Få med deg Påfyll om kunstig intelligens
Måndag 7. september inviterer vi til ein kveld med store spørsmål, ny teknologi og smarte folk på scena i Parken kulturhus i Ålesund.

Påfyll: Da KI kom ante vi ikkje noko om dette: Smarte folk om revolusjonerande verktøy, datasenter og superkrefter.
Vårt aller første Påfyll i februar 2024 handla om kunstig intelligens og nå meiner vi det er naudsynt med meir. Det populærvitskapelege talkshowet er tilbake måndag 7. september i foajeen på Parken kulturhus i Ålesund. Dørene opnar kl. 18.00 og det startar presis kl. 19.00 frå scena med Stig Arild Pettersen som programleiar.
Du møter:
Endre Grøvik, forskings- og utdanningssjef i Helse Møre og Romsdal og tilknytt Norwegian Open AI-Lab, som viser korleis kunstig intelligens kan bli brukt i helsetenesta – og kva utfordringar teknologien også kan føre med seg. Han er òg medisinsk fysikar, og har nytta KI til medisinsk bildebehandling i fleire år.
Ottar L. Osen frå NTNU i Ålesund, som meiner KI-revolusjonen kan endre samfunnet like mykje som den industrielle revolusjonen, men at den skjer mykje fortare. Han vil gjerne diskutere kva denne utviklinga gjer med arbeidslivet, velferdsstaten, miljøet og kvar og ein av oss.
Marte Fanneløb Giskeødegård frå NTNU i Ålesund, som forskar på korleis ny teknologi blir tatt i bruk på arbeidsplassen. Ho undersøkjer også korleis KI kan bli tatt i bruk i heile den maritime verdikjeda.
Erik Espeset er konsernsjef i Tafjord Kraft, og styreleiar i nettselskapet Linja. Han kjem til Påfyll for å diskutere kvifor verda treng fleire datasenter, kvifor dei byggjast på Sunnmøre, og kva det betyr for oss som bor her.