Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse
No kan du lese årsmeldinga til FIUK-seksjonane for 2024
I årsmeldinga presenterer Seksjon for forsking og innovasjon, Seksjon for utdanning og kompetanse, og Seksjon for kliniske studiar nøkkeltal, glimt og statistikk frå fjoråret.

Helse Møre og Romsdal hadde eit aktiv år innan forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse. Årsmeldinga for 2024 viser ei rekkje initiativ og aktivitetar som har styrka helsetilbodet i regionen. Den ligg publisert på HMR sine nettsider, og kan lesast her.
I den får du eit innblikk i forskingsprosjekt, kliniske studiar, nøkkeltal, nyhende og andre glimt frå fjoråret.
Du kan mellom anna lese om korleis forskarar nyttar ein robot ved kneprotesekirurgi, vidareutdanning av stråleterapeutar, kurs i kjeveleddsartroskopi og kirurgi samt det populærvitskapelege talkshowet "Påfyll" som har vokse fram som ein viktig formidlingsarena for forsking.
Du kan òg lese om etableringa av den nye forskingsgruppa AIMI med fokus på bruk av kunstig intelligens i medisinsk bildebehandling og pilotprosjektet til Høgskulen i Molde som skal bruke eit digitalt rettleiingsverktøy i oppfølginga av sjukepleiarstudentar i praksis.

Utdanningssjef Guro Berge, konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug og seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff presenterte årsmeldinga på det administrerande styremøtet 21. mai. Dei fekk gode tilbakemeldingar og spørsmål frå dei som hadde møtt opp. Årsmeldinga blei dermed vurdert som godkjend.
God lesing!
Med helsing frå Seksjon for forsking og innovasjon, Seksjon for utdanning og kompetanse og Seksjon for kliniske studiar.