Ei anerkjenning for arbeidet Helse Møre og Romsdal bidreg til
Den marine klynga Blue Legasea er tildelt status som Norwegian Centre of Expertise (NCE)
Publisert 26.11.2018
Sist oppdatert 16.11.2020
![Hanna Fjeldheim Dale og Caroline Jensen.jpg](/4a7eb1/contentassets/27a9662c48af4c0596e343021ce4d914/hanna-fjeldheim-dale-og-caroline-jensen2.jpg?width=2807&height=1871&quality=80&format=webp)
Hanna Fjeldheim Dale og Caroline Jensen forsker på marine råstoff
Helse Møre og Romsdal er ein del av dette samarbeidet som starta i 2014.
-Når ein skal forske på marine råstoffa, er det viktig med gode studiedesign som gjev resultat ein kan stole på før konklusjonar om humane effektar vert tatt. I 2017/18 har vi gjennomført to studiar med friske frivillige studiedeltakarar. I desse dagar vert dei fyrste data publisert i Journal of Nutritional Science, seier forskar og seksjonsoverlege ved Klinisk Forskingspost i HMR Dag Arne Lihaug Hoff. –Publikuminteressa for å delta i studiane har vore stor og ikkje alle fekk plass i denne omgang. No planlegg vi nye studiar første halvår 2019, denne gong med pasientar. Følge med på HMR si facebook side, meir informasjon vil kome her.
Om Blue Legasea klynga:
Etablert for å skape lønsemd for norsk fiskerinæring og samstundes gjere Norge til ein føregangsnasjon innan bærekraftig verdiskaping bastert på 100 prosent utnytting av marine råstoff. For å oppnå dette treng ein samarbeid i heile den marine verdikjeda og i skjeringspunktet marin/maritim næring.