Forskingsnyheiter
Forskar på risiko for brot etter hofteprotesekirurgi
Ortoped Marcus Osdal ved Volda sjukehus vart mottakar av Charnley-stipendet for 2025 for forskinga si innan hoftekirurgi. Tildelinga skjedde under Norsk ortopedisk forening sitt haustmøte i oktober, og gjekk til eit forskingsprosjekt som studerer brot rundt lårbeinsproteser i ein biomekanisk modell.

Prosjektet starta i Bergen våren 2024 som eit samarbeid mellom ortopedar ved Haukeland universitetssjukehus og forskarar ved biomateriallabben til Universitetet i Bergen. Initiativtakar og førsteforfattar er Marcus Osdal, som no er tilbake som ortoped ved Volda sjukehus.
Brot rundt lårbeinsproteser er ein sjeldan, men alvorleg komplikasjon etter hofteprotesekirurgi. Registerdata viser at det blir stadig fleire tilfelle der ein må operere på nytt fordi pasienten har fått denne komplikasjonen. Samstundes trur forskarar at det eigentlege talet på slike brot er høgare enn det som blir rapportert inn.
To ulike protesedesign
Osdal fortel at sementerte lårbeinsproteser blir delte i to kategoriar. Den første er anatomiske eller rette stammar med ru overflate (composite beam) og den andre har kileforma stammar med glatt overflate (taper slip).
Charnley-protesen bygde på det førstnemnde prinsippet, men denne er ikkje lenger i klinisk bruk.
– Vi studerer difor ein lårbeinsprotese som bygger på same prinsipp mot ein av dei andre og mest brukte protesene i Norge i dag. Når vi ser på risiko for brot i ein biomekanisk modell med syntetisk lårbein, viser førebelse resultat at det faktisk er skilnad mellom protesene.
Stipendet var på 100 000 kroner, og kjem godt med til det vidare arbeidet.
– Målet er å få publisert artikkel i eit anerkjent tidsskrift, sier Osdal.