Utdanning

Medisinstudentar frå NTNU Trondheim på studietur til Ålesund

Studentane fekk informasjon om den desentraliserte legeutdanninga i Ålesund, og stifta nærare kjennskap til byen, Ålesund sjukehus, og NTNU i Ålesund.

Petter Bjørklund
Publisert 25.01.2023
Sist oppdatert 01.03.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Medisinstudentane fekk ei omvising rundt på Ålesund sjukehus av legar og kommande undervisarar for hausten. (Foto: Petter Bjørklund)

Til hausten skal dei første medisinstudentane byrje på den desentraliserte legeutdanninga ved NTNU i Ålesund og Ålesund sjukehus. 17 andreårsstudentar frå NTNU Trondheim deltok difor på ein organisert studietur til Ålesund for å stifte nærare kjennskap til utdanningsmodellen og byen.

Positivt overraska over engasjementet til legane

Medisinstudentane Albertine Raaen Bratvold og Selma Smidtsrød bestemte seg for å delta på studieturen av rein nysgjerrigheit for kva utdanninga og studentbyen Ålesund har å by på. Begge beskriv naturen som eit særleg attraktivt element med byen.

- Som by tenkjer eg med ein gong at fjella og friluftslivet rundt om ser så flott ut, seier Bratvold.

studenter

Albertine Raaen Bratvold (t.v.) og Selma Smidtsrød (t.h.) var to av medisinstudentane som deltok på studieturen av rein nysgjerrighet for kva studentbyen Ålesund og den desentraliserte utdanninga kan tilby dei. (Foto: Petter Bjørklund)

I tillegg til det dei har fått sjå av den lokale Ålesund-naturen fortel dei at dei er positivt overraska over opplegget og engasjementet til legane på sjukehuset. ​

- Eg synest dei har vore flinke til å leggje opp programmet slik at vi får sett mykje. Man får eit meir heilskapleg inntrykk av kva dette går ut på. Eg er positivt overraska over kor engasjert legane er, seier Smidtsrød.

utsikt

Dei nye lesesalane på Ålesund sjukehus har ei idyllisk og naturrik fasade ut mot Åsefjorden og fjella (Foto: Petter Bjørklund)

Ein studentaktiviserande læringsmodell

Det desentraliserte studieløpet, betre kjent som NTNU Link​, gjer 20 studentar som har fullført dei to første åra på medisinstudiet ved NTNU moglegheit til å ta dei neste to åra av utdanninga ved Ålesund sjukehus eller Sjukehuset Levanger.

Pensum og læringsmål vil være det same som i Trondheim men undervisingsforma er annleis med fokus på studentaktiv undervising og nær pasientkontakt i realistiske situasjonar i sjukehus og kommunehelseteneste.

Prosjektleiar ved NTNU for etableringa av desentralisert legeutdanning i Ålesund og overlege i radiologi Solveig Roth Hoff seier føremålet med studieturen er å gje studentane eit innblikk i studiekvardagen i Ålesund, og kva byen og regionen har å tilby dei på fritida. Hoff utdjupar nærmare kva Link-modellen kan tilby medisinstudentane.

- Link-modellen inneber at innlæring av ny teorikunnskap skjer gjennom sjølvstudium medan undervisingstida blir brukt til å sjekke kva dei kan og stimulere dei til å reflektere vidare. Når det gjeld praktisk kunnskap får studentane mykje kontakt med pasientar. Det vil bli få studentar per rettleiar slik at dei får tett oppfølging undervegs. Vi har óg stor bredde knytt til kva slags pasientar dei kjem til å møte.

overleger

Overlegane ved Ålesund sjukehus Solveig Roth Hoff (t.v.) og Solveig Bjellmo (t.h.) ønskja studentane velkomen og viste dei rundt ulike poliklinikkar og avdelingar på sjukehuset. (Foto: Petter Bjørklund)

Instituttleiar ved Institutt for helsevitskap Ålesund Svanhild Schønberg fortel at tidlegare studentrespons til Link-opplegget har vore positiv, mellom anna rundt den tette oppfølginga dei har fått frå rettleiarar og undervisarar.

Eit innblikk i sjukehuskvardagen

Studentane starta dagen og blei ønskja velkomne av Hoff og assisterande prosjektleiar ved NTNU og gynekolog Solveig Bjellmo i auditoriet på Ålesund sjukehus. Etter ei orientering om dagens program fekk studentane ei omvising rundt ulike poliklinikkar og avdelingar på sjukehuset.

Undervegs møtte og samtala studentane med kommande undervisarar for hausten. Dei understreka at medisinstudentane er ønskja og velkomne som potensielle framtidige kollegaer ved sjukehuset.

hoff

Studentane på omvising rundt poliklinikkane og avdelingane på Ålesund sjukehus. Her møter dei gastroenterolog og seksjonsleiar for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff (tredje frå høgre) ved Gastrolaben. (Foto: Petter Bjørklund)

Les også: Slik var opninga av Ålesund Biomechanics Lab sine nye lokale

Etter omvisinga fekk dei ei god pause i auditoriet. Der hadde undervisarane ei spørsmålsrunde kor det blei stilt gode og stimulerande spørsmål frå studentane. Turen gjekk så vidare til Ålesund lokalmedisinske senter, der avdelingsleiar Sindre Søvik Erstad fortalde dei mellom anna om ØHD-tenesta i Ålesund.

runde

Sjukehuslegane og haustens undervisarar held spørsmålsrunde etter omvisinga på Ålesund sjukehus. (Foto: Petter Bjørklund)

Studiemiljøet ved NTNU i Ålesund

På NTNU i Ålesund fekk dei lære meir om studiekvardagen ved campus frå Ålesund Studentsamfunn og linjeforeininga til sjukepleierstudentane Myokard. Instituttleiar Svanhild Schønberg ønskja studentane hjarteleg velkomen, og heldt føredrag før Myokard gav dei ei grundig omvising rundt på campus og det nye Sundebygget.

NTNU i Ålesund og Studentsamskipnaden tilbyr studentane ein rekke ulike arrangement, studentorganisasjonar, og aktivitetsgrupper som dei kan delta og engasjere seg i basert på interessene deira. Aktivitetsgruppene er mellom anna skreddarsydd for dei med interesse for friluftsliv, klatring, surfing, og brett- og videospel.

åss

Studentane lærte meir om studiekvardagen ved campus. Her høyrer dei på to som representerte Ålesund Studentsamfunn. (Foto: Petter Bjørklund)

Studentane fekk sjå dei ulike fasilitetane ved campus, mellom anna treningsareal, gymsal, simuleringseiningar, og Scensuren: eit nytt konsertlokale i Sundebygget. Her skal mellom anna studentyndlingane Kakkmaddafakka spele den 18. mars under U.-KA i Ålesund som arrangerast mellom den 9. til 19. mars.

eining

Linjeforeininga Myokard gav studentane omvising rundt campus. Her viser dei studentane ein av simuleringseiningane ved Institutt for helsevitskap Ålesund. (Foto: Petter Bjørklund)

Etter ein informativ og innhaldsrik dag på Ålesund sjukehus og NTNU i Ålesund vendte medisinstudentane oppover mot Trondheim. Før det takka Hoff, Bjellmo, og studiekonsulent ved NTNU Markus den Ouden studentane for at dei tok turen nedover.

Søknadsfrist for den desentraliserte legeutdanninga er 1. februar 2023. Søknadsskjema finn du på denne lenka.

Er du interessert i å lære meir om studiekvardagen i Ålesund? Sjekk ut lenkene under!