vi håpar studien kan bidra til meir kunnskap om kva behandlingsformer som er nyttige, og på sikt styrke kunnskapsgrunnlaget for nasjonale anbefalingar. Vi håpar òg at CBT kan få ein større plass i tinnitusbehandlinga enn i dag, oppsummerer forskarane.

Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.