Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

FORSKINGSNYHEITER, FEDME OG OVERVEKT

Ny forsking bekreftar behovet for lengre oppfølging av fedmeopererte

Funna har ført til endringar i regionale retningsliner for oppfølging av fedmeopererte i Helse Midt-Noreg og nye problemstillingar som skal undersøkast nærmare i del to av prosjektet. - Jo meir informasjon dei får frå oss, jo fleire kan dei hjelpe, seier Gry Furnes Ulleland, som vart fedmeoperert i 2010 og deltar i andre studiedel.

Petter Bjørklund
Publisert 16.10.2023
En mann og en kvinne som sitter ved et bord
Per Jarle Voksø og Gry Furnes Ulleland blei med i BAROBS-studien på ulike tidspunkt og fortel at oppfølginga dei har fått gjennom studien har betydd mykje (Foto: Petter Bjørklund/HMR).

​​- Viss eg ikkje hadde deltatt er eg redd for at eg hadde hamna på same stad som før operasjonen. Eg har fått mykje god hjelp, seier Per Jarle Voksø.

Per Jarle vart operert med gastrisk bypass i 2003 og er ein av ca. 550 fedmeopererte i Midt-Noreg som deltok i første del av den regionale oppfølgingsstudien BAROBS. I studien kartleggjer og undersøkjer forskarar frå Ålesund sjukehus, St. Olavs hospital og Sykehuset Namsos langtidseffektar etter fedmekirurgi utført ved desse sjukehusa mellom 2003 og 2015.​


I vår starta del to av prosjektet, BAROBS2, opp ved Ålesund sjukehus medan Namsos har oppstart i august og St. Olavs i september. Gjennom begge studiedelane kan forskarane få meir kunnskap om korleis det går med pasientar som Per Jarle ti til femten år etter utført fedmeoperasjon.​

 

Dame med briller
Forskar og klinisk ernæringsfysiolog Siren Nymo (Foto: Bjørn Inge Karlsen)

Fordi sjølv om operasjon fører til eit betydeleg vekttap og betring av fedmerelaterte sjukdommar, kan dei omfattande endringane i kroppen som følgje av inngrepet føre til uønskte seinverknader i form av trøttheit, mangelsjukdommar grunna redusert vitaminopptak, blodsukkersvingingar, eller varige magesmerter.


Forskarane meiner slike og andre plagar kan reduserast gjennom lengre og betre oppfølging etter operasjonen. Dei har tru på at prosjektet vil gi auka kunnskap om korleis pasientgruppa bør følgast opp på lang sikt og kva faktorar som påverkar resultat av operasjonen i positiv eller negativ retning.​

- Fedme er ein kronisk sjukdom. Pasientane treng dermed god oppfølging av helsevesenet, seier forskar og klinisk ernæringsfysiolog Siren Nymo. Ho leiar BAROBS-delen som føregår i Namsos.

​Behov for møtepunkt med spesialisthelsetenesta

​I skrivande stund består oppfølgingstilbodet til fedmeopererte i Midt-Noreg av ca. to til fem år ved det sjukehuset dei vart operert ved, i tillegg til årlege kontrollar hos fastlege. Sjølv om dagens tilbod er godt for dei fleste seier prosjektleiar i BAROBS, Jorunn Sandvik at det er nokre pasientar som treng tettare oppfølging.

- Sidan det stadig kjem ny kunnskap om langtidsverknader er det behov for nokre møtepunkt med spesialisthelsetenesta også etter denne standardoppfølginga, fortel Sandvik. Saman med klinisk ernæringsfysiolog og ph.d.-stipendiat ved Helse Møre og Romsdal (HMR), Kirsti Kverndokk Bjerkan har dei ansvar for studiedelen ved sjukehuset i Ålesund.​​​

Et par kvinner i hvite skjorter
Prosjektleiar Jorunn Sandvik og klinisk ernæringsfysiolog og ph.d-stipendiat ved HMR, Kirsti Kverndokk Bjerkan har ansvar for BAROBS-delen som føregår ved Klinisk Forskingspost på Ålesund sjukehus. (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

​​​​BAROBS er unik ettersom fleire land utanfor Noreg ikkje har system som tillet oppfølging av fedmeopererte pasientar i ti år eller meir av ulike hensyn. I motsetjing til fleire land har både Midt-Noreg og Noreg journalsystem som gjer at behandlarar kan følgje pasientane over lengre tid og som kan nyttast til å forbetre behandlinga dei får.​

- Dataene vi har er ein felles ressurs som kan brukast i forskjellige samanhenger, fortel Sandvik.


Ført til endringar i regionale retningsliner for oppfølging av fedmeopererte​

I BAROBS2 inviterast ca. 1400 nye pasientar som vart fedmeoperert mellom 2010 og 2015 til ein helsekontroll ved det sjukehuset dei vart operert ved og samstundes å delta i studien.


Denne delen følgjer ein liknande struktur som BAROBS1 men byggjer vidare på nye problemstillingar som vart avdekt i førre studiedel og som skal undersøkast nærmare. Blant desse er førekomst av tannproblem, alkoholbruk, blodsukkersvingingar og overvekst  av bakteriar i tarm hos pasientgruppa nye element på forskingsagendaen.​


Både foreløpige og publiserte funn dannar utgangspunkt for problemstillingane. Til dømes viser resultat at 8% av dei ca. 550 pasientane frå førre del hadde eit alkoholavhengigheitsproblem. I tillegg beskreiv ein tredjedel av BAROBS1-deltakarane tannhelsa si som dårleg og at dei hadde høge utgiftar hos tannlege.​

Et nærbilde av en person som smiler
Overlege ved St. Olavs hospital og ph.d.-stipendiat i HMR, Åsne Ask Hyldmo (Foto: Geir Otto Johansen/St. Olavs hospital)

Ifølgje forskarane tydeleggjer desse og liknande funn, i tillegg til individuelle tilbakemeldingar frå pasientane, at det er eit stort behov for betre og lengre oppfølging av pasientgruppa.​

- Vi ser også at mange må ha B12-tilskot oftare enn tidlegare antatt. I BAROBS1 avdekte vi mellom anna at mange fleire treng meir D-vitamin for å nå ønska nivå, fortel Bjerkan.​

Funn frå studien har òg ført til endringar i regionale retningsliner for oppfølging av fedmeopererte i Helse Midt-Noreg. Til dømes har det ført til betre organisering av intravenøs jernbehandling for pasientar som har behov for dette i åra etter operasjonen.​

- Funna bidrar til betre oppfølging av fedmeopererte i Helse Midt-Noreg og har vore medvirkande bidragsytarar i utarbeiding av nye regionale retningsliner. Dette er kunnskap som blir direkte brukt i pasientbehandlinga, seier overlege ved St. Olavs hospital, Åsne Ask Hyldmo. Ho leiar BAROBS-delen ved St. Olavs og er ph.d.-stipendiat ved HMR.​

Ein blanding av helseundersøking og forskingsprosjekt​

45-år gamle Gry Furnes Ulleland er ein av studiedeltakarane i BAROBS2 og tok same type fedmeoperasjon som Per Jarle ved Ålesund sjukehus i 2010.

Sjølv om ho har følt seg frisk i etterkant av op​erasjonen har ho tenkt om det kan vere noko gale som ho ikkje kjenner sjølv. Det blei ein av grunnane til at ho valde å delta i studien tretten år etter utført operasjon.

- Eg tenkte at "no kan eg få ein skikkelig EU-kontroll". Om man har ein utfordring man ikkje visste om blir den i alle fall avdekt, fortel Gry.

Et par kvinner som sitter ved et bord
Gry Furnes Ulleland (t.h) deltar i BAROBS2, som mellom anna skal undersøkje nye problemstillingar som vart avdekt​ i del ein av studien. (Foto: Petter Bjørklund/HMR)​

​​​"EU-kontrollen" Gry referer til kjem i form av ein grundig helsesjekk og er ein viktig måte for forskarane å få meir kunnskap om langtidsverknader av operasjonen.

Her målast mellom anna blodtrykk, beintettheit, blodprøvar, EKG, blodsukkervariasjon, muskelstyrke og vekt/høgde hos pasientane. I tillegg bruker dei spørjeskjema og pasientintervju for å få betre innsikt i pasientanes helse. Bjerkan fortel at denne sjekken er meir omfattande enn det pasientane får ved vanlege kontrollar hos fastlege eller sjukehuset.

Målingane utgjer eit rikt datamateriale som kan samanliknast med data frå operasjonstidspunktet for å undersøkje varigheit av ønskte effektar som vekttap og betring av fedmerelaterte livstilssjukdommar.

Dataene bidrar òg til å avdekke og gje innsikt i ny sjukelegheit som kan ha oppstått i etterkant av operasjonen og som pasientane får relevant oppfølging og behandling for. Pasientar frå førre del som hadde problem med til dømes jernmangel eller overvekst av bakteriar i tynntarmen fekk behandling for desse.

- Ein del av pasientane gjekk også opp i vekt i løpet av dei siste ti åra. Her har vi hatt moglegheit til å gje medikamentell behandling for å hjelpe til med vektreduksjon, fortel Sandvik.

- Her gjer vi ein studie som er både ein helseundersøking og forskingsprosjekt. Det er store fordelar for pasientane å delta, legg Nymo til.

Forskarane understrekar at pasientar som blir invitert til å delta i BAROBS-studien kan gjennomføre helsesjekken utan å måtte vere med i sjølve studien.

Per Jarle fortel at denne helsesjekken og deltakinga i BAROBS har betydd mykje. Her har behandlarane kunne skreddarsy nye råd og tilrådingar i forbindelse med kosttilskot man treng for å unngå moglege mangelsjukdommar. 

En mann og en kvinne som sitter i stoler
Per Jarle Voksø er ein av ca. 550 fedmeopererte pasientar i Midt-Noreg som deltok i BAROBS1, og fortel at sjekken han fekk har betydd mykje. - Man føler seg godt ivaretatt, seier han. (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

Sjølv om dette ikkje var ein direkte seinverknad av operasjonen avdekte sjekken òg at han hadde svekka handstyrke i den eine handa, noko som han fekk behandling for.​

- Det er ein utvida sjekk og man føler seg godt ivaretatt. Eg hadde ikkje tatt alle desse tilskota viss eg ikkje hadde fått beskjed om at det var viktig.

- Jo meir informasjon dei får fra oss, jo fleire kan dei hjelpe​

Sjølv om deltaking i BAROBS ikkje er ein føresetnad for å gjennomføre helsesjekken håpar forskarane at pasientane som blir invitert også ønskjer å vere med i sjølve prosjektet.

Større deltakar-tal vil bidra til å skape meir presis kunnskap om positive og negative seinverknader av operasjonen, noko som kan ha mykje å seie for framtidig behandling og oppfølging av pasientgruppa.​​

- Jo større oppmøteprosent vi får, jo meir eksakt kunnskap vil vi kunne få, seier Sandvik.

Forskarane poengterer at føremålet med BAROBS-studien og helsesjekken ikkje er å finne ut kor flinke pasientane har vore til å følgje råd eller om dei har gjort alt riktig i tida etter operasjonen.

Tvert i mot ønskjer dei å få auka innsikt i korleis det går med pasientane over lang tid og korleis dei kan leggje til rette for eit betre oppfølgingstilbod i framtida.

- Slik kan vi som behandlarar finne ut kva vi kan gjere annleis, seier Hyldmo.

- Å få huka tak i desse pasientane for å gi dei ny og oppdatert informasjon er også ein viktig del av prosjektet, legg Bjerkan til.

En gruppe mennesker i et rom
(Foto: Petter Bjørklund/HMR)​ ​

Per Jarle og Gry gjentar liknande tankar som forskarane. Ein tanke er at det kan føre til meir persontilpassa behandling og oppfølging.​

- Man får veldig god opplysing og du er med på å opplyse andre. Det er alfa omega for å skape utvikling, fortel Per Jarle.​

- Det er vel så viktig for dei å vite kven som får kva type utfordingar, uavhengig om dei er små, store eller få. Jo meir informasjon dei får frå oss, jo fleire kan dei hjelpe, seier Gry.

BAROBS-studien leiast frå Regionalt senter for fedmeforsking ved St. Olavs hospital. Ålesund sjukehus, Sykehuset Namsos og St. Olavs hospital er likeverdige samarbeidspartnarar i forskingsprosjektet.​

Meir informasjon om BAROBS2 finn du på ​St. Olavs hospital sine nettsider.​

​​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​​ #forskinghmr​​