Forsking, disputasar 2024
Disputas: Pasientopplæring meir enn 10 år etter fedmekirurgi
Kirsti Kverndokk Bjerkan, klinisk ernæringsfysiolog ved Ålesund sjukehus, disputerte for doktorgraden i helse- og sosialfag ved Høgskulen i Volda med avhandlinga «The role of pre- and postoperative patient education a decade after bariatric surgery».
Disputasen blei heldt på norsk med tittelen «Når fagkunnskap møter levd liv. Betydningen av pasientopplæring mer enn 10 år etter fedmekirurgi».
Disputasen er avsluttande del av doktorgradsstudiet Helse- og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling, som blir gitt av Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde i fellesskap.
Kandidaten sin hovudrettleiar har vore Dag Arne Lihaug Hoff, dr.med (ph.d.), HMR og førsteamanuensis, NTNU, og medrettleiarar har vore Jorunn Sandvik, dr.med (ph.d.), HMR og førsteamanuensis, NTNU og Kjetil Laurits Høydal, professor ved Høgskulen i Volda.
Følgjande komité har vurdert det involverte arbeidet:
- Liisa Tolvanen, klinisk ernæringsfysiolog (ph.d.), Karolinska Institutet
- Torgeir Thorson Søvik, overlege (ph.d.), Oslo universitetssjukehus
- Ingunn Mundal, professor (ph.d.), Høgskulen i Molde
Program
Kl. 10.15: Prøveforelesing
Tema: Ernæringsbehandling av postbariatrisk hypoglykemi
Kl. 12.15: Disputas
Prøveforelesinga og disputasen tok stad måndag 23. september i Granskinga (HS220) i Hans Strøm-huset ved Høgskulen i Volda.
Programmet for disputasen kan lesast her (PDF-fil).
Oppfølging etter fedmekirurgi
I Helse Midt-Noreg blei 930 pasientar opererte med gastrisk bypassoperasjon i tidsrommet 2004–2009. I perioden 2018–2020 blei alle desse inviterte til oppfølgingsstudien BAROBS (Baritric surgery observation study), der 546 av pasientane deltok. I avhandlinga har doktoranden brukt delar av data samla inn i og etter BAROBS-studien.
Tolv år etter operasjonen hadde pasientar som deltok i gruppeoppfølging, lågare vektmål (vektnedgang, sekundærvektoppgang og kroppsmasseindeks) enn pasientane som deltok sjeldan eller aldri i gruppeoppfølging. Det var ingen forskjell i fysisk aktivitet, bruk av vitamin- og mineraltilskot eller sjølvrapportert helse.
I studien oppgav 75 prosent at dei brukte multivitamin-mineral-tilskot, 95 prosent brukte vitamin B12, og 70 prosent brukte kalsium med vitamin D-tilskot. Dei som oppgav bruk av tilskot, hadde mindre mangeltilstandar, sjølv om førekomsten også blant dei er høg.
Eit lite utval av BAROBS-deltakarane (22 pasientar) som oppgav å ha magesmerter oftare enn kvar veke, blei inviterte til ei utforskande oppfølgingsstudie nokre år seinare. Kontinuerleg glukosemåling blei testa ut som eit pedagogisk verktøy, med målsetting å utforske samanhengen mellom matinntak og symptom. Resultata var sprikande, men gav likevel pasientane ei god forståing av kva matvarer som påverka blodsukkersvingingar og symptom frå mage-tarmkanalen.
Ville utforske betydninga av pasientopplæring
I eit samfunnsmedisinsk perspektiv har det lenge vore ønskjeleg å sjå på langtidseffektar av fedmekirurgi. Pasientopplæring er ei av dei pålagde oppgåvene til sjukehusa og har til hensikt å auke pasientane sin kunnskap om eigen sjukdom, slik at dei skal fortsetje å gjere gode val for eiga helse også etter at oppfølginga frå sjukehuset er avslutta.
Kverndokk Bjerkan ønskte å utforske betydninga av pasientopplæring gjennom ulike målemetodar (etterleving av livsstilsråd, vekt og vektendring og dessutan bruk av anbefalte vitamin og mineral) hos pasientar som har gjennomført fedmekirurgi for meir enn ti år sidan.
Resultata har innverka på nordiske retningslinjer
Funna viser at det er behov for langtidsoppfølging av vitamin- og mineralnivå hos pasientane, og at nokre treng meir tilskot enn dei blei anbefalte den gongen dei blei opererte. Resultata frå denne studien har innverka på dei nye nordiske retningslinjene for pasientar som har gjennomført fedmekirurgi, retningslinjer som blir publiserte i desse dagar. Nye problem som magesmerter og blodsukkersvingingar kan oppstå som følgje av operasjonen, og dette føreset at personale som møter pasientgruppa, er kjende med problemstillingane.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!