Forskingsnyheiter

Forskingsdagane 2024

Helse Møre og Romsdal er stolt bidragsytar til årets forskingsdagar. Du finn oss på stand på to arrangement neste veke.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 17.09.2024
Tekst

Forskingsdagane er ein landsdekkjande festival som blir markert med mange fine arrangement. Årets tema er noko som engasjerer alle, nemleg helse. Fleire av FN sine berekraftsmål handlar om nettopp helse.

I Ålesund blir Forskingsdagane gjennomført i eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal, NTNU i Ålesund og Atlanterhavsparken Vitensenter.

Vi gjentek suksessen frå i fjor, og stiller på stand på Researchers' Night på Atlanterhavsparken.

Følgjande forskarar skal engasjere elevar frå vidaregåande skular fredag 27. september:

  • Øystein Bjelland frå Ålesund Biomechanics Lab om simulering i ortopedien
  • Katarina Mølsæter om korleis råstoff frå fisk kan brukast til å lage tilskot med helsebringande effekt
  • Sam Narimani om bruk av kunstig intelligens i helsetenesta
  • Alexander Skar og Solveig Fadnes om korleis ultralyd kan brukast utanfor sjukehuset, for eksempel i ein ambulanse.

Også i Kristiansund stiller vi opp. Psykologispesialist Kristen Hagen og leiar for forskingsgruppa for angst og tvangsliding skal stå på stand laurdag 28. september i anledning Forskingsdagane 2024 på Nordmøre. Han skal blant anna fortelje om 4-dagars behandlinga som har hjelpt mange med å bli kvitt tvangslidinga si.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.