Hackathon: Code that Cares
I Helse Møre og Romsdal tek vi i bruk kunstig intelligens for å løyse aktuelle problemstillingar! Førre veke arrangerte vi eit hackathon for tilsette som på førehand hadde meldt inn idear. Forskingsgruppa AI in Medical Imaging (AIMI) valde ut kva som skulle utforskast vidare i hackathonet.

Jo-Willy Gråwe-Kjer er ein av prosjekteigarane som melde inn problemstillinga. Han har følgjande å seie om hackathonet: - Slikt arbeid krev både brei og djup kompetanse, så vel som engasjement, og dagen leverte over all forventning. Vi fekk ta del i eit levande og inspirerande arbeid, og sjå ein idé bli til røynd framfor augo våre.I etterkant står alle som deltok sterkare – anten ein stilte spørsmål, kom med innspel, programmerte, eller skal ta prosjektet vidare. Vi håpar på fleire slike økter etter kvart.
Kvalitetsrådgivar Unni Arnestad er einig. - Det var fantastisk å vere med på hackathon og oppleve at det vi ser på som ei stor utfordring kan løysast ved å utvikle ein KI-modell. Prototypen som vart utvikla i løpet av denne dagen, er eit viktig steg i den vidare prosessen med forenkla administrering av kvalitetssystemet. Med støtte frå IKT-sjefane i HMR og HNT blir løysinga no løfta vidare til verksemdsstyret for vidare behandling og avgjerd om satsing.
Nysgjerrig på kva som eigentleg skjer i eit hackathon? Forskings- og utdanningssjef Endre Grøvik byr på eit innblikk.