Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskingsnyheiter

NORDSTEN vann Best Paper på både ISSLS 2026 og EUROSPINE 2026

NORDSTEN-nettverket markerte seg tydeleg internasjonalt i 2026 med to av dei mest prestisjefylte vitskaplege utmerkingane innan ryggforsking dette året. I mai mottok gruppa Best Paper Award under ISSLS Annual Meeting 2026 i Cape Town, og seinare same år vart NORDSTEN tildelt Best Paper Award på EUROSPINE 2026 i Göteborg.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 14.10.2026
En mann med briller

Foto: Helse Møre og Romsdal

Prosjektleiar i NORDSTEN, Erland Hermansen, er stolt over bragdene til forskingsprogrammet.

– Prisane understrekar den faglege breidda, den metodiske kvaliteten og den kliniske relevansen i NORDSTEN-studien, eit av verdas største forskingsprogram innan lumbal spinal stenose og degenerativ spondylolistese. At nettverket oppnår topp-prisar på begge dei leiande internasjonale ryggkongressane same år, viser den sterke posisjonen NORDSTEN har bygd opp i det globale forskingsmiljøet, seier prosjektleiar Erland Hermansen.

Han legg til at utmerkingane speglar mange års systematisk arbeid med kliniske data av høg kvalitet, robust metodikk og eit breitt nordisk forskingssamarbeid. Resultata frå NORDSTEN held fram med å påverke internasjonale behandlingsstrategiar og set ein ny standard for kunnskapsbasert ryggkirurgi.

Innrammet diplom
Prisen fint innramma. 

Les også: NORDSTEN-studien tildelt prestisjetung pris

– NORDSTEN-nettverket takkar alle forskarar, klinikarar og samarbeidspartnarar som har bidrege til dette arbeidet, og ser fram til å vidareføre forskinga med den same kvaliteten og gjennomslagskrafta i åra som kjem, seier Hermansen.

Seksjon for forsking og utdanning gratulerer så mykje!

Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.