Forsking, disputasar 2024

Disputas: Pasientsikkerheit i luftambulansetenester

Kristen Rasmussen disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin ved Det helsevitskapelege fakultet, Universitetet i Stavanger, med avhandlinga “Patient Safety in Helicopter Emergency Services: Time to lift off? A mixed methods study”.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 21.08.2024
Sist oppdatert 25.10.2024
Bilde av Kristen Rasmussen og komiteen
Kristen Rasmussen (i midten) saman med komiteen. Foto: Ann-Kristin Haram Maridal/HMR

Kristen Rasmussen, seksjonsleiar for Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk Ålesund, disputerte på emnet pasientsikkerhet i luftambulansetjenesten

Du kan lese avhandlinga her.

Prøveforelesing og disputas fann stad tysdag 20. august i auditoriet ved Ålesund sjukehus.

Kandidaten sine rettleiarar har vore professor Stephen Johan Mikal Sollid (UiS), professor Marit Kvangarsnes (NTNU) og professor II Håkon Bjorheim Abrahamsen (UiS).

Følgjande komité har bedømd arbeidet:

Fyrsteopponent: professor Jacob Steinmetz, Aarhus Universitetet
Andreopponent: forskar Helen Brandstorp, UiT
Administrator: Førsteamanunensis II Nils Petter Oveland, UiS

Leiar av disputasen var Thor Ole Gulsrud, prodekan ved Det helstevitskapelege fakultet, UiS.

 

Program

Kl. 10.00: Prøveforelesing: “Communication is essential in team training. What role does communication with the patient have in HEMS?”

Kl. 12.15: Presentasjon og forsvar av avhandlinga

Et par menn som står på en scene med et projektorlerret bak seg
Kristen Rasmussen t.v. saman med prodekan Thor Ole Gulsrud frå UiS. Foto: Ann-Kristin Haram Maridal/HMR.

 

Samandrag av avhandlinga

Pasienttryggleik har ikkje fått same merksemd i luftambulansetenesta som elles i helsevesenet. Basert på eiga erfaring som luftambulanselege og leiar i mange år, veit eg at feil skjer. Likevel er det forsvinnande lite av medisinske avvik og nesten-ulukker som blir rapporterte. Kvifor er det slik, og kva bør vi gjere for å gjere det tryggare for deg å vere pasient også på veg til sjukehuset?

Både helikopter og mannskap må vere tilpassa oppdraga som skal utførast. Systematisk trening på ikkje-tekniske ferdigheiter, som til dømes teamarbeid og kommunikasjon, bør innførast. Ved overlevering på sjukehus må ein i størst mogleg grad ha same rutinar og utstyr som akuttmottaka, og også trene saman med dei for ei tryggare pasientoverlevering. Eit nasjonalt system for rapportering av avvik bør på plass for betre læring mellom luftambulansebasane.

Funna i studien kan hjelpe dei som sit med avgjerdene til å velje tiltak som gir best effekt. I hovudsak vil dette vere endringar på systemnivå som ikkje er avhengige av den enkelte legen. Det er nødvendig med ytterlegare forsking for å undersøkje grundigare tryggleiks- og rapporteringskultur i luftambulansetenesta.

 

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​