Forsking frå Ålesund presentert på internasjonal konferanse i Frankrike
Firetilsette frå barneavdelinga ved Ålesund sjukehus deltok nyleg på CEPAS-konferansen (Congress of the European Paediatric Academic Societies) i Lyon. Stipendiat Hans Kristian Ipsen presenterte funn frå MoT-prosjektet.

Deltakarane var stipendiat Hans Kristian Ipsen, hovudrettleiaren hans Beate Horsberg Eriksen og LIS-legane Mathis Philipp og Ragnhild Kjekshus, som alle er involverte i MoT-prosjektet.
Under konferansen presenterte Ipsen førebelse funn frå prosjektet både gjennom eit munnleg innlegg og ein vitskapleg poster. MoT-prosjektet undersøker barn under to år med nedre luftvegsinfeksjonar, og ser på om lungeultralyd og pustemålingar kan bidra til betre behandling og oppfølging av pasientane.
Konferansen gav verdifull fagleg påfyll og høve til å knyte kontaktar i internasjonale forskingsmiljø. Ei stor gruppe frå NTNU, som dei tilsette samarbeider med deltok, òg på konferansen, noko som gav gode moglegheiter for idéutveksling og planlegging av vidare utvikling av studien.
For LIS-legane Philipp og Kjekshus var konferansen den første erfaringa med ein internasjonal forskingskonferanse og arbeid i forskingsnettverk.
Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.