Jublar for tildeling frå Forskingsrådet

Helse Møre og Romsdal startar omfattande og viktig forskingsprosjekt om behandling av tarmbetennelsessjukdommen ulceriøs kolitt.

Publisert 03.02.2017
Sist oppdatert 02.11.2017
BIOSTOP-teamet i Helse Møre og Romsdal: f.v fagbioingeniør Synnøve Yksnøy, studiesjukepleiar Elisabeth Tennøy Bjerkan, overlege
BIOSTOP-teamet i Helse Møre og Romsdal: f.v fagbioingeniør Synnøve Yksnøy, studiesjukepleiar Elisabeth Tennøy Bjerkan, overlege Ingrid Prytz Berset og overlege Dag Arne Lihaug Hoff

 

Overlege i gastroenterologi ved sjukehuset i Ålesund Ingrid Prytz Berset, med støtte fra klinisk forskingspost i HMR, skal forske på behandling av tarmbetennelsesjukdommen ulcerøs kolitt. Saman med rundt 30 andre norske senter søkte dei Forskingsrådet om 8,5 millioner i støtte til prosjektet, og fekk tildelt søknadssummen.

Det er studien «BIOSTOP» som har kome gjennom nålauget og får støtte frå FRIMEDBIO-programmet i Forskingsrådet. Det var over 500 søknadar og 9% av desse  fekk tildeling. BIOSTOP-studien hadde svært god score og det vart trekt fram i tildelinga at studien var unik, innovativ og tek opp ei ny og viktig problemstilling.

– Dette betyr svært mykje både for oss og for pasientgruppa dette gjeld. Slik behandlinga har vore til no har mange pasientar stått på langvarig behandling med immunhemmande medisinar sjølv om dei eigentleg er friske. Årsaken til dette er at ein ikkje har turt å stoppe behandlinga av frykt for tilbakefall av sjukdommen og risiko for tap av effekt ved gjenoppstart av dei immunhemmande medisinane. Vi tenker at det er viktig å finne ut om og når ein trygt kan avslutte denne behandlinga. Dette vil spare pasienten for stadige sjukehusbesøk og moglege biverknader, og samtidig gi enorme samfunnsinnsparingar, fortel Ingrid Prytz Berset. 

 

Portrettbilde av overlege og nasjonal prosjektkoordinator, Ingrid Prytz Berset.
Overlege og nasjonal prosjektkoordinator, Ingrid Prytz Berset.

 

– Forskingsprosjektet BIOSTOP handlar i bunn og grunn om å stoppe behandling med TNF-hemmer, som er ein mykje brukt type immunhemmande medisin ved ulcerøs kolitt. Undersøkingar viser at det er trygt å stoppe behandlinga, og at den kan startast opp igjen med god verknad om dette er nødvendig. Rundt halvparten av dei som sluttar med medisinen held seg friske.  

Metode

  • 200 pasientar med ulcerøs kolitt skal inkluderast i studien.
  • Berre pasientar som blir behanda med TNF-hemmar kan delta.
  • Pasientane må ha brukt slik medisin i minst eitt år, og ha vore heilt sjukdomsfrie dei siste 3 månadane
  • Etter at deltakarane er plukka ut, blir gruppa delt i to. Først blir pasientane grundig undersøkt og deretter vil ein stoppe behandlinga i  den eine gruppa og fortsette behandlinga i den andre. Kven som får kva behandling blir tilfeldig. Begge gruppene blir følgt tett over to år og ved minste mistanke om tilbakefall vil pasientane bli undersøkt og behandling gjenoppstarta om nødvendig.
  • Målet med studien er å vise at det går like bra med begge pasientgruppene. Undervegs i studien blir det tatt  ei rekke prøver frå avføring, tarmslimhinne og blod, for å finne fram til sjukdomsmarkørar som kan forutseie kva pasientar som  held seg friske utan TNF-hemmer behandling.

Fakta om BIOSTOP

  • 200 pasientar, fordelt på 27 senter over heile Noreg deltar i studien
  • Studien skal foregå inntil 6 år
  • Oppstart  i april 2017
  • Pasientgruppe: Dei har ulcerøs kolitt som brukar TNF-behandling
  • Nasjonal prosjektkoordinator : Ingrid Prytz Berset
  • Prosjektsponsor: Helse Møre og Romsdal ved Dag Arne Lihaug Hoff
  • Prosjektleiar: Professor Knut Lundin Universitetet i Oslo/Rikshospitalet