Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Kirurgar flokka til Ålesund for dette unike kurset

Førre veke vart det haldt kurs i avansert fot- og ankelkirurgi i lokala til Ålesund Biomechanics Lab. Ortopedar frå heile Noreg kom til Sunnmøre for å få fagleg påfyll. No håpar ortopedisk avdeling ved Ålesund sjukehus å halde kurset årleg så ein ikkje treng å reise til utlandet for eit slikt tilbod.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 19.04.2024
En gruppe kirurger i et rom
Ortopedar frå heile Noreg kom til Ålesund sjukehus for å delta på kurset. (Foto: Tobias Lystad/HMR)

Det var full aktivitet i lokala til ÅBL i sjette etasje på sjukehuset denne fredagen i april. Kurset var arrangert i regi av Norsk Fot og Ankelkirurgisk foreining, og retta mot spesialistar.

- Alle som er på dette kurset har gått grunnkursa tidlegare. Dette er for folk som er ferdige spesialistar i ortopedisk kirurgi og som ønsker å sub-spesialisere seg i fot- og ankelkirurgi. Så dette er på ein måte trinnet over det som er grunnutdanninga for ortopedar i Noreg, seier Lars Kjetil Aas, overlege på ortopedisk avdeling.

En gruppe menn i et rom
Overlege Lars Kjetil Aas til venstre i biletet. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal, HMR)

 

Inntil nyleg måtte kirurgar reise til utlandet for å nytte seg av eit liknande kurs. Men no trenger dei ikkje å dra lenger enn til Ålesund. Og i følgje ortopedane så er det kun Ålesund sjukehus som kan tilby eit kurs av dette kaliberet.

 

En gruppe kirurger øver seg
Ei gruppe kirurgar øver seg. (Foto: Tobias Lystad/HMR)

 

- Vi har eit aktivt fot- og ankelmiljø med veldig flinke kirurgar med høg kompetanse på det fagfeltet. I tillegg er ÅBL per dags dato den einaste sjukehuslaben som kan tilby dette i Noreg, seier Andreas Dalen, som er leiar for laben.

En mann med skjegg
Andreas Dalen, leiar for ÅBL (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

 

Han forklarer at ÅBL har kirurgisk utstyr som er spesialisert til trening for avansert kirurgi til sju grupper og generell anatomisk disseksjonstrening til 15 grupper. Dette er kostbart utstyr som har vorte anskaffa over fleire år.

- ÅBL har fasilitetar som er tilpassa kadavertrening, det vil seie vass-system som er godkjent for handtering, fryserom og vaskemaskin for kirurgisk utstyr brukt på humane preparat, i tillegg til eigne kirurgiske treningsrom og benkar tilpassa kursverksemd på humane preparat, forklarar Dalen.

Det er tydeleg at det er eit stort behov for eit slikt kurs. I følgje Aas var det så mange som hadde meldt seg på at det ikkje var plass til alle. Totalt var det 21 deltakarar og sju instruktørar. Dei hadde først ein dag med teori før det var praksis i den biomekaniske laben.

Maria Ougland hadde reist frå Akershus universitettsykehus for å delta på kurset. Ho synes tilbodet var midt i blinken.

- Kurset er veldig lærerikt og det er veldig nyttig å kunne dissekere strukturar som ein ikkje er borte i så veldig ofte.

Deltakarane fekk evaluere kvar aktivitet med ein poengsum for å kunne gi sine tilbakemeldingar til kursarrangørane. I følgje Aas ligg alt til rette for at dei kjem til å halde eit liknande kurs igjen om eit år.

ÅBL er eit forskingssamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og NTNU. Dei opna dørene til den nye laben på Kunnskapssenteret i januar i 2023.

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​​ #forskinghmr