Forskingsnyheiter
Fire søknadar frå Helse Møre og Romsdal fekk tildelt regionale forskingsmidlar for 2026
Samarbeidsorganet vedtok tildeling av regionale forskingsmidlar frå Helse Midt-Norge RHF til medisinske og helsefaglege prosjekt den 5. desember 2025. Prosjekta skal starte opp i 2026. 275 søknadar blei vurdert i år, opp mot 219 året før. St. Olavs auka sin søknadsmengde frå fjoråret med 12%, mens vi i HMR auka med heile 200%.

Konkurransen spissar seg årleg mellom anna grunna ei auka i det totale antalet søknadar innan desse kategoriane, men i år vart nålauget historisk trongt – 275 søknadar vart vurdert i år, opp mot 219 året før. Total tildelingsprosent er på 15% i år, mot 25-30% dei tidlegare åra.
Kostnadsramma var på 45 millionar kroner, og 41 søknadar vart innvilga. Desse fordeler seg slik: 18 doktorgradsstipend, ni postdoktorstipend, fem forskarstipend og ni søknader om prosjektmidlar. Du kan sjå fullstendig liste her.
Mange av dei innkomne søknadene oppnådde høg skår frå vurderingskomiteane, så konkurransen om å få tildelt forskingsmidlar er hard.
Betraktningar frå forskingssjef

Kst. forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug trekk fram at Helse Møre og Romsdal hadde eit rekordtal søknadar til vurdering i år - heile 24 søknadar fordelt over alle aktuelle klinikkar. – Det er ei kjempemobilisering samanlikna med tidlegare år, med ei 200% (frå 8 til 24 søknadar til vurdering) auke i talet på søknadar og ei knusing av den tidlegare rekorden på 10 søknadar (2024). Enda viktigare er det at 17 av desse blei rangert som støtteverdige av Samarbeidsorganet – det vitnar om god kvalitet og ekstern konkurranseevne. Til samanlikning så betyr St.Olavs si auke med 12% ei endring frå 191 til 214 søkandar. Eg ønsker å rose også dei som ikkje nådde opp i årets konkurranse, og håper de finn ein utfordring i motstanden som motiverer til å betre eigne søknadar og til å halde fram jakta på forskingsmidlar frå andre tilgjengelege kjelder. Vi ser ei stadig positiv utvikling når det gjeld talet på tilsette med formell forskarkompetanse, vitskapeleg produksjon og talet på kliniske studiar som er ein del av vårt pasienttilbod – og eg trur at det er denne 15 år lange oppbygginga av intern forskingsaktivitet som ligg bak dette momentet, seier Valderhaug.
Ho legg til at dei i forskingsstøtta har òg tatt fleire aktive grep som dei trur kan ha bidrege positivt til mobiliseringa og til å auke den eksterne konkurranseevna.
- Vi har mellom anna holdt søkjarseminar, hatt tydlege forventingar til dei som har interne forskarstillingar, gitt grundige skriftlege tilbakemeldingar på utkast frå ekspertpanel og rettleia i bruk av regionale forskingsstøtteressursar. Dette skal vi halde fram med, og vi gler oss over å få vere med på å støtte opp under forskingsutviklinga i føretaket.
Sist men ikkje minst vil vi gratulere dei fire som nådde opp i årets harde konkurranse og vi ser fram til å følgje prosjekta framover!
Følgjande søknadar frå HMR er tildelt doktorgradsstipend
Endre Grøvik – Klinikk for diagnostikk, Ålesund. “ZeroDoseMRI - Cancer Diagnostics with Synthetic Contrast Enhancement”.

Grøvik fortel at ZeroDoseMRI handlar om eit ganske spennande «kva om»-spørsmål: Mange MR-undersøkingar er avhengige av kontrastmiddel for å synleggjere sjukdom godt nok, særleg i kreftdiagnostikk. Samstundes gir kontrastmiddel ekstra belastning og logistikk for pasienten, auka kostnader, og kan vere utfordrande for enkelte pasientgrupper, i tillegg til at det finst miljømessige og tryggleiksmessige omsyn.
– I prosjektet skal vi utvikle og teste generative KI-modellar som kan lage syntetiske kontrastforsterka MR-bilete basert på vanlege ikkje-kontrastsekvensar (som T1, FLAIR og diffusjon). Litt forenkla kan ein seie at vi prøver å lære modellen å omsetje informasjonen som finst i ikkje-kontrastbileta til eit bildeuttrykk som liknar det radiologane normalt ser etter kontrast, men utan at pasienten må få kontrastmiddel injisert i kroppen, seier Grøvik.
Han legg til at tildelinga betyr at dei får høve til å gjennomføre eit fullverdig ph.d.-prosjekt med høg fagleg ambisjon og solid klinisk forankring.
– Eg vil gjerne understreke at dette er eit lokalt forankra samarbeidsprosjekt med NTNU i Ålesund, og at ei styrke ved prosjektet er nettopp kombinasjonen av klinisk problemforståing og metodisk KI-kompetanse. Så dette kan bli eit skikkeleg løft for forskingssamarbeidet i regionen vår.
Hilde Hellebust Haaland – Klinikk Ålesund sjukehus. “PLNty - Phospholamban cardiomyopathy in Mid-Norway - risk model validation, and impact of exercise and pregnancies on outcomes”.

– Phospholamban (PLN) er eit protein som er viktig for funksjonen til hjartecellene, og mutasjon i PLN-genet kan gi føre til alvorleg hjartesjukdom, med hjartesvikt og rymeforstyrringar, fortel Haaland. – Den vanlegaste mutasjonen kjem opphaveleg frå Nederland, og er spesielt utbreidd i fylket. Omtrent 130 personar er registrert med denne mutasjonen i Helse Møre og Romsdal.
Behandlinga inneber hjartesviktmedisin, implanterbar hjartestartar (ICD) og i nokre tilfelle hjartetransplantasjon.
Prosjektet skal sjå på om ein nederlandsk «risikokalkulator» er gyldig også for norske pasientar, og om det er mogleg å forbetre modellen. Denne modellen gir ein indikator når det er riktig å tilby implantasjon av ICD. I tillegg skal dei involverte i prosjektet kartlegge om fysisk aktivitet påverkar sjukdomsprogresjon og risiko for tidleg hjartedød, samt om svangerskap har innverknad på prognose.
– Det betyr svært mykje for meg å få denne tildelinga, seier Haaland. – Eg har arbeidd med den aktuelle pasientgruppa I svært mange år, og ser fram til å fordjupe meg I problemstillingane og forhåpentlegvis bidra til å samle inn kunnskap som kan kome pasientane til gode.
Følgjande søknad frå HMR er tildelt postdoktorstipend
Jørn Ståle Aaen – Klinikk Ålesund sjukehus. “MRI findings and outcome in patients with Lumbar Spinal Stenosis (LSS). A long-term follow-up of the NORDSTEN cohort”.

– Tildelinga gir meg og NORDSTEN-miljøet høve til å halde fram med arbeidet med å optimalisere behandlinga for spinal stenose (trang ryggmargskanal), uttalar Aaen.
Spinal stenose er den vanlegaste årsaka til ryggoperasjon hos den vaksne befolkninga, med om lag 5500 operasjonar per år i Noreg.
Aaen fortel at dei har allereie publisert over 50 vitskapelege artiklar, og med det gitt klinikarar og pasientar eit kunnskapsgrunnlag for betre behandling, betre utval til behandling og mindre ressursbruk per pasient.
– Støtta til vidare forsking på dette feltet vil forsterke denne innsatsen. Sentralt i NORDSTEN-studien står prinsippet om brukarmedverknad. Vi har ikkje berre representantar frå Ryggforeininga med som kontrollørar, men òg som aktive medlemmar i den vitskaplege innsatsen. Dette er ei styrke for legitimiteten til studien vår og eit openbert suksesskriterium for brei implementering av funna våre, seier Aaen.
Følgjande søknad frå HMR er tildelt prosjektmidlar
Dag Arne Lihaug Hoff – Klinikk Ålesund sjukehus. “FIT for surveillance after polypectomy”.

Hoff seier at tildelinga gir dei høve til å resurssette prosjektet med personell slik at dei klarer å gjennomføre studien med høg kvalitet, innanfor tidsrammene og komme opp med ein strategi- og handlingsplan for denne pasientgruppa basert på data som studien hentar inn.
– Dette er ein svært klinikk- og pasientnær studie som kan gje viktige svar, men det vil ta tid før vi har svara, påpeiker Hoff.
Prosjektet skal sjå om ein avføringstest, kjent som fekal immunokjemisk test (FIT), kan vere eit trygt og mindre inngripande alternativ til koloskopi for oppfølging etter fjerning av avanserte polyppar i tarm og endetarm.
– Kolorektal kreft er ei leiande årsak til kreftrelatert sjukdom og dødsfall verda over, fortel Hoff.
– Dei fleste krefttilfella utviklar seg frå godarta polyppar over fleire år. Pasientar som har fått fjerna høgrisikopolyppar har auka risiko for å utvikle nye lesjonar, og blir derfor tilrådde kontrollkoloskopi. Kontrollkoloskopi utgjer 20-25% av prosedyrane i vestlege land, men over 85% av desse viser ingen funn som krev tiltak.
FIT oppdagar blod i avføring og blir mykje brukt i screening av kolorektal kreft. FIT er rimeleg, kan gjerast heime og kan sendast i posten.
– Vi har ein hypotese om at FIT-kontroll ikkje er dårlegare enn koloskopikontroll når det gjeld samla førekomst av kororektal kreft 12 år etter fjerning av avanserte adenomar, seier Hoff.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.