Forsking, ny doktorgradsstipendiat
Ny doktorgradsstipendiat i Helse Møre og Romsdal
I prosjektet sitt skal William Indrevåg, konstituert overlege ved karkirurgisk seksjon, Kirurgisk avdeling Ålesund sjukehus, mellom anna sjå nærmare på behandlinga av pasientar med rumpert abdominalt aortaaneurisme (rAAA) frå symptomdebut til utskriving frå sjukehus.
Seksjon for forsking og innovasjon (SFI) gratulerer William Indrevåg som fekk tildelt internt ph.d-stipend. Med dette blir han Helse Møre og Romsdals nyaste doktorgradsstipendiat og skal i år starte opp sitt ph.d-prosjekt.
Indrevåg er tilsett som konstituert overlege ved karkirurgisk seksjon, Kirurgisk avdeling, Ålesund sykehus. Han beskriv prosjektet sitt i nærmare detalj lenger nede i saka.
- Eg har lenge hatt tanken om å gjennomføre eit ph-d prosjekt, då eg tror at det å gå ordentleg i djupna på eit område innan medisinen vil bidra til at man som klinikar tar betre avgjersler i pasientbehandlinga, fortel Indrevåg.
Om doktorgradsprosjektet
Prosjektet vil sjå nærmare på behandlinga av pasientar med rumpert abdominalt aortaaneurisme(rAAA) frå symptomdebut til utskriving frå sjukehus, og kartleggje kva behov desse pasientane har for kommunale omsorgstenester etter utskriving. Eit Abdominalt aortaaneurisme (AAA) er ein relativt vanleg førekommande sjukdom kor hovudpulsåra utvidast med fare for ruptur og livstruande bløding.
Vi vil forsøke å identifisere faktorar som har ført til forsinka oppstart av endeleg behandling hos pasientar med rAAA, om alle er behandla etter prinsippet med kontrollert hypotensjon for å minimere bløding prehospitalt, organsiering intrahospitalt ved mottak av desse pasientane, i tillegg til kva behandlingsmodalitet som er valgt og korleis dette har påverka utfallet i form av overleving og komplikasjonar til behandlinga.
Vidare vil vi kartleggje behovet desse pasientane har for kommunale omsorgstenester etter utskriving frå sjukehus for å danne oss eit betre bilete av funksjonsnivå og livskvalitet pasientane oppnår etter behandling for rAAA.
Søknadar til interne ph.d-midlar frå Helse Møre og Romsdal vart vurdert av fire interne og to eksterne evaluatorar.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.