Forsking, NorTrials
Halde regionalt NorTrials-møte i Trondheim
Personell frå Helse Møre og Romsdal deltok for å høyre NorTrials-senterleiarane fortelje om etableringa av sitt senter og vidare planer for nasjonal nettverksbygging innafor sine terapiområde.
![En gruppe mennesker som sitter i stoler](/4a7e8a/contentassets/4f9ab65293104f0c924eef25b3ef0d0d/forside.png?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Torsdag den 20. april vart det halde regionalt NorTrials-møte i Trondheim, og var det andre av fire møte i regi av NorTrials. Målet med møta er å få til eit enda tettare samarbeid mellom sjukehusa og NorTrials-sentrane. Personell frå Helse Møre og Romsdal (HMR) deltok i møtet.
NorTrials er eit samarbeid mellom dei regionale helseføretaka og legemiddel- og medisinsk utstyrsindustri, og vart oppretta på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet i 2021 for å auke tal på kliniske oppdragsstudiar i Noreg.
NorTrials skal og tilby éin veg inn til kliniske studiar for bedrifter og andre aktørar som vil gjennomføre slike studiar i Noreg.
- NorTrials-samarbeidet er slik eit svar på det nasjonale oppdraget om å auke tal på kliniske studiar i Noreg og talet pasientar inkludert i slike studiar, seier overlege og professor Torstein Hole, som deltok i NorTrials-møtet.
Under møtet fortalde dei seks NorTrials-senterleiarane om etableringa av sitt senter og vidare planer for nasjonal nettverksbygging innafor sine terapiområde.
MØTE: Publikum høyrte på senterleiarane fortelje om etableringa av sitt senter og vidare planer for nasjonal nettverksbygging innafor sine terapiområde. (Foto: Ellen Johnsen/NorTrials)
Björn Gustafsson, fagdirektør i Helse Midt-Norge RHF og ein representant for farmasøytisk industri, Sandrine Queré (Roche), var til stades for å gi publikum eit innblikk i deira perspektiv på NorTrials-satsinga.
Les også: Feira opprettinga av eigen seksjon for kliniske studiar
![Professor Torstein Hole (Foto: Petter Bjørklund)](/4a7e8c/contentassets/4f9ab65293104f0c924eef25b3ef0d0d/holeportrett3.png?width=2000&height=2500&quality=80&format=webp)
Professor Torstein Hole (Foto: Petter Bjørklund/Helse Møre og Romsdal)
I lag med Hole deltok også seksjonssjef i Seksjon for kliniske studiar (SKS) Dag Arne Lihaug Hoff, bioingeniør Synnøve Yksnøy og sjukepleiar Elisabeth Bjerkan, alle tilsett ved HMR.
Hole seier møtet gav eit innblikk i kor langt sentrane er komne og korleis dei har prioritert ulike aktivitetar og nettverksbygging.
- I tillegg var det svært nyttig med nettverksbygginga i pausane og etter møtet for å etablere kontakt og utveksle synspunkt på vegen vidare.
- Samarbeidet vil vere viktig for å få tilgang til studiar som kan høve å gjennomføre hjå oss, og det vil også gi tilgang på erfaringar og kompetanse som kan kome oss i nytte.
NorTrials er eit nasjonalt partnarskap med mål om å auke talet på kliniske studiar i Noreg. Les meir om NorTrials her.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.