Forskingsnyheiter
Milepæl for BAROBS-prosjektet
- Det er ein viktig milepæl at data frå BAROBS-prosjektet blir publisert, og at fagfolk og forskarar i alle dei tre helseføretaka i regionen er med. Men den største milepælen er nok at vi har det første ph.d.-prosjektet som bruker BAROBS-data er ferdig, seier prosjektleiar og overlege i gastroenterologisk kirurgi Jorunn Sandvik.
Før sommarferien kunne dei involverte i BAROBS-prosjektet markere 14 publiserte artiklar i perioden 2021-2024. Det ventast at den femtande kjem snarleg. I tillegg har prosjektet resultert i 23 hovudoppgåver i medisin og fire masteroppgåver. Dette blei feira med kake, kaffi og presentasjon av nokre av artikkelforfattarane som har brukt data frå prosjektet.
Kirsti Kverndokk Bjerkan er ein av dei. Ho er klinisk ernæringsfysiolog, og har saman med prosjektleiar Jorunn Sandvik ansvar for BAROBS-delen som føregjeng ved Klinisk forskingspost ved Ålesund sjukehus. Ho har levert ei doktorgradsavhandling ved Høgskulen i Volda, og skal disputere seinare denne måneden.
- I avhandlinga mi har eg sett på betydinga av pasientopplæring meir enn 10 år etter fedmekirurgi. Hensikta med pasientopplæring er å auke pasientane si kunnskap om sjukdomen sin, og at dei dermed skal fortsette å gjere gode val for eiga livsstil når oppfølginga frå sjukehuset tek slutt, seier Bjerkan.
Vidare fortel ho at for å få handfaste data om pasientopplæring trong dei norsk langtidsdata på bruk av vitamin- og mineraltilskot og førekomst av mangeltilstandar etter fedmekirurgi.
Fyrsteforfattar
Bjerkan er òg fyrsteforfattar av tre av dei publiserte artiklane som stammar frå BAROBS-prosjektet. Som fyrsteforfattar er det ho som har bidratt mest til artiklane.
- I den fyrste artikkelen har eg sett på korleis sjølvrapportert deltaking i gruppeoppfølging dei fyrste 2-3 åra etter fedmekirurgi påverkar fleire faktorar. Desse inkluderer vekttap, bruk av kosttilskot, fysisk aktivitet og sjølvrapportert helse meir enn 10 år etter gastrisk bypass. Desse pasientane blei tilrådde å ta vitamin og mineral resten av livet, forklarer Bjerkan.
Den andre artikkelen ser på om dei som rapporterer å ta tilskot har mindre mangeltilstandar enn dei som ikkje tek tilskot.
Og i den tredje artikkelen såg Bjerkan på funn frå ein delstudie, der det vart testa om kontinuerleg blodsukkermåling (CGM) kan vere med å bidra til å redusere magesmerter, problem med fordøyinga og glukosesvingingar.
- Glukosemålaren avdekka svingingar i blodsukkeret hos delar av pasientgruppa som ein ikkje klarer å avdekke med tradisjonelt glukosemålingsutstyr. Dette motiverte pasientane til å endre kosthaldet, seier Bjerkan.
Internasjonal merksemd
Sandvik seier ho er glad for at artiklane deira blir brukt og referert ved utarbeiding av retningslinjer – både ved revisjon av nordiske retningslinjer for oppfølging etter fedmekirurgi – ikkje minst i amerikanske retningslinjer for behandling av jernmangel.
- Dette betyr at vi blir lagt merke til, smilar ho.
Ny runde med datainnsamling
No er også datainnsamlinga til BAROBS 2 godt i gong.
- Vi starta innsamlinga i løpet av 2023, og til no har over 300 personar deltatt. Datainnsamlinga vil fortsette ut 2025, men vi reknar med å kunne analysere og publisere ein del data allereie i løpet av det neste året, fortel Sandvik.
Ho legg til at som ein del av BAROBS2-prosjektet er det etablert eit samarbeid med den offentlege tannhelsetenesta som er med på eit delprosjekt.
- Mange som har gjennomført ein femdeoperasjon har rapportert om dårlegare tannhelse i åra etter operasjonen og store utgifter til tannlege. Dei fortel mellom anna om tenner som knekk og at dei får fleire hol. Vi har tenkt at dette til dømes kan ha samanheng med underernæring i den fasen dei raskt går ned i vekt, forklarer Sandvik.
Samstundes er eit underprosjekt av BAROBS i gong som ser på vedlikehald av vekttap for pasientane meir enn 10 år etter inngrepet. Du kan lese omtale om prosjektet i den nasjonale forskingsrapporten frå spesialisthelsetenesta på side 39.
Meir om BAROBS
BAROBS-prosjektet (Bariatric surgery observation study) er eit regionalt prosjekt som undersøker langtidseffektar etter fedmekirurgi utført ved offentlege sjukehus i Midt-Noreg frå 2003 til 2015. I perioden 2018-2020 fekk alle som var operert med gastrisk bypass, frå 2003-2009, på grunn av alvorleg fedme tilbod om ein tiårs-kontroll ved det sjukehuset dei var operert.
Formålet med BAROBS-prosjektet er å kartleggje langtidseffektane av fedmekirurgi i form av varigheit av vekttap og betring av fedmerelaterte sjukdomar. Vi undersøker òg om fedmekirurgi på lang sikt kan føre til ny sjukdom på grunn av mangeltilstandar eller andre konsekvensar av stort vekttap og endring i kroppssamansetning.
Det er Namsos sjukehus, St. Olavs hospital og Ålesund sjukehus som deltek i prosjektet som blir leia frå Regionalt senter for fedmeforsking og innovasjon ved St. Olavs hospital.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!