Forskingsnyheiter

Funksjonell nevrologisk liding: Symptoma utan synlege teikn

Mange menneske i Noreg har fått diagnosen funksjonell nevrologisk liding, som er ein tilstand der pasienten har nevrologiske symptom utan at ein finn klar årsak på undersøkingar. Tverrfagleg samarbeid er viktig for å hjelpe pasientane best mogleg, og med denne tematikken i fokus blei det halde eit symposium i slutten av april med tittelen «Functional Neurological Disorder: Beyond Reductionism».

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 02.05.2025
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Deltakarane til symposiet samla seg til eit fellesbilde ute foran fyrtårnet på Alens.

Meir enn 20 føredragshaldarar og deltakarar samla seg på opplevingssenteret ved Alnes fyr i striregn og frisk bris. Forskar og nevrolog ved Ålesund sjukehus, Sverre Myren, var initiativtakar. Han fortel at symposiet hadde fleire formål.

– For det første er det viktig å fremje fagutvikling innan området funksjonelle nevrologiske lidingar (FNL), gjennom diskusjonar mellom klinikarar og forskarar frå Noreg og utlandet. Det nevrologiske miljøet i Møre og Romsdal har i ei årrekkje hatt ein betydeleg klinisk og akademisk interesse for FNL. Ålesund har dessutan nyleg fått legestudium, og det er viktig at komande legar får god kunnskap om denne tematikken.

Utfordringar med ein fragmentert pasientomsorg

Konferansen opna med eit innlegg frå Linn O. Getz. Ho er professor i medisinske atferdsfag og seniorforskar ved Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie ved NTNU. Ho snakka om viktigheita av eit integrativt rammeverk for å forstå helse, og at innanfor dagens biomedisin så er nokre av utfordringane at det er lite samhandling mellom ulike spesialistar og behandlingsnivå. Getz understreka at ei heilskapleg tilnærming til helse og sjukdom består av ei rekke komponentar, mellom anna biologiske, psykologiske og sosiale faktorar.

En dame som står på et podium
Linn O. Getz haldt åpningsinnlegget. Foto: Ann-Kristin Haram Maridal/HMR.

Viktigheita av tverrfagleg tilnærming

En mann som smiler til kameraet
Sverre Myren fortel at arrangementet hadde fått støtte i form av såkornmidlar frå HMR.

 

Ifølgje Myren gjenspeglar denne tilnærminga tematikken til symposiet.

– Vi i medisinen har hatt ein tendens til «silotenking», der ulike fagdisiplinar arbeidar med «sine» organ og sjukdomar. Funksjonelle nevrologiske lidingar er eit eksempel på tilstander som utfordrar denne forenkla tilnærminga. Pasientane har nevrologiske symptom utan klar påvist årsak.

Han legg til at mange har sett korleis kollegar ved UNN Tromsø arbeider med barn og unge med slike tilstander i TV 2-serien «Uten synlige tegn». Der arbeider ein barnelege og barne- og ungdomspsykiater saman med andre i eit tverrfagleg team. Medan andre legar og helseinstitusjonar har brukt månadar på å undersøkje pasientane utan resultat, tek duoen seg tid til å sjå på heile barnets historie og stille spørsmål som ikkje har blitt stilt før.

 

Verdifull kunnskapsutvikling

Etter to dagar med foredrag og diskusjonar håpar Myren at symposiet har bidratt til å styrke samarbeidet mellom forskarar, klinikarar og pasientar.

– VI har møtt på tvers av ei rekkje medisinske fagområde – som nevrologi, psykiatri, psykologi og allmennmedisin. Vi har også hatt med forskarar innan nevrovitskap, som utviklar nye metodar for å studere kva som skjer i hjernenettverk. Og kanskje er det litt eksotisk at vi også har hatt med oss filosofar, som verkeleg har utfordra oss og bidratt til å diskutere korleis vi kan tenkje annleis og nytt for å betre forstå og hjelpe denne pasientgruppa.

Myren og Getz vitja ettermiddagssendinga hos NRK Møre og Romsdal radio same dagsom fagseminaret vart avslutta. Der tok dei opp kor verdifullt det var å delta på ei slik samling.

– Det har verkeleg vore ein merkedag å få vere med på dette. Medisinen har jo lenge operert med noko vi kallar for «medisinsk uforklarlege symptom og plager», og det er jo veldig vanskeleg, både for pasientar og legar, å skulle handtere noko vi ikkje veit kva er. Vi har kunne konstatere at det ikkje er farleg. Vi finn ikkje noko på MR eller blodprøver. Men folk plagast veldig. Det som er nytt no er at vi har kome til eit nivå i kunnskapsutviklinga kor vi seier at det er ikkje uforklarleg, men vi må tenke annleis, forklarte Getz.

Myren fortalte at dei under symposiet har arbeida vidare med planer for eit nyleg etablert nasjonalt fagnettverk for FNL.

Du kan høyre radiosendinga her.

Med fokus på epilepsi og omstende rundt

No ser Myren fram mot det neste store arrangementet i mai som skal handle om epilepsi. Konferansen har fått namnet «Beyond Seizures», og finn stad 26.-27. mai i Ålesund. Her samlast nokre av dei fremste ekspertane innan epilepsi frå heile verda. Målet er å skape ein arena for helsearbeidarar og forskarar der dei kan dele kunnskap og diskutere dei siste forskingsresultata og behandlingsmetodane.

Tematikken for samlinga er tilstandane og utfordringane pasientar med epilepsi møter utover sjølve anfalla. Dette inkluderer psykiske vanskar som angst og depresjon, kognitive plager, og sosiale utfordringar som stigma og frykta for nye anfall.

Forventningar og publisering

Myren har vore lokal koordinator og sit i den vitskapelege komiteen saman med tre andre, inkludert Morten I. Lossius. Han er professor i nevrologi ved Universitetet i Oslo, og jobbar ved Spesialsykehuset for epilepsi (SSE). Han er initiativtakar, og har store forventningar til arrangementet. Det har fått stor merksemd i Europa, og deltakarar frå 11 land vil vere til stades.

– Dette gir ei unik moglegheit for deltakarane til å knytte kontaktar på tvers av landegrensene og styrke internasjonalt samarbeid innan epilepsiforsking, seier Lossius.

— Alle foredragshaldarane vil lage eit vitskapleg resymé av sine innlegg, som vil bli samla i ein stor artikkel i eit anerkjent tidsskrift. Dette vil sikre at forskingsresultata vert bevart for ettertida og kan lesast av forskarar over heile verda.

To menn som står sammen
F.v.: Sverre Myren og Morten I. Lossius ser fram til epilepsikonferansen i slutten av mai. Foto: Ann-Kristin Haram Maridal/HMR.

Viktigheita av å møtast

Myren understrekar kor viktig det er at fagfolk frå ulike disiplinar treffast på slike arenaer for å diskutere korleis ein kan jobbe vidare med komplekse problemstillingar innan epilepsi.

– Dette er ikkje berre viktig for epilepsiforsking, men også for andre kroniske nevrologiske sjukdomar. Dette er ei unik moglegheit til å lære frå dei beste ekspertane og bidra til å fremje forsking og behandling av epilepsi. Vi ser fram til nok eit spennande og lærerikt arrangement i Ålesund i mai.

Vidare lesing

Myren og fleire av deltakarane har nyleg skreve ein artikkel om funksjonelle lidingar i Tidsskrift for Den norske legeforening, du kan lese den her.

I tillegg har Myren og Erlend Bøen forfatta ny fagleg retningslinje i nevrologi for funksjonell nevrologisk liding.

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr​ på Instagram!