Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskingsnyheiter

Donorstamceller kan bli eit viktig gjennombrot for beinregenerering

Ein ny studie publisert i det medisinske tidsskriftet Sage Journals tyder på at stamceller frå ein frisk donor kan byggje nytt bein like godt som pasienten sine eigne stamceller. Oralkirurgane Paul Åsmund Vågen og Lado Lako Loro ved Ålesund sjukehus er førsteforfattarane av artikkelen. Dei seier at resultata gir håp om at framtidas stamcellebehandling kan bli både enklare og meir tilgjengeleg for pasientar med store beindefektar.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 12.11.2026
Et par menn som poserer for et bilde
F.v.: Lado Lako Loro og Paul Åsmund Vågen er optimistiske kring framtidas stamcellebehandling for pasientar med store beindefektar. Foto: Helse Møre og Romsdal.

Artikkelen blei publisert i midten av september. I den kan ein lese at stamceller henta frå pasienten sjølv blir i dag rekna som gullstandarden ved beinregenerering. Metoden krev likevel eit ekstra inngrep for å hente ut celler, og behandlinga kan vere vanskeleg å gjennomføre hos eldre eller personar med kroniske sjukdomar.

– Vi ønska å finne ut om stamceller frå ein frisk donor, såkalla allogene stamceller, kan regenerere like godt som pasientens eigne, kalla autologe stamceller, fortel oralkirurg og ph.d.-stipendiat Paul Åsmund Vågen.

Gjennom eit systematisk litteratursøk identifiserte forskarane 13 studiar som direkte samanlikna dei to celletypane. 12 av studiane var utførte på dyr, medan berre éin studie omfatta menneske.

Omtrent like gode resultat

Vågen forklarar at hovudfunnet var at beindanninga var om lag like god med donorceller som med pasienten sine eigne celler.

– Tala frå ni av studiane blei slått saman i ein metaanalyse. Denne viste ein liten fordel for pasienten sine eigne celler, men skilnaden var ikkje statistisk signifikant. I nokre studiar gav donorceller ein mild og forbigåande immunreaksjon. Ingen av studiane rapporterte avstøyting eller at immunreaksjonen svekte beintilhelinga, sjølv om pasientane eller forsøksdyra fekk gitt immundempande behandling.

Overraska over kor godt donorcellene blei tolererte

Vidare fortel Vågen at eitt av dei mest overraskande funna var kor godt donorcellene blei tolererte av immunforsvaret.

Forskarane fann også at berre éin dyrestudie viste dårlegare resultat med donorceller. Denne studien brukte mus med eit «menneskeleggjort» immunforsvar, noko som kan tyde på at immunologiske forskjellar blir meir synlege når forsøksmodellen liknar meir på menneske.

Eit anna interessant funn var at mykje av det nye beinet i fleire studiar såg ut til å vere danna av mottakaren sine eigne celler.

– Dette styrkjer teorien om at stamcellene først og fremst verkar ved å stimulere kroppen sine eigne reparasjonsmekanismar, snarare enn å byggje nytt bein sjølve, seier Vågen.

Les også: Desse to skal lage kjevebein med bruk av stamceller

Berre éin studie på menneske

Sjølv om resultata er lovande, understrekar forskarane at det vitskaplege grunnlaget framleis er avgrensa.

Den einaste kliniske studien inkluderte 12 pasientar med beinbrot som ikkje grodde som forventa. Seks pasientar fekk eigne stamceller, medan seks fekk donorceller.

Alle dei seks pasientane som fekk eigne celler oppnådde tilheling. I donorgruppa grodde fire av seks brot. Forskarane bak studien vurderte at dei to behandlingane som ikkje lukkast, ikkje skuldast immunreaksjonar. Totalt oppnådde 83 prosent av pasientane beintilheling, og det vart ikkje rapportert alvorlege biverknader.

Likevel er studien for liten til å kunne trekkje sikre konklusjonar om effekt. Forskarane peikar derfor på behovet for større randomiserte kliniske studiar.

Kan vere spesielt nyttig for enkelte pasientgrupper

Dersom framtidige studiar stadfestar resultata, kan donorstamceller bli særleg verdifulle for fleire pasientgrupper. Vågen nemner følgjande:

  • Eldre pasientar, der eigne stamceller ofte har redusert regenerativ kapasitet.
  • Personar med kroniske sjukdomar som diabetes eller osteoporose.
  • Pasientar som ikkje kan gjennomgå stamcelleuttak eller der eit ekstra kirurgisk inngrep inneber risiko.
  • Pasientar med store bendefektar etter traume eller kreftkirurgi.
  • Rekonstruksjonar i kjeve og ansikt, til dømes ved alvorleg tap av kjevebein før tannimplantat.

–  Ein viktig fordel med donorceller er at dei kan produserast, kvalitetssikrast og lagrast på førehand. Dermed kan behandlinga vere klar når pasienten treng henne, utan ventetid for cellehausting og oppdyrking, forklarer Vågen.

Nokre utfordringar står att

Forskarane peikar samstundes på fleire spørsmål som framleis må avklarast.

Mellom anna veit ein lite om langtidssikkerheit, sidan oppfølgingstida i dei fleste studiane var relativt kort. Det er også usikkert korleis gjentekne behandlingar eller høge dosar donorceller påverkar immunforsvaret over tid.

Dokumentasjonen er dessutan framleis avgrensa når det gjeld store, vektberande beindefektar og behandling i sterkt betent vev.

Eit viktig steg vidare

Studien er, så langt forskarane kjenner til, den første systematiske oversikta med metaanalyse som direkte samanliknar donorstamceller og pasienten sine eigne stamceller for beinregenerering.

Resultata er oppmuntrande, men førebelse, i følgje Vågen.

– Det viktigaste neste steget er større kliniske studiar og felles standardar for korleis cellene blir produserte og korleis resultata blir målte, slik at studiane kan samanliknast. Dersom donorceller viser seg å vere like gode, kan stamcellebehandling bli enklare, raskare, billegare og tilgjengeleg for langt fleire pasientar, oppsummerer han.

Studien er eit samarbeid mellom Paul Åsmund Vågen og forskarar ved Universitetet i Bergen og Ålesund sjukehus, med støtte frå Helse Møre og Romsdal, Universitetet i Bergen og Helse Midt-Norge.

Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.