Frå krise til læring: Forsking om samarbeid i helsetenesta før, under og etter pandemien
Korleis kan helseføretak og kommunar samarbeide betre til beste for pasientane? Det er eit spørsmål som har stått sentralt i doktorgradsarbeidet til spesialrådgivar i Helse Møre og Romsdal, Lena Bjørge Waage. Doktorgradsarbeidet har resultert i tre vitskaplege studiar som gir ny innsikt i samarbeidet mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta i Møre og Romsdal.

Foto: Colourbox.com
Waage starta doktorgraden hausten 2021 som stipendiat ved Høgskulen i Volda i samarbeid med Helse Møre og Romsdal. Forskingsprosjektet hennar er ein del av eit større forskingssamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU.
Samarbeidet blei etablert under koronapandemien for å undersøkje kva lærdom spesialist- og kommunehelsetenesta, saman med brukarar, kunne ta med seg frå erfaringane under pandemien. Funn og kvardagshistorier frå prosjektet er skildra i antologien "Lokal handtering av koronapandemien." Waage sin første studie inngår i denne og belyser korleis pandemien fungerte som ei strukturerande kraft i samarbeid mellom helseføretak og kommunar.
Tre studiar om samarbeid i helsetenesta
Alle dei tre studiane er gjennomførte i samarbeid med hovudrettleiar Roar Amdam, professor i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda. Medan den første studien er basert på dokumentanalyse, byggjer dei to siste studiane på kvalitative intervju med sentrale aktørar som har vore involvert i samarbeidet mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal.
Studiane inngår i eit narrativt, komparativt og kvalitativt casestudiedesign. Dei undersøker samarbeid over tid og i tre ulike kontekstar: lys av samhandlingsreforma før pandemien, krisesamarbeid under pandemien og helsefellesskap etter pandemien.
Ei felles målsetting har vore å forstå kva som fremjar og hemmar godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
Pandemien skapte nye samarbeidsformer
Artikkelen «Navigating political dilemmas: collaborative efforts between a health trust and municipalities, before and during the COVID-19 pandemic in Norway» blei publisert i Journal of Health Organization and Management.
– I denne studien undersøkte vi kva som kjenneteiknar samarbeid, og korleis samarbeidet kan forståast gjennom dilemma knytte til ulike måtar å tenkje og handle på i og mellom organisasjonar. Samarbeid basert på likeverd og gjensidig dialog kan fremje felles forståing og forplikting til politiske mål. Samstundes kan ulike interesser og ressursomsyn skape utfordringar som påverkar samarbeidet, forklarer Waage.
Studien viste at samarbeidet mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane før pandemien var prega av diskusjonar om ansvar, ressursar og økonomi. Under pandemien skjedde det derimot ei tydeleg endring. Samarbeidet blei i større grad prega av likeverd, felles mål og problemløysing for å halde smittetrykket nede og unngå overbelastning av helsetenesta.
Eit sentralt funn var at dei formelle samarbeidsstrukturane fekk mindre betydning under krisa. I staden etablerte kommunane og helseføretaket nye møteplassar gjennom digitale fylkesdekkande «måndagsmøte» og lokalsjukehusvise «tysdag- og onsdagsmøte». Deltakarane var beredskapsansvarlege og legar med relevant kompetanse og avgjerdsmynde.
– Studien viser korleis tydelege nasjonale forventningar, kombinert med fleksible strukturar og deltakarar med kompetanse og handlingsrom, kan fremje samarbeid og bidra til å nå felles mål, seier Waage.

Helsefellesskapa gir moglegheiter og utfordringar
Den andre artikkelen, «Collaboration in a New Wrapping: A Qualitative Case Study of Governance Capacity and Legitimacy in Norwegian Healthcare Communities», er publisert i Social Sciences & Humanities Open.
– Her undersøkte vi korleis helsefellesskap kan bidra til å styrkje samarbeid mellom kommunar og helseføretak. Tidlegare forsking viser at både organisatoriske forhold, samarbeidsprosessar, tillit og oppslutning påverkar kor godt samarbeid fungerer i praksis, fortel Waage. Helsefellesskapa blei lanserte av myndigheitene i 2019 og etablerte hausten 2021. Dei byggjer vidare på samarbeidsavtalar og samarbeidsstrukturar frå samhandlingsreforma, men legg endå større vekt på likeverdig partnarskap, felles planlegging og samarbeid på tvers av nivåa i helsetenesta.
Viktige møteplasssar, krevjande struktur
Studien viste at helsefellesskapa er viktige arenaer for dialog, relasjonsbygging og utvikling av felles forståing. Samstundes peika fleire informantar på utfordringar knytte til mange involverte aktørar og ein omfattande organisasjonsstruktur med samarbeidsutval på politisk, strategisk, lokalt og fagleg nivå.
– Erfaringane viser at det kan vere krevjande å samle kommunar og helseføretak om felles prioriteringar på tvers av fylket, seier Waage.
Les også: Ny bok om handteringa av koronapandemien
Studien indikerer samtidig at dei lokalsjukehusvise samarbeidsutvala kan ha betre føresetnader for å utvikle konkrete løysingar. Her møtest representantar frå kommunane i opptaksområdet og frå sjukehuset om felles utfordringar, noko som kan bidra til raskare avklaringar og større eigarskap til løysingane.
Dei fylkesdekkande utvala har ei viktig rolle i samordning og strategisk utvikling, men studien viser at kommunalt sjølvstyre, ulike behov og ulike prioriteringar kan gjere det utfordrande å oppnå semje og politisk forankring av felles tiltak.
– Funna tyder på at konkret samarbeid blir styrkt gjennom engasjert deltaking, jamlege møtepunkt og dialog som byggjer tillit, likeverd og gjensidig forståing mellom partane. Felles prosjekter kan dreie oppmerksomheten mot problemløsning, seier Waage.
Kan bidra til betre samarbeid i framtida
Studiane er baserte på eitt geografisk område og eit avgrensa tal dokument og intervju frå perioden 2012 til hausten 2023. Val av teori påverkar kva aspekt ved samarbeidet som er analyserte, men funna kan samtidig ha relevans for samarbeid også i andre sektorar og organisasjonar.
Forskinga gir ny kunnskap om korleis samarbeid utviklar seg over tid, og om kva som påverkar samarbeid i arbeidet med å løyse felles og komplekse utfordringar.
– Funna tyder på at tydelege nasjonale forventningar, arenaer for tillitsbygging og lokalt handlingsrom er viktige føresetnader for vellukka samarbeid. Denne kunnskapen kan vere verdifull i arbeidet med å vidareutvikle helsetenestene og sikre god ressursbruk og samanhengande pasientforløp i framtida, seier Waage.
Om prosjektet
- Doktorgradsprosjektet til Lena Bjørge Waage er knytt til ph.d.-programmet Profesjonsutøving – vilkår og utvikling ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde.
- Prosjektet er finansiert av Høgskulen i Volda i samarbeid med Helse Møre og Romsdal.
- Studiane byggjer på dokumentanalyse og kvalitative intervju med sentrale aktørar som har vore involvert i samarbeidet mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal.
- Forskinga undersøker samarbeid i ulike kontekstar over tid, i lys av samhandlingsreforma før pandemien, krisesamarbeid under pandemien og helsefellesskap etter pandemien.
- Målet har vore å få auka kunnskap om kva som fremjar og hemmar samarbeid mellom helseføretak og kommunar.