Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kognitive vanskar ved små hjerneslag

Åse Hagen Morsund disputerte 16. november 2020, prøveførelesing og disputas føregjekk digitalt. Morsund har ein observasjonsstudie kartlagt førekomst av kognitive symptom etter små hjerneslag.

Publisert 05.11.2020
Sist oppdatert 04.08.2023

Åse Hagen Morsund
 

Hjerneslag rammar årleg ca. 12 000 personar i Norge og er ei av dei hyppigaste årsakene til invaliditet. Data frå Norsk hjerneslagregister viser at 2/3 av pasientane blir sjølvhjelpte etter eit hjerneslag. Ein betydeleg del av desse pasientane har milde slag med fysiske symptom som går raskt over. Desse pasientane treng vanlegvis inga rehabilitering og blir skrivne ut direkte til heimen. Det er no aukande kunnskap om såkalla skjulte vanskar ved små hjerneslag som ofte ikkje vert oppdaga før pasienten er tilbake i heimemiljøet sitt. Dette kan vere kognitive symptom som hukommelse- og konsentrasjonsvanskar, utmatting, angst og depresjon. 

-Formålet med denne observasjonsstudien vår var å kartlegge førekomst av slike symptom etter små hjerneslag. Pasientane har gått gjennom kognitiv testing 3 og 12 månader etter hjerneslaget og fylte ut spørjeskjema på utmatting, angst- og depresjonssymptom. Resultata blei samanlikna med ei kontrollgruppe med små hjarteinfarkt (NSTEMI) og normative data, forklarar Åse Hagen Morsund.

- Vi fann ingen forskjell i kogitiv funksjon mellom dei to pasientgruppene, men pasientane med små hjerneslag hadde dårlegare resultat på dei kognitive testane samanlikna med normative data.

Lokalisasjonen av hjerneinfarktet hadde ingen innverknad på resultatet for hjerneslagpasientane. Det var også høgare førekomst av utmatting og depresjon blant hjerneslagpasientane enn hos hjarteinfarktpasientane. Pasientar med  små hjerneslag hadde ei betring i kognitiv funksjon i tida etter hjerneslaget, medan utmattinga heldt fram som før. Førekomsten av depresjon auka med tida.

- Vi undersøkte og kor mange som kom tilbake i arbeid. Fleire pasientar i hjarteinfarktgruppa enn hjerneslaggruppa klarte å kome tilbake i arbeid og klarte og å vere i arbeid  lengre (høgare alder).  Samla sett var mange i arbeid etter eitt år i begge pasientgrupper sjølv om andelen pasientar med kognitive symptom var høg. Graden av kognitiv svikt var likevel mild. Dei yngste pasientane og pasientar med høg utdanning klarte i større grad å ta opp igjen arbeidet i begge pasientgrupper.

Det var ingen forskjell i kognitive symptom hos pasientar som framleis var yrkesaktive og dei som fall ut av arbeidslivet etter eitt år. Førekomst av depresjon var høgare blant pasientar som fall ut av yrkeslivet og kan derfor vere ein av hovudårsakane til at fleire vart arbeidsuføre. Sidan depresjon er ein tilstand som kan behandlast, er det svært viktig å avdekke symptoma så raskt som mogleg for å sette i gong god behandling for å redusere symptom som verkar negativt inn på arbeidsevna og sosial funksjon.

Det er mogleg å følgje disputasen digitalt, les meir om dette på NTNU sine sider.

NTNU disputasoppslag.jpg

Disputasoppslag frå NTNU