FORSKINGSNYHEITER

Felles ph.d.- og forskarsamling i Molde

13. til 14. november vart det arrangert felles samling for ph.d.-stipendiatar og forskarar ved Molde Fjordhotell. Meir enn 35 deltakarar samla seg for å få fagleg påfyll og knytte kontaktar på tvers av sin fagdisiplin. Programmet besto av ikkje mindre enn 15 føredragshaldarar, og her får du lese om nokre av dei og kva dei formidla.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 20.11.2024
Sist oppdatert 21.11.2024
Gruppebilde av alle deltakerene
Eit fellesbilete av alle deltakarane på tampen av dag to. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

Konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug byrja programmet med å ønske velkomen og orienterte om siste nytt frå Seksjon for forsking og innovasjon.

Ho trekte fram at samlinga skulle vere fagleg nyttig og oppmoda deltakarane om å bruke den til å skape eit større nettverk på.

– Dette er ei glimrande moglegheit til å få vise kven ein er og kva ein kan, sa ho.

Vidare fortalte Valderhaug litt om kva som kjenneteiknar forskinga i helseføretaket.

Kst. forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug under sin presentasjon

Vi kan vise til ei framifrå utvikling av forskingsaktiviteten dei siste ti åra! Vi har fleire publikasjonar, disputasar og aktive forskarar i føretaket for kvart år. Dette ser vi òg igjen i eit utvida pasienttilbod, kor fleire og fleire kan få moglegheit til å delta i klinsike studiar og utprøvande behandling som ligg heilt i kunnskapsfronten. 

Forskingsstøtte

Så var det tid for Mattijs Elschot, seksjonsleiar for Helsedatasenter i Midt-Norge. Han fortalte om regional forskingsstøtte og utgreia for infrastrukturen i Forskningsavdelingen ved St. Olavs hospital. Han oppmoda stipendiatar og forskarar til å søkje bistand allereie under planlegginga.

Om du som forskar sit med spørsmål angåande dette finn du mykje informasjon på denne sida.

Elschot snakka òg om viktigheita til Helsedatasenteret.

En mann som holder en presentasjon
Mattis Elschot frå Helsedatasenteret. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

 

 – Kor mange av dykk er kjent med senteret frå før? spurte han. – Senteret er ein del av eit større miljø og legg til rette for samarbeid mellom mange aktørar. Her finn du mange kjelder til helsedata. Etter innføringa av Helseplattformen ligg mykje av datasetta fortsatt i dei gamle journalløysingane, og det kan vere litt vanskeleg å navigere i denne kjeldejungelen. Helsedatasenteret gir forskingsstøtte og tilbyr eit analyserom.

Robotstøtte i operasjonssalen

Overlege i ortopedi ved Kristiansund sjukehus, Frank-David Øhrn, snakka om robotassistert kneprotesekirurgi og bakgrunnen for dette.

– Totalprotese er eit av dei mest utførte inngrepa i verda, og sjølv om det er ein operasjon med stor suksess hos dei fleste, er det omtrent 20% av pasientane som ikkje er nøgde av forskjellige årsakar. Og av dei som er nøgde kan ein stor del likevel ha oppnådd betre funksjonsnivå. Dette må vi jobbe med, slo han fast.

En mann som holder en presentasjon
Overlege i ortopedi og forskar Frank-David Øhrn snakka om robotassistert kneprotesekirurgi. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

 

Øhrn leiar prosjektet «The personalKNEETrial». Her skal forskarar samanlikne to typar operasjonar; mekanisk justering som lenge har vore standardmetoden – opp mot personleg tilpassa protese, eller «kinematic alignment». Forskjellen på desse to er at førstnemnte rettar opp kneet beint uavhengig om pasienten er hjulbeint eller kalvbeint før dei fekk artrose.

– Ved sistnemnte har problemet vore at ein med konvensjonelle instrument ikkje har kunne attskape dette nøyaktig nok. Roboten er eit viktig verktøy her, forklarte Øhrn.

Les også: Støtte til prosjekt om robotassistert kneprotesekirurgi

Korleis skape engasjement blant publikum

På tampen av dag ein kom Ben David Normann frå NTNU og haldt eit innlegg om forskingsformidling. Han innleia med følgande spørsmål: «Kvifor er vi her?» Bakgrunnen til dette, kunne han fortelje,  er at mange forskarar har mista motet med å formidle frå scena fordi publikum har gøymt seg bak skjermar eller vore opptatt med mobilen.

– Men å lese publikum er viktig. Vit kven du vender deg til og skap engasjement, var rådet til Normann.

Han oppmoda også forskarar til å melde seg på Forsker Grand Prix for å utfordre seg sjølv og ta steget til populærvitskapeleg formidling. Forsker Grand Prix er ein konkurranse i forskingsformidling der dei to beste frå kvar av landets regionaler finaler møtast i den nasjonale finalen. Normann sjølv vant finalen i 2018.

– Formidling som forskar er eit samfunnsansvar, understreka han.

En mann som presenterer
Ben David Normann har blant anna vonne Forsker Grand Prix i 2018. (Foto: Ann-Kristin Haram Maridal/HMR)

 

Kvifor skal Helse Møre og Romsdal tilby studentoppgåver?

På dag to starta utdanningssjef i HMR, Guro Berge, programmet. Tema for innlegget hennar var kvifor Helse Møre og Romsdal skal tilby studentoppgåver. Ho fortalte publikum at det å tilby relevante prosjektoppgåver er forankra i utviklingsplanen til HMR for 2023-2026.

– Oppgåver bidreg til å kartlegge føretaket sitt behov for kompetanseheving, og sterkare fagmiljø, fortalte Berge.

Har du eit forslag til ei god studentoppgåve? Ler meir her.

En person som står ved siden av et bord
Utdanningssjef i HMR Guro Berge vil gjerne ha forslag til gode studentoppgåver. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal)

 

Behandling av pasientar med traumar

Psykologispesialist Johanna Vigfustdottir og konstituert overlege Edvard  presenterte ph.d.-prosjektet som dei skriv saman. Dei to har jobba med pasientar ved Molde behandlingssenter.

– Prosjektet vårt handlar om å tilby evidensbasert psykologisk behandling av underliggande årsakar til avhengigheit. Vi ser ofte at ein tungt rusavhengig pasient har veldig mykje PTSD, og vanskar med å styre følelsane sine. Sjølv om pasienten klarer å slutte med rus, så vil han eller ho fortsatt slite med dei underliggjande psykologiske plagene. Så det vi vil gjere er å behandle dei plagene slik at det aukar sjansane for at pasienten held seg rusfri, fortalte dei.

I prosjektet sitt nyttar dei ein metode som er særs egna for å hjelpe traumatiserte rusavhengige. I korte trekk går det ut på å eksponere pasientane for det som har vondt i livet samstundes som behandlarane aukar ferdigheitene til pasientane til å takle følelsane sine.

To personer som holder en presentasjon
Ph.d.-stipendiatane Johanna Vigfusdottir og Edvard Breivik snakka om behandling av traumatiserte ruspasientar. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

 

Les også: Å bygge eit liv verdt å leve

Å halde faget høgt

Psykologispesialist Kristian August Tjelle var ein av deltakarane som hadde sett fram til samlinga. Han har vore på tidlegare arrangement før, og påpeiker kor viktig det er å ha ein arena der ph.d.-stipendiatar og forskarar kan oppdatere kvarandre på arbeidet sitt.

En mann som smiler til kameraet
Psykologispesialist og ph.d.-stipendiat Kristian August Tjelle.

– Når ein jobbar både klinisk og med forsking så tar klinikk en og det pasientretta arbeidet naturleg nok stor plass i arbeidskvardagen, og ein må vere disiplinert for å prioritere forsking på dei dagane som tillèt det. For det er jo ikkje slik at det får umiddelbare konsekvensar her og no om ein prioritetar ein pasient framføre forskingsretta arbeid. Det slike samlingar lærer oss er å halde faget høgt, og sjå viktigheita av å investere tida si i forskinga, seier Tjelle.

Dette støttes av forskingssjefen.

– Den årlege ph.d.- og forskarsamlinga er eit veldig viktig arrangement for oss – både fagleg og sosialt. Samla utgjer stipendiatane og forskarane i HMR rundt 2% av dei tilsette i føretaket. Til vanleg sit dei spreidd over fire sjukehus, alle på sine respektive avdelingar, og dei fleste med sine hovudkontaktar i eksterne forskingsgrupper. Samlinga er eit viktig tiltak for å bygge forskingskultur, fagleg samarbeid, samhald og nettverk internt i HMR. Samstundes er det ein viktig arena for fagleg oppdatering, diskusjon og deling av informasjon som påverkar kvardagen til forskarane. Vi takkar årets deltakarar for engasjementet og gler oss allereie til neste samling, seier Valderhaug.

Samlinga var i regi av Seksjon for forsking og innovasjon, Helse Møre og Romsdal.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.