Forskingsnyheiter

Molde-forskar tildelt 8 millionar til kreftstudie

Eli Sihn Samdal Steinskog er seksjonsoverlege ved Seksjon for kreft og palliasjon ved SNR. Ho leiar studien NorCUP som er ein nasjonal studie for kreftpasientar med kreft med ukjent utgongspunkt. Ho seier tildelinga kjem godt med.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 25.11.2024
Sist oppdatert 27.11.2024
En person som bruker briller

- Takksam og overvelda over at NorCUP-studien mottok heile 8 millionar frå Kreftforeininga! Dette set oss i stand til å starte det viktige arbeidet med molekylær profilering for betre diagnostikk og behandling for desse pasientane i Noreg. Vi ser fram til å kome i gang, seier Steinskog. 

Vidare seier ho at tildelinga gjer at dei i teamet – som ikkje har vore ei etablert forskingsgruppe før no – kan begynne å sette opp logistikk, få på plass dei naudsynte søknadane og byrje å etablere metodane dei treng på laben for å gå i gong. Tildelinga gjer at studien kan bli noko av, seier Steinskog. 

Moglegheit for inklusjon og prøvetaking på SNR 

Prosjektgruppa har eit håp om å starte inklusjon av pasientar i løpet av 2025, men at det avhenger av tida det tek å få alle godkjenningar og logistikk på plass. 

- Vi kjem nok ikkje til å biobanke på Hjelset, men sidan dette skal bli ein nasjonal studie og eg skal vere prosjektleiar, tenkjer eg at det er naturleg at pasientar som inkluderast i NorCUP-studien gjer inklusjon og prøvetaking på SNR. Men dette er enno på tenkestadiet.  

Steinskog flytta til Molde i fjor, men har ei 20 prosent forskarstilling i Bergen, og det er Helse Bergen HF som eig forskingsprosjektet ho har fått støtte til. 

NorCUP-prosjektet skal arbeide tett saman med IMPRESS-Norway studien, og legg opp til eit løp kor pasientane inkluderast i begge studiane samtidig. Då vil pasientane få moglegheit til utprøvande eksperimentell behandling i IMPRESS, viss ein finn genforandringar som gir behandlingstilbod i studien. På denne måten håper ein at studien skal kunne bidra positivt for pasienten på to måtar; både i starten av behandlinga ved at ein betrer diagnostikken, men også at dei kan få eksperimentell behandling når vanleg behandling ikkje lenger fungerer. 

Onkolog ved Ålesund sjukehus, Jo-Åsmund Lund er forskingsansvarleg ved Klinikk for Kreftbehandling og Rehabilitering. Han seier tildelinga kjem godt med. - Eg vil gjerne gratulere Eli, dette viser at det er mogleg å drive fram gode forskingsprosjekt  frå Helse Møre og Romsdal. 

Om pasientgruppa  

Pasientar med ulækjeleg kreft utan kjent utgangspunkt er ei sjeldan undergruppe av kreftpasientar med kort forventa levetid og få behandlingsalternativ. Få studiar er gjort på denne pasientgruppa, men data tyder på at å finne svulsten sitt utgangspunkt, og dermed skreddarsy behandlinga, betrar pasientane si prognose. Ulike typar utvida molekylær diagnostikk av kreftsvulsten har vist potensiale til å kunne identifisere svulstens utgangspunkt. Men validering, samanlikning og effekt på overleving og behandlingsval er ikkje studert enda. 

En person som får cellegift
NorCUP-studien kan gi håp til pasientar med ulækjeleg kreft utan kjent utgongspunkt. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

I denne nasjonale kliniske studien vil forskarane etablere multidisiplinære (MDT) møter for desse pasientane og undersøkje effekten av utvida molekylær kreftdiagnostikk på overleving, behandlingsval og identifikasjon av antatt svulst. Forskarar vil kartleggje funn av molekylære mål og effekt av målretta kreftbehandling. Vidare vil ei evaluere nytten av slike MDT-møter. Resultata frå denne studien vil vere med å endre nasjonal praksis for utgreiing og behandling av denne pasientgruppa. Det vil også danne eit grunnlag for å etablere framtidige kliniske studiar for å betre pasientane si overleving og livskvalitet. 

- Eg kan understreke på vegne av NorCUP-teamet at vi er takksame og glade for tildelinga, og at vi skal gjere alt vi kan for å forvalte dette på ein god måte for pasientane våre, avsluttar Eli Sihn Samdal Steinskog. 

Les meir om tildelingane her  

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr​ på Instagram!