Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Helse Møre og Romsdal sin forskingsaktivitet er evaluert

I april publiserte Forskingsrådet ei rekkje rapportar der internasjonale komitear har vurdert kvaliteten på norsk medisinsk og helsefagleg forsking. Helse Møre og Romsdal er ein av 69 forskingsinstitusjonar som deltok i EVALMEDHELSE. Helseføretaket fekk nokre gode tilbakemeldingar, særleg på organisering og god pasientbehandling. Vidare fekk vi ei rekke konkrete tilrådingar som kan nyttas i forskingsstrategien for å styrke føretaket. Ei av tilrådingane er å utvikle forskingskompetansen for berekraftig vekst.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 30.05.2025
Forskningsrådet logo

Helse Møre og Romsdal (HMR) deltok med åtte tematiske forskingsgrupper og ein rapport av den administrative eininga. Kvar av gruppene leverte ein omfattande eigenvurdering av forskinga si gjennom ein tiårsperiode som blei samla til éin stor rapport. Fristen for dette var i juni 2024. 

Sidan den gong har ein internasjonal ekspertkomité granska rapportane, og kome med ei samla vurdering av dei høgare utdanningsinstitusjonar, instituttsektoren og helseføretaka som deltok. Denne kan lesast i den nasjonale rapporten lansert på Forskningsrådet sine nettsider (Evaluering av medisin og helsefag (EVALMEDHELSE)). 

I denne rapporten blir det nemnt at «for å styrke medisin- og helseforskningen i Norge ytterlige, må forskerkarrierer gjøres meir attraktive og det må være muligheter for karriereutvikling og personlig utvikling, inkludert muligheter til innføring og opplæring i rask forskningsdesign og metodeutvikling». 

Nokre hovudfunn

Komiteen si samla vurdering er at HMR si administrative eining har ei robust organisering frå eit klinisk perspektiv. Gjennom heile evalueringsperioden (2012-2022) har forskingsadministrasjonen vist sterk støtte til forsking ved å rekruttere personell og etablere støtteeiningar. Vidare heiter det at HMR har vist eit prisverdig engasjement for å auke rolla og påverknaden av forsking. 

I følgje rapporten har fokuset til HMR på klinisk forsking bidratt til utvikling, vurdering og implementering av nye diagnostiske metodar, behandlingar og helseteknologiar. 

HMR får også ros for å fremje mangfald og forhindre diskriminering, samt at vi har auka investeringane i forsking og infrastruktur for å bidra til samfunnsutfordringar og FNs berekraftsmål. 

Vidare utfordringar

HMR blir bedt om å sjå nærare på ulike utfordringar. Det blir nemnt at til tross for administrasjonens støtte til forsking, er det ein betydeleg avstand mellom planlagde mål og faktiske resultat. 

Ei anna utfordring er mangel på tilstrekkeleg finansiering, kor komiteen er tydelege på at dette er eit rammevilkår til vedvarande hinder for utvikling. 

Vidare heiter det at sjølv om HMR har tatt initiativ for å fremje mangfald og forhindre diskriminering, er det fortsett eit behov for å forbetre kjønnsbalansen i seniorstillingar innan forsking.  

Tilrådingar

Komiteen tilrår HMR å fortsette innsatsen for å heve nivået på forskinga. Det blir særleg anbefalt å legge opp til å vere ein internasjonal forskingsorganisasjon som inneberer å etablere eit globalt rammeverk. Det blir òg tilråda å utforske internasjonale finansieringsmoglegheiter. 

HMR bli oppfordra til å styrke samarbeidet med kommunen på forsking og innovasjon då næheita til  kommunehelsetenesta her er eit fortrinn. 

Helseføretaket blir òg oppmoda til å fokusere på strategisk planlegging og breiare rekruttering av medisinsk og bioteknologisk personell for å oppnå ei mykje betre fordeling mellom klinisk og vitskapeleg arbeid. 

HMR bør involvere pasientorganisasjonar meir aktivt i forskingsprosjekt og avgjerdsprosessar for å sikre at forskinga er relevant og nyttig for samfunnet. 

Diagram
Helse Møre og Romsdal meldte inn åtte tematiske forskingsgrupper til evalueringa.

HMR hadde meldt inn åtte tematiske forskingsgrupper, der ingen av desse har vore konsoliderte forskingseiningar under evalueringsperioden. Dei tematiske forskingsgruppene for ortopedi og psykiatri får begge skotsmål for å ha vist særs god vitskapeleg produksjon. Dette underbygger etableringa av dei meir fokuserte forskingsgruppene vi no har innan høvesvis OCD og angst, og OrtoForsk som blei etablert fyrst i 2023.  

Den tematiske forskingsgruppa innan ortopedi er liten, men har hatt ei god utvikling og vitskapeleg produksjon, inkludert fleire kliniske publikasjonar i tidsskrift med høg påverknadsfaktor. Den blir likevel oppmoda om å styrke samfunnspåverknaden. 

Den tematiske forskingsgruppa innan psykiatri har i følgje rapporten ei styrke med fokuset på anvending, inkludert utviklinga av nye metodar for behandling av OCD og angst. Gruppa er involvert i fleire prosjekt, men ei av svakheitene er at det er vanskeleg å identifisere deira bidrag i kvart av dei. Ei av tilrådingane er meir brukarmedvirking der forskarar er i dialog med terapeutar og leiarar av behandlingsstadar.  

Forskingsgruppa innan kirurgi er ei ung og mangfaldig gruppe som har gitt eit betydeleg bidrag til forsking. Her blir det mellom anna trekt fram at samfunnsbidraget er utdanning for medisinstudentar og masterstudentar, forbetring av kliniske forløp for ulike pasientgrupper, og utvikling av kliniske verktøy og metodar. 

Forskingsgruppa innan indremedisin er involvert i mange prosjekt, men bør samkøyre forskinga meir for å heve kvaliteten og relevansen i publikasjonane. Gruppa opererer på prosjektbasis, og manglar ein formell leiar eller budsjett for administrasjon, finansieringa kjem frå nasjonale kjelder og industrifinansierte kliniske studiar. Tilråding her er å fokusere på meir målrette forsking og bruk av ressursar.

Forskingsgruppa innan onkologi har fokus på kliniske kreftaktiviteter, stråleterapi og revmatologi. Rapporten stadfestar at gruppa er ambisiøs og at forskingsaktiviteten er mangfaldig. Det blir anbefalt å fokusere på spesifikke krefttypar og prosjekt som kan gi klare resultat, samt å forbetre kvaliteten på publikasjonar og auke talet på publikasjonar i høgt rangerte tidsskrift. 

Forskingsgruppa innan radiologi har som mål å forbetre både utdannings- og forskingskvaliteten, og ser ut til å ha god institusjonell støtte. Den oppnådde finansieringa er likevel avgrensa, og det same gjeld eksternt samarbeid. Ei av tilrådingane er å involvere fleire ikkje-radiologiske samarbeidspartnarar for å dekke det breie spekteret av klinisk forsking. 

Forskingsgruppa innan nevrologi er ung og i ei tidleg utviklingsfase. I følgje rapporten produserer gruppa god klinisk orientert forsking trass i det avgrensa talet på heiltidsforskarar i gruppa. Likevel er det ei utfordring at dei som fullfører en ph.d. går tilbake til klinisk drift, i staden for å bygge forskingskompetanse. Gruppe blir oppmoda til å etablere spesifikke kriterium for å spore progresjon i gruppa, og å utvikle strategiar for å sikre utvikling over tid. 

Forskingsgruppa for obstetrikk og pediatri har god forskingsproduksjon, og bidreg til klinisk relevant forsking for pasientar og samfunnet. Men ifølge rapporten så manglar gruppa ein klar struktur og felles strategi. I tillegg har dei fleste medlemmane avgrensa med akademisk tid. Nokre av tilrådingane er å auke gruppa sitt samhold og samarbeid gjennom regelmessige forskingsmøte, og å utvide internasjonale samarbeid for å auke gruppa si synlegheit og sukssess. 

Vegen vidare

Konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug seier tilbakemeldingane kjem på eit tidspunkt kor HMR har gode moglegheiter for å forme og spisse den aukande aktiviteten: 

- Eg er glad for å sjå at den innsatsen og engasjementet som er lagt ned over dei siste 15 åra for å auke forskinga si rolle i føretaket gjenspeglast både i rapporten og i tilbakemeldingane frå den internasjonale ekspertkomiteen. I tråd med kva ein ser nasjonalt, ynskjer dei mellom anna at vi aukar deltakinga på den internasjonale forskingsarenaen, både gjennom samarbeid og finansieringskjelder, og at vi betre nyttar både nasjonale infrastrukturar og knyter oss til andre sterke forskingsinstitusjonar i Noreg.  

En kvinne som smiler til kameraet
Kst. forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug.

Komiteen peikar rettmessig på at vi treng meir finansiering og ei betre fordeling mellom klinisk og vitskapeleg arbeid for å sikre vidare utvikling. Tilrådinga om naudsynt strategisk planlegging lokalt er heller ikkje overraskande. Nokre av dei konkrete grepa dei ynskjer - mellom anna det å utpeike strategisk leiarskap - er vi allereie godt i gang med gjennom etablering av offisielle forskingsgruppeleiarar. Kjønnsfordelinga i senior vitskapelege stillingar som blei påpeikt kan ein òg med glede oppdatere om at har vore i balanse for dei internt lønna forskarane det siste åra.  Det blir spanande å sjå korleis vi kan få til å implementere fleire av dei andre tilrådingane i åra som kjem! 

Eg ynskjer og å takke alle forskarane som bidrog til det omfattande arbeid som vart lagt i EVALMEDHELSE rapportane. Desse danna grunnlaget for tilbakemeldingane og gjer at vi no sit igjen med tilrådingar og frampeik som er relevante for oss og mogeleg å nytte for betre måloppnåing innan forsking i føretaket.