Internasjonal interesse etter overraskande kreftfunn
Ein tilsynelatande ufarleg kul under haka viste seg å skjule ein kreftsjukdom som elles kanskje aldri ville blitt oppdaga. No er funnet frå forskarar i Helse Møre og Romsdal publisert i eit internasjonalt tidsskrift som den første skildringa av sitt slag.

Då ein pasient kom til Kjevekirugisk seksjon ved Ålesund sjukehus med ein forkalka kul under haka, tydde dei første undersøkingane på at dette var ei godarta forandring.
– Vi mistenkte at dette kunne vere ein forkalka lymfeknute. Undersøkingane gav ingen klare teikn til noko alvorleg, og vi vurderte i utgangspunktet å følgje pasienten med observasjon, fortel oralkirurg og forskar Lado Lako Loro.
Pasienten opplevde likevel smerter når han rørte på hovudet og ønskte kulen fjerna. Det skulle vise seg å vere avgjerande.
Eit uventa funn
Då kulen vart operert bort og undersøkt nærare, fann patologane noko heilt anna enn det dei hadde venta.
– Vi trudde dette var ei forkalking, men analysane viste at det faktisk var lymfom, altså ein type kreft i lymfesystemet, seier Loro.
Vidare utgreiing med histologiske analysar, molekylære undersøkingar og blodprøver avdekte at pasienten hadde lymfoplasmacytisk lymfom, ein sjeldan form for blodkreft. Legane fann òg genetiske forandringar som er karakteristiske for sjukdomen.
Den vitskaplege artikkelen skildrar korleis lymfomet vart funne i beinmargshaldig beinvev som hadde utvikla seg utanfor det normale skjelettet under kjeven. Tilstanden blir kalla heterotop ossifikasjon og er i seg sjølv uvanleg. Kombinasjonen av heterotop ossifikasjon og lymfoplasmacytisk lymfom er ekstremt sjeldan.
Første tilfelle skildra i litteraturen
Ifølgje forskarane er dette det første dokumenterte tilfellet i ansikts- og halsregionen som er skildra i medisinsk litteratur.
– Då vi gjorde litteratursøk, fann vi berre eitt liknande tilfelle i auget. Dette er første gong eit slikt tilfelle er rapportert i denne lokalisasjonen, fortel Loro.
Funnet har difor vekt interesse langt utover det enkelte pasienttilfellet.
Det mest oppsiktsvekkjande er at kulen var den einaste synlege manifestasjonen av sjukdomen.
– Hadde vi ikkje fjerna kulen, ville ingen ha visst at pasienten hadde denne kreftsjukdomen, seier Loro.
Etter operasjonen vart pasienten tilvist til vidare oppfølging hos hematologar. Kreftforma var ikkje aggressiv, og pasienten blir følgd opp vidare. Sjølve kulen er fjerna, og kontrollane har så langt ikkje vist nye forandringar.
Viktig lærdom for klinikarar
Sjølv om tilfellet er svært sjeldan, meiner forskarane at det gir ein viktig lærdom.
– Når vi ser vevsendringar som verkar uskuldige, kan det vere lurt å fjerne dei og sende dei til histologisk undersøking. Ein veit ikkje alltid kva som skjuler seg bak det som ser normalt ut, seier Loro.
Han understrekar at slike kasuistikkar er viktige bidrag til den internasjonale kunnskapen om sjeldne sjukdomstilstandar.
– Vi har presentert eit svært sjeldan tilfelle. Dersom fleire liknande tilfelle blir rapporterte internasjonalt i framtida, kan det gi grunnlag for vidare forsking og auka forståing av slike sjukdomsprosessar, seier han.
Artikkelen Lymphoplasmacytic Lymphoma Involving Marrow-Containing Submandibular Heterotopic Ossification: A Case Report and Literature Review er publisert i Head and Neck Pathology. Forfattarane, i tillegg til Loro, er Frank-Jakob Sandbakk, Camilla Jøsok Nybø og Eivin Ottersen Samstad som alle er knytt til Ålesund sjukehus.
Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.