Er insomni i svangerskapet ein risikofaktor for utvikling av angst og depresjon?

Rannveig Storaune Osnes disputerer 13.10.2020 for ph.d.-graden med avhandlinga: Mental illness in the perinatal period: Associations between gestational insomnia and perinatal anxiety and depression? Disputasen blir gjennomført digitalt

Publisert 02.10.2020
Sist oppdatert 04.08.2023

Rannveig Storaune Osnes jobbar til dagleg som psykiater ved Ålesund sjukehus
Rannveig Storaune Osnes disputerer 13.10.2020 for ph.d.-graden med avhandlinga: Mental illness in the perinatal period: Associations between gestational insomnia and perinatal anxiety and depression? Disputasen blir gjennomført digitalt.

-Sjølv om svangerskapet og tida etter fødselen, ofte kalla perinatalperioden, er ei fin tid for dei fleste, er det også ei risikoperiode for å utvikle psykisk sjukdom. Det å ha angst eller depresjon i perioden før og etter fødsel, kan få negative følgjer – ikkje berre for kvinna sjølv og tilhøvet til ein partner, men også for mor-barn-tilknytinga og for barnet si helse og utvikling. Dessverre er kvinner med angst eller depresjon i perinatalperioden både underdiagnostiserte og underbehandla, og det er difor viktig å avdekkje risikofaktorar for desse lidingane, seier psykiater ved Ålesund sjukehus Rannveig Storaune Osnes.

Kan gravide få angst og depresjon av insomni?
Ph.d.-kandidaten har gjennomført ein studie ved Ålesund sjukehus og har også brukt data frå ein studie ved Akershus universitetssykehus. I begge studiane vart gravide kvinner rekrutterte til deltaking i samband med rutineultralydundersøkinga i svangerskapsveke 17 og følgt til 8 veker etter fødselen. -Vi ønska primært å undersøkje om insomni (dvs. innsovningsproblem, uroleg nattesøvn, tidleg morgonoppvakning, dårleg søvnkvalitet og redusert dagtidsfunksjon grunna søvnvanskane) i svangerskapet er ein risikofaktor for angst og depresjon i perinatalperioden. I tillegg undersøkte vi førekomsten av angstlidingar og av ulike symptom knytt til søvn gjennom svangerskapet og etter fødselen, forklarar Storaune Osnes.

Meir angstsymptom blant gravide og kvinner som har født
Studiane viste at det å ha symptom på insomni i midtre eller siste del av svangerskapet, har samanheng med å ha samtidig angst i svangerskapet og med å ha angst etter fødselen. Vidare hadde insomni i midtre del av svangerskapet samanheng med å ha samtidig depresjon i svangerskapet, men i mindre grad med depresjon etter fødselen.

Blant dei gravide og kvinnene som hadde født, hadde 10% symptom på ei eller fleire angstlidingar, altså fleire enn hjå kvinner elles i befolkninga. Av desse angstlidingane, var det berre tvangsliding som førekom tydeleg hyppigare etter fødselen enn i svangerskapet. I tillegg hadde kvinner med insomni i midtre del av svangerskapet oftare symptom på tvangsliding etter fødselen enn kvinner med normal søvn. Ei av ti kvinne hadde depresjonssymptom i svangerskapet og etter fødselen.   

Det er viktig at helsepersonell er klar over at gravide kvinner med insomni har auka risiko for å ha angst og depresjon i svangerskapet og for å utvikle angst og tvangssymptom etter fødselen.

Oppslag NTNU.jpg

Oppslag NTNU

​Les meir om korleis du kan følgje disputasen på NTNU sine sider

https://www.ntnu.no/kalender/detaljer/-/event/743713f2-4ee5-38a3-ac1c-e0981de94102