Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Nordic POP-pris til Neuromodulation-prosjektet

Eit prosjekt som Helse Møre og Romsdal er med i mottok nyleg ein prestisjetung pris for sitt banebrytande arbeid med ein insjiserbar hydrogel som forlenger effekten av nerveblokadar.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 02.09.2025
En gruppe personer
F.v.: Hans Vangsnes Vingen, Anna Cuk og Marianne Hjorth.

Neuromodulation-prosjektet, som overlege i anestesiologi ved Ålesund sjukehus og ph.d.-student Hans Vangsnes Vingen tek doktorgrad på, mottok Best Talk Award på Nordic POP-konferansen i København i slutten av august. Dei involverte fekk prisen for sitt arbeid med ein «in situ hydrogel» som kan forlenge effekten av ultralydstyrte perifere nerveblokadar. 

Prisen blei tildelt etter ein presentasjon av ph.d.-kandidat Ana Cuk (Farmasøytisk institutt, UiO), som la fram preformulering og prekliniske resultat.

Kan løyse komplekse problemstillingar

I prosjektet har det blitt utvikla ein gele som blir danna på injeksjonsstaden og frigjer lokalbedøving kontrollert over tid. Geleen blei prøvd ut i ein dyremodell på sau.

  –  Det er inspirerande at forskinga vår – frå idé, utvikling og prekliniske dyrestudiar – blir lagt merke til innan nettverket i Norden og det bekreftar viktigheita av ei tverrfagleg tilnærming for å løyse komplekse problemstillingar, seier Vingen.

Marianne Hjorth, professor ved Farmasøytisk Institutt, UiO, er einig.

  –  Dette er pasientnær legemiddelteknologi som svarar på eit reelt klinisk behov. Anerkjenninga frå Nordic POP viser at løysinga fangar interesse både akademisk og praktisk, og er difor eit viktig bidrag i faget.

I tillegg til Helse Møre og Romsdal er NTNU, NMBU og UiO deltakande i prosjektet.

Om Nordic POP

Nordic POP er eit nordisk universitetskonsortium beståande av leiande farmasi-, bioteknologi- og materialteknologimiljø i Norden, koordinert av Universitetet i København. Målet er å utvikle neste generasjons pasientorienterte legemiddelprodukt ved å samle kompetanse på tvers av land og fag.

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.