Forsking, doktorgradsstipendiatar

Desse blir Helse Møre og Romsdals nye doktorgradsstipendiatar

Seksjon for forsking og innovasjon gratulerer Vera Solianik og Hans Vangsnes Vingen som fekk tildelt ph. d.-midlar og blir helseføretakets nye doktorgradsstipendiatar!

Petter Bjørklund
Publisert 07.02.2023
Sist oppdatert 03.05.2023
En mann og kvinne
Nevropsykolog Vera Solianik og overlege i anestesi Hans Vangsnes Vingen

For å stimulere til auka forskingsaktivitet og vitskapleg publisering i Helse Møre og Romsdal blei det utlyst interne ph.d-midlar. Søknadane blei vurdert av fire interne og to eksterne evaluatorar.

Seksjon for forsking og innovasjon gratulerer Vera Solianik og Hans Vangsnes Vingen som fekk tildelt ph.d-stipend, og som blir helseføretakets nye ph. d-stipendiatar! Begge to skal i år sette i gang kvart sitt spanande prosjekt knytt til HMR, som kvar av dei beskriv.

​​​​Om stipendiatane og prosjektane deira

Vera Solianik er tilsett som nevropsykolog, og er knytt til Nevrologisk avdeling i Molde. Prosjektettittelen hennar er "Minor stroke: A follow-up study of the prevalence of cognitive impairment and emotional symptoms and consequences for social functioning and

solianik

Nevropsykolog Vera Solianik.

employment": 

"Dette prosjektet skal kartlegge såkalla skjulte vanskar fleire år etter små hjerneslag. I Noreg er det ca. 12 000 personar som får hjerneslag kvart år. Ein stor andel er heldigvis sjølvhjelpte etter hjerneslaget, og dei fysiske symptoma er vanlegvis milde og går fort over. Det betyr at flesteparten kan skrivast ut direkte til heimen etter eit kort sjukehusopphald. Skjulte vanskar etter små hjerneslag er ofte ikkje synleg før pasientane er tilbake i sitt heimemiljø. Fleire får ein ny kvardag når dei oppdagar at den kognitive kapasiteten deira ikkje lenger er slik den var før hjerneslaget. 

Prosjektet bygger på Åse Hagen Morsund sitt ph.d.-prosjekt der ho oppdaga høgare førekomst av kognitive og psykososiale vanskar hos pasientar 3 og 12 månader etter små hjerneslag.  Med dette prosjektet skal vi kartlegge dei same pasientane 10 år seinare. Kartlegging av korleis slike vanskar utviklar seg over tid vil ha mykje å seie for utvikling av tilbod for disse pasientane som per i dag har lite strukturert oppfølging frå helsetenestene.

Det er verkeleg ein ære for meg å få tildelt ph.d-stipend, samt det å få drive vidare arbeidet til Åse Morsund. Eg gleder meg verkeleg til å sette i gong med prosjektet!"

Hans Vangsnes Vingen er overlege i anestesi. Han er knytt til Klinikk Ålesund, og prosjekttittelen hannes er "Peripheral neuromodulation: Using a novel drug carrier system to elongate the effect of local anesthetics in peripheral nerves using ultrasound guided technique in vivo": ​

Overerer

Overlege i anestesi Hans Vangsnes Vingen​

"Ultralydrettleia nerveblokade har ført til eit paradigmeskifte innan anestesifaget ved at fleire operasjonar kan gjennomførast utan narkose, og det gir ein god pre-/postoperativ smertelindring. Til dette brukar vi Lokalanestetika som reversibelt blokkerer overføringa av elektriske impulsar i nervar og musklar ved intracellulær binding til spesifikke reseptorar i natriumkanalane.

Nerveblokade med Lokalanestetika har ein avgrensa varigheit, og det vil i mange tilfelle være gunstig for smertebehandling om effekten varar lengre​​​ enn det som er mogleg i dag. Basert på denne problemstillinga har vi sida februar -21 hatt eit forskingsprosjekt i samarbeid med Farmasøytisk Institutt, UIO med utvikling av ein medikamentberar som i kombinasjon med Lokalanestetika  potensielt kan gi sakte frigjering og depot effekt etter injeksjon og dermed auke varigheita av ein nerveblokade.​

Etter tildelinga av disse forskingsmidlane gir det oss moglegheit til å utvide forskingsprosjektet med eit samarbeid mellom HMR, NTNU og Norges miljø –og biovitenskapelige Universitet (NMBU) for videre utvikling og testing av systemet .

Det er inspirerende at prosjektet har kvalifisert til ph.d-finansiering, og eg ser fram til å ta fatt på oppgåvene i ph.d-programmet ved NTNU som vil være nyttig inn i forskinga. Det er i tillegg gøy at man får til samarbeid på tvers av faggrupper og utdanningsinstitusjonar i dette prosjektet kor tverrfagleg samarbeid er nødvendig."

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet i Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!