Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskingsnyheiter

Ny norsk studie gir håp om å førebyggje langcovid

Ein ny norsk studie viser at tidleg behandling med det antivirale legemiddelet Paxlovid (nirmatrelvir-ritonavir) kan redusere risikoen for å utvikle langcovid. Studien er publisert i The Lancet Infectious Diseases og er den første prospektive, randomiserte og dobbeltblinda studien som dokumenterer ein slik effekt.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 11.08.2026
En sykepleier og en pasient som er klar for å få vaksine
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Langcovid er ei samlenemning for symptom som  vedvarar i  3 eller fleire månadar etter ein covid-19-infeksjon. Mange blir ramma av utmatting, tung pust, muskel- og leddsmerter, søvnproblem samt kognitive vanskar sjølv etter eit mildt sjukdomsforløp.

Globalt omfang 

I ein omtale av PANORAMIC Norway-studien i Dagens Medisin kan ein lese at opptil 400 millionar menneske på verdsbasis er plaga av ein aller annan grad av langcovid. Trass dette har det mangla dokumentasjon frå studiar på om antivirale midlar gitt tidleg i forløpet kan forhindre seinfølger. 

Studien, som ble leia av professor Nina Langeland ved Universitetet i Bergen, undersøkte 144 tidlegare friske, vaksne personar mellom 18 og 65 år med nyleg påvist covid-19. Deltakarane blei rekruttert i  Bergen,  Ålesund og Oslo. 

Deltakarene fekk anten Paxlovid eller placebo medan dei var i den akutte sjukdomsfasen. Etter tre månader rapporterte 26 prosent av dei som fekk Paxlovid om langcovid-symptom, mot 43 prosent i placebogruppa. Dette tilsvarer ein relativ risikoreduksjon på om lag 40 prosent.  

Forskar og forskingsrådgivar i Helse Møre og Romsdal, Vibeke Devold Valderhaug, er medforfattar og fortel at funna tyder på at tidleg antiviral behandling i løpet av dei første fem dagane etter infeksjon kan redusere risikoen for å utvikle langvarige plager etter covid-19. 

Professor i infeksjonsjukdomar, Bjørn Blomberg ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus, er ein sentral aktør i PANORAMIC-studien. Han seier til Dagens Medisin at funna talar for ein meir liberal bruk av antiviral behandling enn i dag.  

– Det handlar ikkje berre om å forhindre sjukehusinnlegging og død her og no, men også om å beskytte mot meir subtile og langvarige komplikasjonar. 

Utfordringar 

Deltakarane måtte rekrutterast svært raskt etter symptomstart, noko som gjorde studien krevjande å gjennomføre.  

– Dette er ikkje pasientar som var innlagde på sjukehus. Dette er folk som sjølve tok kontakt etter ein positiv PCR-test, seier Valderhaug. 

For å nå ut til potensielle deltakarar var ho og professor Dag Arne Lihaug Hoff, medisinsk ansvarleg for studien i Helse Møre og Romsdal, med i eit radiointervju på NRK. I tillegg samarbeida dei med legevakta og fastlegane, og hadde informasjonskampanje i Sunnmørsposten og Aftenposten for å spreie bodskapen om studien.  

En person som smiler til kameraet
Forskar og forskingsrådgivar Vibeke Devold Valderhaug.

Internasjonal merksemd 

Studien var opphaveleg planlagd med 2000 deltakarar, men endra testanbefalingar frå myndigheitene under pandemien sette ein stoppar for rekrutteringa. 

 – Effekten var mykje større enn det ein antok i utgangspunktet, slik at ein faktisk fann statistisk signifikante resultat sjølv med relativt få deltakarar. Studien er mellom anna omtala i ein nyheitsartikkel i tidsskriftet Nature, og er blant ein av to nye, randomiserte og placebokontrollerte studiar som tyder på at tidleg behandling kan redusere risikoen for langcovid, seier Valderhaug. 

Ein større studie med nær 3000 deltakarar fann at diabetesmedisinen metformin kunne òg redusere risikoen for langcovid med om lag halvparten seks månadar etter infeksjon.  

Likefullt understrekast det eit behov for fleire studiar, ideelt sett med fleire deltakarar, for å underbygge funna og kunne trekke sikre konklusjonar. 

Fleire resultat i vente

Som ein del av det større Klinbeforsk-prosjektet ReCover fekk Panoramic-deltakarane òg tilbod om å delta i ein delstudie kor ein mellom anna tok EEG og MR bilete av hjernen på 7T senteret i Trondheim. Denne studien er leia av professor og nevrolog Axel Sandvig. Det blir svært spennande å sjå om dei kognitive symptoma kjem til uttrykk gjennom fysiske endringar i hjernen, og korleis desse utviklar seg over tid. Kanskje kan ein finne svaret på kvifor nokre av dei som har gjennomgått Covid-19 får langvarige nevrologiske plagar mens andre ikkje får det?

Vidare er det òg gjennomført ein rehabiliteringsstudie på nevrokognitive seinfølger etter Covid-19 ved Universitetssykehuset i Nord-Norge, kor ein skal samanlikne to rehabiliteringsopplegg og kva som har best effekt hjå longcovid-pasientar  

Verdifullt samarbeid 

Valderhaug rosar det dyktige teamet ved Klinisk forskingspost ved Helse Møre og Romsdal, som hadde ansvar for rekruttering, prøvetaking, og administrasjon av deltakarane i regionen. Aktiviteten var godt koordinert av og  gjennomført i tett samarbeid med studieleiinga i Bergen. 

– Det hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre studien i Møre og Romsdal utan støtte frå forskingsposten, og vi fekk naudsynte såkornmidlar frå helseføretaket slik at ein kunne starte rekruttering av deltakarar her, seier ho. 

– Arbeidet vart gjennomført under strenge smittevernrutinar, og pasientane vart følgde opp etter 3, 6 og 12 månadar, fortel fagbioingeniør Synnøve Austad Yksnøy. 

Studiesjukepleiar Maria Meslo Altrichter legg til at dei jobba tett saman med smittevern for å sikre god pasientflyt: 

 – Blant anna losa vi pasientane gjennom ei dør i underetasjen for å korte ned avstanden til forskingsposten, og for å hindre at deltakarane eksponerte pasientar eller andre tilsette på sjukehuset.  

Alle tre opplevde samarbeidet med studieleiinga i Bergen som veldig positivt. 

Et par kvinner som smiler
F.v.: Fagbioingeniør Synnøve Austad Yksnøy og studiesjukepleiar Maria Meslo Altrichter.

Ein forskingskultur som gir resultat 

Hoff vil gjerne trekke fram betydinga av ein robust forskingsinfrastruktur.  

– Det viser kvifor vi får gode resultat. Vi gjennomfører det praktiske og samlar inn data, men det krevst ein god infrastruktur rundt arbeidet med ein studie. 

Han rundar av med å reflektere over verdien av studien utover sjølve resultata. 

En mann med briller
Seksjonsoverlege og medisinsk ansvarleg for studien Dag Arne Lihaug Hoff.

 – Det som er viktig er å vise at det går an å gjennomføre slike akuttstudiar. Det er avgjerande å byggje kompetanse på å kunne gjennomføre studiar mens sjukdomen føregjeng. Slik kan ein hauste erfaringar til framtidige epidemiar, kor ein typisk i startfasen famlar i blinde, må berre prøve oss fram med behandlingar som krev nøye overvaking, systematisk rapportering av effekt og biverknader og det er nettopp det ein velsmurt infrastruktur som ein klinisk forskingspost er kompetent til. 

Medan forskarane etterlyser fleire studiar, gir funna nytt håp om at tidleg behandling kan bidra til å redusere dei belastande følgjene av covid-19.

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.