Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskingsnyheiter
Ny nasjonal studie viser stor nedgang i dødsfall blant dei mest for tidleg fødde barna
Ein ny landsdekkande studie viser ein markant nedgang i spedbarnsdødelegheita i Noreg, med størst framgang blant dei mest for tidleg fødde. Resultata peikar på at betre behandling og oppfølging før og etter fødsel gir konkrete utslag for dei mest sårbare barna.
Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 12.05.2026
Foto: Colourbox.com
Den største reduksjonen i dødelegheit vart funnen blant ekstremt for tidleg fødde barn.
Ein ny landsdekkande studie som Helse Møre og Romsdal har vore med i er no publisert i Acta Paediatrica. Den viser at spedbarnsdødelegheita i Noreg gjekk markant ned frå 2009 til 2020.
I løpet av perioden vart dødelegheita redusert med over 40 prosent – frå 2,9 til 1,7 dødsfall per 1000 levandefødde barn.
Studien er basert på data frå nesten 677 000 levandefødde barn og kombinerer opplysningar frå Medisinsk fødselsregister og Dødsårsaksregisteret. Totalt døydde 1583 barn før dei fylte eitt år i løpet av dei tolv åra studien omfattar.
– Dette viser at utviklinga innan svangerskapsomsorg, fødselshjelp og nyføddmedisin gir konkrete resultat. Særleg gledeleg er det at overlevinga har auka mest blant dei aller mest sårbare barna, seier førsteforfattar av artikkelen og seksjonsoverlege i pediatri ved Ålesund sjukehus Beate Horsberg Eriksen.
Foto: Helse Møre og Romsdal
Seksjonsoverlege i pediatri ved Ålesund sjukehus Beate Horsberg Eriksen.
Størst framgang blant ekstremt prematurfødde
Den største reduksjonen i dødelegheit vart funnen blant ekstremt for tidleg fødde barn, fødde før veke 28 i svangerskapet. I denne gruppa fall dødelegheita frå 363 til 227 per 1000 levandefødde – ein reduksjon på om lag 30 prosent.
Sjølv om risikoen framleis er høgast for dei tidlegast fødde, viser resultata ein tydeleg og stabil betring over tid.
Dei fleste dødsfall skjer tidleg
Studien viser at om lag 70 prosent av alle spedbarnsdødsfall skjer i nyføddperioden (dei første 28 dagane etter fødsel), og nesten ein tredel døyr innan det første døgnet. Dette mønsteret har vore stabilt gjennom heile perioden.
– Resultata understrekar kor sårbar den første tida etter fødsel er, og kor viktig det er med høg kvalitet på oppfølginga både før og rett etter fødsel, seier Eriksen.
Prematuritet viktigaste dødsårsak
Den vanlegaste dødsårsaka var tilhøve knytte til for tidleg fødsel (prematuritet), som stod for rundt 40 prosent av dødsfalla. Deretter følgde medfødde misdanningar og kromosomavvik (27 prosent) og fødselsasfyksi eller krampetilstandar og hjernesjukdom (12 prosent).
Dødsfall knytte til for tidleg fødsel, medfødde misdanningar og krybbedød (SIDS) viste ein betydeleg nedgang i perioden, medan dødsfall grunna infeksjonar og hjernesjukdom ikkje viste same positive utvikling.
Viktig kunnskap for vidare førebygging
Forskarane peikar på at betre behandling av svært for tidleg fødde, endra behandlingspraksis i nyføddavdelingane og målretta førebyggande tiltak kan ha bidrege til nedgangen.
– Studien gir verdifull innsikt i kor vi har hatt størst framgang, og kor det framleis er behov for å styrke innsatsen. Dette er viktig kunnskap for vidare utvikling av helsetenestene, seier Eriksen.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.