No kan du lese årsmeldinga til Seksjon for forsking og utdanning for 2025
Årsmeldinga inneheld nøkkeltal, glimt og statistikk for 2025.

Dette er den første årsmeldinga sidan Seksjon for forsking og innovasjon, Seksjon for utdanning og kompetanse og Seksjon for kliniske studiar blei slått saman til ein seksjon, og er i så måte historisk. Her får du innsikt i nokre av dei viktigaste hendingane, nøkkeltal, glimt og statistikk for fjoråret. Årsmeldinga ligg publisert på HMR sine nettsider og kan lesast her.
2025 var eit aktivt år innan forsking og utdanning i Helse Møre og Romsdal. Det vart publisert 123 poenggivande artiklar, fire tilsette fullførte doktorgraden sin og om lag 45 var til ei kvar tid i eit doktorgradsløp. I tillegg kan HMR vise til ei 200% auke i talet på søknadar til Samarbeidsorganet.
Elles kan du mellom anna lese om stor interesse for utdanningsmidlar, ny infrastruktur for forsking og utdanning ved SNR som styrkjer både ferdigheitstrening og pasientnær forsking i føretaket, bruk av kunstig intelligens i mammografiprogrammet og tildeling av nær to millionar kroner til kreftprosjekt i Ålesund, for å nemne noko.

Utdanningssjef Endre Grøvik, forskingsrådgivar og tidlegare kst. forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug og seksjonsoverlege og tidlegare leiar for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff presenterte årsmeldinga på det administrerande styremøtet 20. mai. Dei fekk både spørsmål og gode tilbakemeldingar på innhaldet. Årsmeldinga blei dermed vurdert som godkjend.
God lesing!