Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kurs i kliniske studiar

Vil du vite meir om kliniske studiar? Då kan du ta dette elektroniske kurset som gir grunnleggande informasjon. Målgruppa er helsepersonell og sjukehustilsette som ikkje kjenner til temaet frå før.

Publisert 13.05.2024
En rad med reagensrør
Foto: Coulorbox.com

Kurset inneheld videoar med lyd. Desse er teksta slik at det ikkje er naudsynt med høgtalar eller andre lydkjelder.

Du lærer om ulike typar kliniske studiar, roller, budsjett, økonomi og avtalar samt regelverk, for å nemne noko.

Kliniske studiar er ein viktig del av sjukehusa sitt oppdrag, og er heilt naudsynt for å sikre stadig betre, tryggare og meir kostnadseffektiv pasientbehandling.

Du finn kurset på denne lenka.

Kurset er i regi av NorCRIN arbeidspakke 12 og NorTrials.