Forskingsnyheiter
Ny bok om handteringa av koronapandemien
Det er no fem år sidan pandemien lamma ei heil verd. Kva lærdom kan helsesektoren ta med seg frå samarbeidet under koronakrisa? No kjem resultatet i bokform med utgivinga «Lokal handtering av koronapandemien», der forskar Anne Strand Alfredsen Larsen frå Helse Møre og Romsdal har vore prosjektleiar.

Covid-19 pandemien, som braut ut i mars 2020, sette både verdssamfunnet og Noreg på svært utfordrande prøver. Her i landet resulterte pandemien mellom anna i eit krisesamarbeid mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.
Forskingssamarbeid
For å undersøke kva lærdom vi kan ta med oss frå samhandlinga under pandemien, vart det etablert eit forskingssamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU Ålesund og Brukarutvalet i Møre og Romsdal i 2021.
Prosjektet fekk tittelen «Før, under og etter koronapandemien – kva lærdom kan spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og brukarrepresentantar ta med seg frå samarbeidet om pandemien?» Føremålet var å studere pandemihandteringa i Møre og Romsdal fylke.
I mai kjem det ut ei bok som er resultatet av dette prosjektet, men den er allereie no tilgjengeleg med open tilgang hos Scandinavian University Press.
Samarbeid på tvers av fylket
Boka har fått namnet «Lokal handtering av koronapandemien», og er redigert av Roar Amdam (Høgskulen i Volda), Anne Strand Alfredsen Larsen (Helse Møre og Romsdal), Sølve Mikal Krekvik Nerland (Høgskolen i Molde) og Berit Kvalsvik Teige (Helse Møre og Romsdal), og har bidragsytarar frå alle dei samarbeidande institusjonane.
Larsen har vore prosjektleiar, og seier det har vore eit stort arbeid, men veldig kjekt at dei har kunne samarbeida på tvers av fylket.
– Vi har alle hatt med oss ulike fagperspektiv inn i dette, og dermed også kunne studert pandemihandteringa i fylket ganske breitt. Det har vore givande å verte kjent med dei ulike institusjonane, forskarane og fagområda, og vi har også etablert eit grunnlag for samarbeid i framtida.
Verdifull lærdom
Boka er basert på studiar av kriseleiinga både hos kommunane og helseføretaket og samhandlinga mellom desse, i tillegg til at brukarperspektivet er studert gjennom auga til brukarutvalet i helseføretaket og deira oppleving av pandemien. Funna frå desse studiane drøftast i ulike teoretiske perspektiv, der føremålet er å forstå og forklare pandemihandteringa med tanke på å kunne lære for framtida.
Kapitla er bundne saman av seks korte historier skrivne av både fagpersonar og pårørande, som fortel om sine personlege opplevingar med pandemien. Her kan du høyre frå mellom anna kommuneoverlege, smittevernoverlege og beredskapssjef.
Sentrale tema
Tema forfattarane har sett på er:
- Brukarmedverknad
- Styringsstruktur
- Krisesamarbeid
Bakgrunnen for val av tema er at dei inngår som sentrale element i overordna føringar som ny Nasjonal helse- og sjukehusplan og avtale om etablering av helsefellesskap.
Evna til å samhandle lokalt – både fag- og forskingsmessig, administrativt og politisk – vil påverke evna til å operasjonalisere den nasjonale helsepolitikken. Funn og konklusjonar i prosjektet vil derfor vere viktige bidrag for fleire målgrupper med tanke på å lære for framtida.
Betre rusta til å møte nye kriser
– Funna viser at vi kan lukkast med samarbeid, når aktørane erkjenner at oppgåvene må løysast i fellesskap for å sikre befolkninga trygge helsetenester når ein treng det, seier Larsen.
– VI har også ein god tradisjon for beredskapssamarbeid i fylket som kom til god nytte under pandemihandteringa. Boka har elles fleire læringspunkt som er nyttige å ta med seg vidare. Det er viktig at vi forvaltar denne kunnskapen og erfaringane vi har gjort oss klokt, og brukar dette som utgangspunkt for forbetring, slik at vi står enno betre rusta til å møte nye kriser, det vere seg pandemiar eller andre typar kriser.
Takksam
Til slutt vil Larsen rette ei stor takk til alle informantane som har tatt seg tid til å snakke med dei.
– Eg må òg nemne det vi har kalla «Kvardagshistorier», som er relativt korte fortellingar om møtet med pandemien skrive av både fagfolk og pårørande. Vi er veldig takksame for desse bidraga til boka som bind saman dei meir datadrivne og teoretiske kapitla, og tar oss tilbake til korleis situasjonen var i 2020 og kva utfordringar vi stod overfor.
Larsen og Roar Amdam vitja morgonsendinga hos NRK Møre og Romsdal 2. mai. Du kan høyre sendinga her.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!