Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter, Regional forskingskonferanse 2026

Frå helsedata til framtidas helsetenester - oppsummering frå den regionale forskingskonferansen

Helse Møre og Romsdal var vertskap då Helse Midt-Norges regionale forskingskonferanse 2026 blei arrangert 11.-12. mars på Scandic Seilet i Molde. Konferansen baud på eit tettpakka program med høgaktuelle nasjonale føredragshaldarar, og løfta fram korleis forskingsresultat, helsedata og kunstig intelligens kan bidra til å utvikle framtidas helsetenester.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 23.03.2026
En kvinne står på en scene
Kst. forskings- og utdanningssjef Vibeke Devold Valderhaug opna konferansen.

Konferansen samla godt over 200 forskingsinteresserte deltakarar, og kunne by på føredrag, 40 posterpresentasjonar og eit forskingstorg med heile 17 utstillarar. 

Dokumentert effekt og global spreiing 

Første temabolk hadde tittelen “Frå forsking til klinisk praksis” og vart leia av forskingsgruppeleiar, psykologspesialist og professor ved NTNU, Kristen Hagen. Han presenterte den anerkjende 4-dagars behandlinga for OCD og alvorlege angstlidingar (B4DT). Metoden byggjer på intensiv eksponeringsbasert terapi gjennom fire samanhengande dagar, og forsking frå både NTNU, Helse Møre og Romsdal og Helse Førde viser at behandlinga gir gode og varige resultat. Den har også blitt tatt i bruk i andre land med stor suksess. 

– Trass i at vi har kjent til evidensbasert behandling i fleire tiår har den største utfordringa ofte vore implementering, sa Hagen. Han la til at med B4DT så har dei prøvd å endre dette ved å organisere behandlinga på ein annan måte - gjere den kortare og meir intensiv - som har ført til ein implementeringslogikk som gjer den lettare å standardisere, lære bort, rettleie og monitorere.  

– Vi har lukkast med den sterke koplinga mellom klinikk, implementering og forsking, oppsummerte Hagen. 

En person som står på en sceneForskingsgruppeleiar, psykologspesialist og professor Kristen Hagen haldt innlegg om 4-dagars behandlinga for OCD og angstlidingar.

Kan korrigering av redusert syn og høyrsel førebygge demens? 

Nestemann på scena var overlege i geriatri ved Helse Nord-Trøndelag, Christian Myrstad. Han kom med ein alarmerande statistikk når det gjeld den globale demensutfordringa: Talet på personar med demens er forventa å auke frå 57 millionar i 2019 til 153 millionar innan 2050. Men kor mykje av utviklinga kan førebyggjast? 

Ifølge Myrstad viser forsking at nær halvparten av førekomsten av demens kunne vore unngått dersom ein klarte å fjerne dei modifiserbare risikofaktorane. Redusert syn og høyrsel er to av dei. 

– Så, kva kan vi gjere? spurte Myrstad. – For mange med nedsett høyrsel er høyreapparat eit viktig tiltak. Kort oppsummert ser vi også effekt av cochleaimplantat. Også kataraktkirurgi skårar gjennomgåande høgt og har positiv effekt. På andre former for synskorrigering er det noko meir usikkert. Men å ta tak i både høyrsel og syn saman kan gi forbetra beskyttelse mot kognitiv svikt. Tidlege og pågåande intervensjonar gir den mest effektive beskyttelsen. 

En person som står på en sceneOverlege i geriatri ved HNT, Christian Myrstad, snakka om risikofaktorar for å utvikle kognitiv svikt.

Kronobiologisk belysning – ein lysbrytar til betre behandling? 

Neste føredragshaldar i temabolken var psykologspesialist og forskar ved St. Olavs hospital, Håvard Kallestad. Han fekk Helse Midt-Norges forskingspris for 2024 for sitt prosjekt som viser at å endre lysmiljøet i sjukehusavdelingar på kveldstid har gunstige fysiologiske effektar på søvn, døgnrytme og uro. 

Studien, som han presenterte på konferansen, viser at opphald i sjukehusmiljø som blokkerer det blå lyset, gir betre behandlingseffekt for pasientar som er innlagt, utover standard behandling.   

En mann som står ved en talerstol
Psykologspesialist og forskar ved St. Olavs hospital, Håvard Kallestad, la fram eit prosjekt som ser på regulering av lysmiljø ved sjukehusavdelingar.

Pris for forsking på premature born 

Så var det tid for utdeling av Helse Midt-Norges forskingspris for 2025 frå Regionalt brukerutvalg (RBU). Det var intensivsjukepleiar ved St. Olavs, og førsteamanuensis ved NTNU, Laila Kristoffersen, som vann. Prosjektet hennar har tittelen “Hudkontakt mellom mor og svært premature barn rett etter fødselen – er det trygt og gjennomførbart, og har det effekt på kort og lang sikt?”  Der har ho forska på den så-kalla “kengurumetoden” og sett på korleis umiddelbar hud‑mot‑hud‑kontakt kan påverke både barnet og foreldra dei første timane etter fødselen. 

En mann og en kvinne på en scene
Vinnar av forskingsprisen Laila Kristoffersen og Svein Rune Johannesen frå RBU.

Framtidas helsedata i forsking og klinikk 

Temabolk to hadde tittelen “Effektiv bruk av helsedata i forsking”. Den vart leia av forskar og forskingsgruppeleiar, Tommy Frøseth Aae. 

Første føredragshaldar her var Christine Bergland, direktør for Område for helsedata og digitalisering, FHI. 

Ho presenterte utviklinga av dei nasjonale helseregistra, og dei moglegheitene som opnar seg når desse blir samla i éin organisasjon. 

En kvinne som står på en scene
Christine Bergland frå FHI snakka om framtidas helsedata i forsking og klinikk.

FHI har no lagt om strategien for heile registreringsfeltet. Målet er ikkje berre å samle inn data, men å sikre at dei faktisk blir brukte. – Mange aktørar, som legemiddelindustrien, ønsker store datamengder dei ikkje kan få utlevert. No kan dei i staden bestille analyser, altså skreddarsydd statistikk, utan at identifiserbare data forlèt FHI, forklara Bergland. 

Ei “gullgruve” for forskarar 

Marianne Lægran ved Seksjon for kvalitetsregistre ved St. Olavs hospital presenterte korleis norske helseregister fungerer som ein av dei viktigaste ressursane for klinisk forsking. 

– Registerdata er ei gullgruve for forskarar, og helsedata.no er vegen inn, slo Lægran fast. – Her finn du data som omfattar heile befolkninga, data som har høg kvalitet og nøyaktigheit, og data som kan koplast mellom ulike kjelder. 

En kvinne som står ved en talerstol
Marianne Lægran frå Seksjon for kvalitetsregistre ved St. Olavs. Ho haldt eit innlegg om bruk av kvalitetsregister i klinisk praksis.

Effektiv bruk av helsedata i pandemiforsking 

Forskar og infeksjonsmedisinar ved OUS, Arne Søraas, er prosjektleiar for Den norske koronastudien, som vart etablert i byrjinga av covid-utbuddet i mars 2020. Han la ut om kor kritisk helsedata kan vere når ein står midt i ei global krise. 

–  Då pandemien råka Noreg stod forskingsmiljøa utan etablerte system for rask kunnskapsinnhenting om ein heilt ny sjukdom, fortalte Søraas. 

En mann som står på en scene

Teamet hans nytta elektroniske spørjeskjema og digital signering som gjorde det mogleg å rekruttere deltakarar i rekordfart. Alt frå PCR-testresultat til MSIS-data  og andre registerdata vart kopla saman med sjølvrapporterte symptom og åtferd. Dette ga eit unikt datagrunnlag for forsking. Søraas peika på behovet for betre førebuing før neste krise: klare planar, god datatilgang og forhandsgodkjende søknadar slik at vitskap kan bli beredskap. 

Panelsamtale: Frå data til klinisk handling 

I enden av temabolken var det tid for konferansens første panelsamtale. Bergland kunne ikkje delta her, men Håvard Skjellegrind - som presenterte resultat frå HUNT (Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag) Covid i posterutstillinga – tok hennar plass i panelet. 

I samtalen, som vart leia av Aae, vart det sett søkelys på tilgang til og bruk av helsedata. 

En gruppe mennesker som sitter i stoler
F.v.: Arne Søraas, Håvard Skjellegrind, Marianne Lægran og Tommy Frøseth Aae under panelsamtalen.

Skjellegrind fortalde at HUNT stod midt i avslutninga av HUNT4 då pandemien kom. Det resulterte i ei ekstra innsamlingsrunde som no gir forskarar tilgang til ein verdifull ressurs: – Vi har data frå før nesten nokon var smitta, til etter at om lag alle hadde hatt covid éin eller fleire gonger. Det gjer oss til ei gullgruve for alle som vil forske på covid i den generelle befolkninga, sa han. 

Skjellegrind understreka at HUNT har bygd opp ei effektiv dataforvalting slik at forskinga ikkje er avhengig av amerikansk infrastruktur. 

På spørsmål om HUNT samlar inn meir data enn dei faktisk får brukt, svarte Skjellegrind at det er heilt nødvendig: – Behov kjem i etterkant. Skal vi kunne forske på helsetilstanden over tiår, må vi samle breitt og stabilt. 

Bør helsedata vere gratis for forskarar? 

Aae kom med enda eit spørsmål frå salen; – Tilgangen til helsedata er overraskande kostbar, og blir dermed eit hinder for forskarar som ønskjer å arbeide meir med dette. Bør det vere gratis å hente ut data når studien er godkjend av REK? 

– Eg meiner ein bør tenkje litt over kven forskaren er, for det er veldig stor forskjell på om det er eit firma med mykje pengar eller ei større forskingsgruppe, samanlikna med enkeltforskarar som har gode idear, men lite ressursar. For dei burde det vere gratis, sa Søraas. 

Frå molekylær innsikt til målretta kreftbehandling 

Dag to starta med eit innlegg frå Eli Sihn Samdal Steinskog, overlege i onkologi ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. 

I innlegget sitt presenterte Steinskog to viktige studiar. Den første var IMPRESS-Norway, som er ein nasjonal studie som starta i april 2021. Den inkluderer pasientar som har langtkomen, ikkje-kurerbar kreft, og som har nådd enden av etablert behandlingstilbod. Pasientar kan bli inkluderte ved alle norske kreftsenter, i Møre og Romsdal skjer dette ved kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus. 

Den andre studien Steinskog la fram, var NorCUP, ein studie som dei håpar å inkludere den første pasienten i før påske. Denne studien rettar seg mot pasientar som får påvist metastasar utan funn av primærtumor (CUP – cancer of unknown primary). 

En person som står ved en talerstol
Overlege i onkologi ved SNR Eli Sihn Samdal Steinskog under presentasjonen av NorCUP-studien.

  Pasientane kjem til sjukehusa med spreiing utan kjent utgangspunkt. Dette utgjer om lag 1–2 prosent av all ny kreft i Noreg. Kreftregisteret anslår rundt 370 tilfelle årleg – altså om lag éin pasient per dag, forklarte Steinskog. 

I denne studien blir det tatt blodprøver og analyser av svulstvev i håp om å finne ei tilpassa behandling og betre prognosane til dei som har kreft med ukjent utgangspunkt. Studien opnar også for eksperimentell behandling viss det er grunnlag for det. 

Abstraktpresentasjonar 

I neste bolk var det tid for presentasjon av to utvalde abstrakt. Disse var “Proteinmarkørar assosiert med risiko for hjarteinfarkt hos kvinner: HUNT-studien" ved Virginia De Martin Topranin, NTNU, og “Objectively Measured Cardiorespiratory Fitness as a Potential Biomarker for Alzheimer’s Disease Risk in Older Adults: Evidence from the Generation 100 Study” ved Daniel Estil Brissach, NTNU og St. Olavs Hospital. 

Utdeling av pris for beste poster 

Statistikar Tor Åge Myklebust frå Seksjon for forsking og utdanning hadde æra av å dele ut pris for beste poster. Den gjekk til ph.d.-stipendiat i Helse Møre og Romsdal. Tayyaba Arshad, for hennar arbeid med korleis ein best kan generere realistiske 3D-MR-bilete på tvers av ulike datasett og skannarar. Posteren hennar hadde tittelen: “Scaling 3D MRI Generation With a ViT-UNETR Backbone: Trade-offs Between VAE and AE Models”. 

En dame som står ved siden av en plakat
Tayyaba Arshad ved sidan av posteren sin som vann pris.

 

Kunstig intelligens som en del av ei berekraftig utvikling av helsetenesta 

Temabolk tre såg nærare på bruk av kunstig intelligens i helsesektoren, og starta med ei innleiing av medisinsk fysikar, forskingsgruppeleiar og påtroppande forskings- og utdanningssjef Endre Grøvik. – For at kunstig intelligens skal gi verdi, må vi stille dei store og viktige spørsmåla, stadfesta han.   

Først ute var førsteamanuensis i kunstig intelligens ved Universitetet i Agder, lege, forfattar og gründer Ishita Barua.   

Ho peika på ei viktig utfordring: store delar av helsedata blir samla inn av kommersielle aktørar, medan lovverket heng etter. Dette gjer at mange ikkje får kvalitetssikra helseråd. 

En person som står på en sceneLege, forfattar og gründer Ishita Barua snakka om å bygge berekraftige helsetenester med KI.

Barua viste også til at fleire no søker helseinformasjon direkte i språkmodellar som ChatGPT, i staden for å sjekke fleire kjelder. Det kan gi svar basert på innhald laga av influensarar, ikkje fagpersonar. 

Barua åtvara òg mot kompetansetap når KI blir brukt ukritisk. Ein studie ho viste til, fann at legar gjorde det dårlegare når KI-hjelpa blei tatt bort enn før dei starta med KI. 

Vil løfte helseinnovasjon i Noreg 

Medisinstudent og gründer i Hugin Medical, Hanne Vonen, fortsette om KI, men dreia temaet inn på innovasjon og etisk bruk. 

– Helse Midt-Norge brukte 16 millionar kroner på ulike innovasjonsprosjekt i fjor, noko som er veldig bra, påpeika Vonen. –  Men ei av avgrensingane, frå mitt perspektiv, er at desse midlane ikkje legg til rette for samarbeid  med eksterne aktørar, og i vertfall ikkje med startupar. Eg trur at dersom det offentlege ikkje kjem meir på banen når det gjeld fokus på god helseinnovasjon, så går vi ei mørk framtid i møte. Dette gjeld særleg helseteknologi som i stor grad blir overlaten til det private, åtvara ho. 

En kvinne som står på en scene
Medisinstudent og gründer Hanne Vonen løfta fram behovet for investering i innovasjon i helsesektoren.

Avgjerdsstøtte ved utgreiing av lungekreft 

Konferansens siste føredragshaldar var lungelege og førsteamanuensis ved NTNU, Hanne Sorger. Ho snakka om korleis KI kan gi avgjerdsstøtte i utgreiing av lungekreft, særleg ved bruk av ultralydbronkoskopi. 

Sorger presenterte RACE-prosjektet, der målet er å lage ei KI-løysing for rask analyse av celleprøver. 

En kvinne som presenterer på en scene

KI-ekspertane om kva vi må forstå no 

På tampen av konferansen var det duka for panelsamtale nummer to, denne gongen med eit kvinnesterkt panel med ein av tungvektarane innan KI-domenet i Noreg, forfattar og førsteamanuensis ved NTNU, Inga Strümke. Saman med Vonen, Sorger og Barua diskuterte ho aktuelle tematikkar om korleis KI kan forme framtidas helsetenester. Samtalen blei leia av Grøvik, som uttala at denne sesjonen var noko han hadde gleda seg lenge til. 

– Poenget er mennesket, ikkje tekst 

Grøvik byrja med eit ope spørsmål til Strümke; – Kva meiner du at vi – både samfunnet og fagmiljøet i helsesektoren – bør forstå om kunstig intelligens akkurat no? Og særleg: Kva er dei store moglegheitene, og kva er dei største utfordringane? 

Strümke svara med eit spark til dagens debatt kring KI, at det alt for ofte blir synonymt med språkmodellar. Dette er ei misforståing, stadfesta ho, særleg i helsesektoren kor målet ikkje er tekstproduksjon, men betre pasientbehandling. 

 – Det irriterer meg at det var ChatGPT som gjorde at kunstig intelligens kom på alle sine lepper. Kunstig intelligens er langt meir enn chatbotar. I klinikken er “produktet” menneskenært arbeid, ikkje tekst. Viss vi gløymer dette, bommer vi totalt på hensikta med teknologien, slo ho fast. 

En gruppe mennesker som sitter i stoler
F.v.: Hanne Sorger, Hanne Vonen, Ishita Barua, Inga Strümke og Endre Grøvik.

 

Samstundes rosa Strümke helsesektoren for å starte i riktig ende der ein tek utgangspunkt i eit klinisk problem, vurderer om data finst og så utviklar modellane. 

Ho åtvara òg mot å bli for avhengige av amerikanske løysingar og peikte på behovet for deling av data og utvikling av eigne modellar. 

Barua støtta dette og meinte at manglande datadeling og lite risikokapital i Europa hindrar innovasjon. Vonen løfta fram regulatoriske krav, finansiering og kommersialisering som store hinder for å få KI-prosjekt heilt fram til implementering. 

I forskingssamanheng råda Strümke til å bruke KI der ein kan verifisere svara, medan Sorger framheva nytten av KI til enkle oppgåver og i medisinsk bildediagnostikk. 

Avslutningsvis peika panelet på behovet for å bevare den menneskelege kontakten i helsetenesta, unngå eit system der tenester blir “kjøpt”, og bruke KI meir til førebygging. Strümke avslutta med eit optimistisk håp om at framtidas helsesektor vil eige og kontrollere sine eigne IT‑system. 

Avrundinga av panelsamtalen markerte også slutten på den to dagars lange konferansen. 

Gode tilbakemeldingar 

I etterkant har deltakarane hatt moglegheit til å evaluere konferansen. Blant tilbakemeldingane kan ein lese at dei fleste var nøgde med arrangementet, og trekk fram variasjon i tematikk, passande lange sesjonar og inspirerande panelsamtalar. Dess faktorane tek vi med oss vidare. Når det gjeld forebetringspunkt blei det nemnt at ein burde samle forskingstorget og posterutstillinga, og meir fokus på å få deltakarane til å besøke desse. 

En gruppe mennesker som står foran en utstillingKlinisk forskingspost HMR, Forskningspoliklinikk St. Olavs og Mobil Klinisk Forskningspost HNT hadde felles stand på forskingstorget.
En gruppe mennesker i posterutstillingen

 

Neste konferanse blir i 2028 

Helse Midt-Norges regionale forskingskonferanse blir arrangert kvart andre år. Førre gong Helse Møre og Romsdal var vertskap var i Kristiansund i 2019. Den gongen var det ca195 deltakarar, og 60 aksepterte abstrakt. Det var òg forskingstorg med utstillarar. 

Vi ser fram til å samlast igjen i 2028. Då er det Helse Nord-Trøndelag som skal vere arrangør. 

Sidan du har lest heilt hit, kan det kanskje vere av interesse å lese eit lengre samandrag av konferansen? Det finn du her.