Forskingsnyheiter
Ei ny tilnærming til traumebehandling
Mange pasientar med rusavhengigheit slit òg med traume og vanskelege kjensler. Korleis kan ein hjelpe desse på best mogleg måte? Forskarar har følgt ei gruppe på 74 personar ved Molde behandlingssenter og sett på korleis dei har respondert på ein kombinasjon av to behandlingsmetodar. Resultata er no publisert, og funna er lovande.

Studien er ein del av ph.d.-prosjektet til psykologispesialist Johanna Vigfusdottir og konstituert overlege Edvard Breivik, og blei nyleg publisert i European Journal of Pscyhotraumtaology.
– Målet vårt er å finne ut korleis vi kan kombinere to behandlingsmetodar; Dialektisk åtferdsterapi (DBT) og Narrativ Eksponeringsterapi (NET) for å gi betre hjelp til denne gruppa pasientar, forklarar dei.
– NET er ein traumefokusert eksponeringsterapi, spesielt utvikla for personar som har opplevd mange og alvorlege belastningar over tid. Mange med rusproblem og PTSD har vore gjennom fleire typar traume og lever ofte i ustabile forhold. Difor trur vi at NET kan passe godt for dei.
Ein betre måte å takle vanskelege kjensler på
DBT er ein metode som hjelper folk å handtere sterke kjensler og unngå destruktiv åtferd, som til dømes rusbruk. Den er opphavleg laga for personar med borderline personlegdomsforstyrring, men har også vist seg nyttig for folk med rusproblem og kjenslemessige reguleringsvanskar.
– Ved å kombinere NET og DBT håper vi å kunne hjelpe pasientane både med å omarbeide traumaa sine og lære betre måtar å handtere kjenslene sine på, seier stipendiatane.
Les også: Å bygge eit liv verdt å leve
Metode og analyse
I artikkelen presenterer dei funn frå tverrsnittobservasjon blant 74 vaksne som var innlagde ved Molde Behandlingssenter mellom mai 2021 og mai 2024. Dei blei intervjua om PTSD-symptom og svarte på spørjeskjema om rusproblem, korleis dei handterer kjensler, unngår vanskelege kjensler, og i kor stor grad dei opplever skam og skuld.
Resultata viser at mange av pasientane hadde store utfordringar med å regulere kjenslene sine, alvorlege PTSD-symptom, og mykje skam og skuld. Dei brukte kjenslemessig unngåing i stor grad som ein måte å handtere vanskelege opplevingar på. Det var spesielt tydeleg at skam og kjenslemessig unngåing hang saman med vanskar med kjensleregulering – både relatert til traume og PTSD, men også til vanskelege kjensler generelt.

Nokre hovudfunn
- Mesteparten av pasientane hadde opplevd alvorlege traume og sleit med å regulere sterke kjensler, dei hadde alvorlege PTSD-symptom og opplevde sterk skam og skuld.
- Pasientane hadde ein sterk tendens til å unngå å kjenne på kjenslene sine, noko som gjorde det vanskelegare å handtere dei.
- Det kan vere viktig å jobbe spesielt med skam og kjenslemessig unngåing i rusbehandling for denne populasjonen.
- Å redusere desse utfordringane kan gjere behandlinga meir effektiv og redusere lidinga.
Dei to stipendiatane seier at sjølv om dei visste at mange ville ha det vanskeleg, blei dei overraska over kor mange som hadde opplevd traume og kor omfattande problema var.
– Vi forventa at kjenslemessig unngåing ville vere vanleg, men ikkje i så stor grad som vi fann.
Betyding for rusbehandling
Funna støttar ideen om å prøve ut ein kombinasjon av traumebehandling og ferdigheitstrening i rusbehandling.
– Dette har vi gjort ved Molde Behandlingssenter, og dei første resultata ser lovande ut. Vi jobbar no med å få publisert ein eigen artikkel om dette – så følg med!, avsluttar dei.
Ønsker du å snakke med nokon angåande rus eller problematikk knytt til dette? Du kan komme i kontakt med følgjande instanser:
Rustelefonen på 08588
Rusopplysingen
RUSInfo.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.