Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Endre Grøvik blir ny forskings- og utdanningssjef i Helse Møre og Romsdal

Endre Grøvik har takka ja til jobben som forskings- og utdanningssjef i Helse Møre og Romsdal, og tiltrer i stillinga 1. april. — Eg gler meg veldig, seier han.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 05.03.2026
En mann med briller og nøkkelband
Endre Grøvik ser fram til å byrje i ny stilling i føretaket. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

Fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Erik Ganesh Søegaard, fortel at dei hadde usedvanleg mange gode søkjarar og har hatt ein grundig prosess.  

 Vi er svært glade for at Endre Grøvik har takka ja til stillinga som forskings- og utdanningssjef. Han har imponert oss med ein sjeldan kombinasjon av tung

En mann med briller
Fagdirektør HMR, Erik Ganesh Søegaard. (Foto: Helse Møre og Romsdal)

forskingskompetanse, tydeleg gjennomføringsevne og evne til å bygge samarbeid på tvers av fagmiljø. Grøvik har solid erfaring frå både spesialisthelsetenesta og universitetssektoren, med unik kompetanse innan medisinsk avbilding og kunstig intelligens. Samstundes er han kjend som ein engasjerande og samlande prosjektleiar som skaper retning og framdrift. Dette blir viktig når vi no skal styrke forsking, utdanning og innovasjon i heile føretaket - tett saman med klinikkane, slår Søegaard fast. 

Bakgrunn og erfaring 

Grøvik har ein doktorgrad i fysikk frå Universitetet i Oslo, og har jobba som medisinsk fysikar i helseføretaket sidan 2021. Han er også forskingsgruppeleiar for AIMI – AI in Medical Imaging. Gruppa ser mellom anna på korleis ein kan nytte KI-teknologi ved medisinsk bildebehandling. 

Før han byrja i Helse Møre og Romsdal, jobba han som forskar og medisinsk fysikar ved Oslo universitetssykehus, med erfaring frå Radiumhospitalet, Rikshospitalet og Ullevål sjukehus. Hovudfokuset hans har vore utvikling av MR-metodikk og forsking på MR innan kreftdiagnostikk. 

Etter å ha fullført doktorgraden sin blei Grøvik tilsett som postdoc, og deretter fekk han ein invitasjon til å verte gjesteforskar ved Stanford University. Han reiste bort til USA og jobba der i eitt år. 

Tok steget inn i KI-verda 

 Ideen her var jo at vi skulle vidareutvikle MR-metodikk og etablere eit samarbeid med Stanford. Men då eg kom bort dit så skjønte eg raskt at her jobbar alle saman med kunstig intelligens. Så vi endra planane våre, så eg bestemte meg for å lære meg KI, og korleis denne teknologien kan brukas for å gjere biletdiagnostikken betre, raskare og meir treffsikker 

Saman med ein mentor etablerte Grøvik eit prosjekt som heitte “DeepMets”, kor dei brukte KI-modellar til å finne og markere hjernemetastasar. Dei var blant dei første i verda til å nytte denne KI-metoden på pasientar med hjernekreft, og viste tidleg god presisjon på det. 

 Året i USA var heilt fantastisk, det lærte meg veldig mykje innan KI på eit verdsleiande nivå - kva som er mogleg å få til, og korleis dei klarar å ligge så langt framme heile tida på forsking og utvikling, og korleis ting er integrert i klinikken. 

Gjennom forskarkarriera si har Grøvik heile tida vore oppteken av å jobbe delt mellom klinikk og forsking.  

 Det har vore eit strategisk val, fordi eg meiner at forsking bør gjerast klinikknært. Ein må oppretthalde god kontakt med klinikken for å kunne forstå kva utfordringane er, og tilpasse forskinga si deretter.  

Ein ny start 

Etter 17 år i Oslo bestemte Grøvik og familien sin for å flytte tilbake til Sunnmøre. No bur dei i Sykkylven. Kona Beate fekk først fast jobb før Grøvik blei tilsett som medisinsk fysikar i Helse Møre og Romsdal. 

Det første han gjorde då han byrja i helseføretaket var å søke forskingsmidlar.  

 Eg hadde store visjonar om at vi kunne etablere ei sterk forskingsgruppe innan KI og bildediagnostikk. Eg hadde med meg mange idear og eit stort nettverk av samarbeidspartnarar og data som vi kunne bruke.  

Grøvik har også brukt tid på å bygge opp forskingsgruppa si.  

 Den har vokse gradvis. Eg har tenkt strategisk og har hatt suksess med å få tildelt midlar. Totalt har vi fått midlar til fire ph.d.-prosjekt, samt ei rekke innovasjonsprosjekt. Fokuset har heile tida vore at vi skal ikkje berre forske for å publisere, men generere noko som kjem pasientar og helsepersonell til gode. 

Sterkt kvalifisert kandidat 

Grøvik blir no sjef for den nyoppretta Seksjon for forsking og utdanning, som er ei samanslåing av dei tidlegare seksjonane for forsking og innovasjon, utdanning og kompetanse, og kliniske studiar. Han tek over etter Vibeke Devold Valderhaug, som har vore konstituert forskingssjef dei siste to åra, tidlegare utdanningssjef Guro Berge og tidlegare leiar for Seksjon for kliniske studiar, Dag Arne Lihaug Hoff. Sistnemnte fortset som seksjonsoverlege ved Forskingsposten Ålesund, og Åse Morsund Hagen som seksjonsoverlege ved Forskingsposten Hjelset, medan Valderhaug og Berge held fram som rådgivarar i seksjonen. Dei tidlegare sjefane har vore med i planlegginga av den nye seksjonen, og trur at denne omorganiseringa vil gjere dei enda meir robuste. 

En kvinne som smiler til kameraet
Vibeke Devold Valderhaug har vore konstituert forskingssjef i to år. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

 

Valderhaug seier ho er glad for at seksjonen har fått ein så sterk intern kandidat til stillinga; 

— Eg har hatt gleda av å samarbeide tett med Endre i rolla hans som forskingsgruppeleiar dei siste to åra, og eg er trygg på at han – både fagleg og personleg – er særs godt eigna til å lukkast i rolla, uttalar Valderhaug begeistra. 

Har lagt mange planar  

Grøvik seier at 1. april kan ikkje kome fort nok. - Eg må jo seie at dette her er ei draumestilling for meg. Eg har hatt god tid til å tenke over denne moglegheita, og forsking, utdanning og innovasjon er noko som eg verkeleg har brent for i heile mi karriere. 

Kva slags visjonar har du framover?  

 Vi er allereie eitt av dei mest nyskapande føretaka i helse-Noreg, og det skal vi halde fram med å vere. Eg vil ha særleg fokus på å kople forsking og utdanning tett opp mot klinikkane, slik at vi løyser reelle utfordringar for pasientar og helsepersonell. 

For meg handlar visjonen også om å byggje ein kultur der det er lett å ta gode idear frå klinikken vidare til forsking og utvikling. Vi skal ta vare på dei etablerte og dyktige forskarane som vi har, men også heie fram forskarspirer og nye forskingsinteresserte personar og -miljø. Eg vil jobbe for eit tett og godt samarbeid med universitets- og høgskulesektoren, også tenkjer eg at vi kan bli endå betre på å samarbeide med næringslivet. Møre og Romsdal har eit sterkt og innovativt næringsliv, og eg trur vi kan skape mykje verdi i møtet mellom helse og industri. Det at vi er eit mindre føretak kan vere ei stor styrke. Vi kan vere raske, samordna og få til gode samarbeid på tvers av fagområde. Målet mitt er at Helse Møre og Romsdal skal bli kjend som ein stad der forsking, utdanning og innovasjon blir gjort for pasientane og saman med dei som står i tenesta kvar dag, avsluttar Grøvik. 

  ​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.