Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter, psykiatri

Korleis behandle panikklidingar på berre fire dagar?

Fire dagar med intensiv eksponeringsterapi kan vere eit lovande behandlingstilbod for pasientar med panikklidingar, viser ein fersk studie med forskarar frå Knausensenteret i Molde. Pasientane i studien hadde færre symptom etter dei fire dagane og rapporterte høg tilfredsheit med behandlinga.

Petter Bjørklund
Publisert 01.08.2023
En tegning av en person
- Innføringa av behandlinga var svært vellykka både i form av effekt, tilfredsheit hos pasientane og gjennomføringsgrad, fortel forskar og psykolog, Thorstein Olsen Eide. Studien er ein del av doktorgradsarbeidet hans ved UiB (Illustrasjon: Colourbox)

"​4-dagarsbehandlinga" er ei konsentrert form for eksponeringsterapi som føregår over fire samanhengande dagar og har vist seg svært effektiv i behandling av OCD og angstlidingar. Til dømes viser forsking at 90% av pasientane opplev klar betring ved oppfølging ein uke etter behandling​ medan 70% er kvitt lidinga si fire år i etterkant.​

No viser ein ny studie med forskarar frå Knausensenteret i Molde at terapiforma også kan vere eigna for behandling av panikklidingar. Forskinga bygger på liknande studiar gjort i Bergen og Molde, og gir eit innblikk i kva effekt terapiforma har når den skal nyttast ved andre og nye klinikkar for behandling av slike lidingar.

- Dette er viktig for å undersøkje om behandlinga har like god effekt når den gis ved nye stader og av nye behandlarar, fortel førsteforfattar og psykolog Thorstein Olsen Eide.

Studien er ein del av doktorgradsarbeidet til Eide, som undersøker i kva grad 4-dagarsbehandlinga kan nyttast i behandling av panikklidingar. Han er ein del av forskingsgruppa for OCD og angstlidingar​ i Helse Møre og Romsdal.

  • Ei konsentrert form for eksponeringsterapi som føregår over fire dagar og som gjevast i grupper på 3-6 personar og tilsvarande tal behandlarar. Terapiforma har sett stor bruk i behandling av OCD og angstlidingar.

  • I behandlinga får pasienten eit skreddersydd eksponeringsopplegg der dei øver på å oppsøke situasjonar eller aktivitetar som pleie​​r å skape angst eller redsel. Dette gjerast med mål om å møte desse situasjonene på ein ny og ufarliggjerande måte.

  • For å gjere dei sjølvstendige i si behandling brukast siste dag til å lære pasienten korleis dei kan flette inn behandlingsprinsippa som ein del av kvardagen deira. Etter avslutta behandling får pasientane ei kort oppfølgingssamtale etter 10 dagar og ein oppfølgingstime etter 3 månadar.

  • Terapiforma har vist seg svært effektiv i behandling av OCD og angstlidingar. Til dømes viser forsking at 90% av pasientane opplev klar betring ved oppfølging ein uke etter behandling​ medan 70% av dei er kvitt lidinga si fire år i etterkant.​

  • Over 50 klinikkar i Noreg tek i bruk terapiforma for behandling av dei nemnde lidingane. Den tilbydast også i Tyskland, Sverige, Finland, Singapore, Island og USA.

  •  For tida er det stor etterspurnad etter opplæring både i og utanfor Noreg. Sør-Amerika er neste kontinent i rekkja.​


Færre symptom etter behandling

Forskinga som omtalast viser at pasientane hadde ein betydeleg reduksjon i symptom på panikklidingar etter gjennomført behandling. Mellom anna rapporterte 72 prosent av dei færre symptom etter dei fire dagane.​

Studien er ein del av doktorgradsarbeidet til Thorstein Olsen Eide (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

Studien er ein del av doktorgradsarbeidet til Thorstein Olsen Eide (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

Fleire av pasientane i studien hadde også tilleggslidingar som depresjon eller generell angst, og resultata viser at 4-dagarsbehandlinga hadde​ tydeleg betringseffekt på slike symptom.

Les også: Utviklar kunstig intelligens som skal forbetre diagnostisering av brystkreft.

For å undersøke korleis effekten held seg over tid vart pasientane følgt opp tre månader etter fullført behandling. Heile 81 prosent viste fortsatt klar betring av symptoma sine ved denne tremånaders-kontrollen.​​

- Vi ser at det fortsatt går bra med pasientane sjølv etter desse fire dagane. Faktisk blir dei enda friskare over tid, seier hovudrettleiar Kristen Hagen, som er psykologspesialist og forskingsgruppeleiar ved Knausensenteret.​

Forskingsgruppa

Eide (nr. 2) i lag med forskarar og psykologspesialistar Kristen Hagen (nr. 1), Kristian August Tjelle (nr. 3) og Håvard Berg Opstad (nr. 4). Saman er dei ein del av forskingsgruppa for OCD og angstlidingar i Helse Møre og Romsdal (Foto: Petter Bjørklund/HMR).

Når pasientane blei spurt om korleis dei opplevde behandlingsforma rapporterte dei ein høg grad av tilfredsheit, noko som samsvarar med at alle som deltok i studien fullførte behandlinga. Forskarane meiner dette kan skuldast det konsentrerte og kortvarige formatet, som har vist å ha lågare behandlingsfråfall enn ordinære terapiformer.

- Innføringa av behandlinga var dermed svært vellykka både i form av effekt, tilfredsheit hos pasientane og gjennomføringsgrad, fortel Eide.​​

​- Lar seg sprei til nye klinikkar og behandlarar

Den nemnde symptomreduksjonen støtter at behandlinga, på lik line med resultat frå dei nemnde studiane, fortsatt har god effekt på panikklidingar når den gjevast ved nye stader.

- Resultata var faktisk enda betre enn studiane som vert gjort på formatet tidlegare. Det viser at 4-dagarsbehandlinga lar seg sprei til nye klinikkar og behandlarar, og at implementering av behandlinga i klinisk praksis kan føre til forbetra pasientomsorg ved å tilby effektiv behandling med høg pasienttilfredsheit, fortel Eide.

Sjølv om det fortsatt er behov for studiar som samanliknar effekt av 4-dagarsbehandlinga med andre terapiformer fortel Eide at behandlinga kan vere ein tidseffektiv terapiform for panikklidingar.

- Det viser også at det er mogleg å byggje opp fagmiljø med svært høg kvalitet innafor det ordinære psykiske helsevernet, legg Eide til.

Referansar:

Eide, T.O., Hjelle, K.M., Sætre, I.U. et al. The Bergen 4-day treatment for panic disorder: implementation in a rural clinical setting. BMC Psychiatry 23, 305 (2023). https://doi.org/10.1186/s12888-023-04812-x​

​Iversen, H.M., Eide, T.O., Harvold, M. et al. The Bergen 4-day treatment for panic disorder: replication and implementation in a new clinic. BMC Psychiatry 22, 728 (2022). https://doi.org/10.1186/s12888-022-04380-6​​​​

Hansen B, Hagen K, Öst LG, Solem S, Kvale G. The Bergen 4-Day OCD Treatment Delivered in a Group Setting: 12-Month Follow-Up. Front Psychol. 2018 May 3;9:639. doi: 10.3389/fpsyg.2018.00639. PMID: 29774005; PMCID: PMC5943612.

Hansen B, Kvale G, Hagen K, Havnen A, Öst LG. The Bergen 4-day treatment for OCD: four years follow-up of concentrated ERP in a clinical mental health setting. Cogn Behav Ther. 2019 Mar;48(2):89-105. doi: 10.1080/16506073.2018.1478447. Epub 2018 Aug 8. PMID: 30088441.​

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​​