Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Ny studie: Mindre unødvendig antibiotika til nyfødde

Ein ny studie publisert i det leiande tidsskriftet BMJ Journals viser at norske sjukehus har redusert bruken av antibiotika til nyfødde med heile 50% utan å gå på kompromiss med tryggleiken. Målet er å gi antibiotika til dei som treng det, og unngå unødvendig bruk.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 16.12.2025
Sist oppdatert 17.12.2025
En baby som sover i et hvitt teppe
Illustrasjonsbilde: Colourbox.com

Antibiotika til nyfødde gis for å behandle alvorlege bakterielle infeksjonar. Tidleg debuterande sepsis (EOS) kan imidlertid vere vanskeleg å skilje frå andre nyføddtilstandar, noko som ofte fører til overforbruk av antibiotika. Kva kan gjerast for å endre på dette? 

Denne problemstillinga er sentral i ein artikkel nyleg publisert i tidsskriftet BMJ Journals. Den gjer greie for ein intervensjonsstudie i perioden 2018-2021 som inkluderte 50 000 nyfødde. Seks norske sjukehus var med, deriblant nyføddintensiven ved Ålesund sjukehus. 

Diffuse symptom hos mange nyfødde 

Seksjonsoverlege i pediatri ved Ålesund sjukehus, Beate Horsberg Eriksen, er andreforfattar av artikkelen, og har vore tett på forskingsarbeidet. Ho kan fortelje at tradisjonelt sett har mange nyfødde fått antibiotika på grunn av mistanke om bakteriell infeksjon, sjølv om dei fleste ikkje har hatt sepsis.  

En person som smiler til kameraet
Seksjonsoverlege Beate Horsberg Eriksen (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

– Symptoma hos nyfødde er ofte uspesifikke, sidan det skjer mykje endring i respirasjon og sirkulasjon det første levedøgnet hos spedbarn, forklarar Eriksen.

– Ein del kan ha rask pust, høg puls eller låg oksygenmetting, noko som tradisjonelt ofte har ført til  behandling med antibiotika. Dette har vore, og er framleis, eit globalt problem. Overbehandling kan føre til  alvorlege konsekvensar for den nyfødde på kort sikt samt  endra tarmflora og auka risiko for astma, fedme og hjarte- og karsjukdom seinare i livet. Overforbruk av antibiotika er også en viktig drivar for utvikling av antibiotikaresistens. 

Ho legg til at ein del sjukehus fortsatt startar behandling med antibiotika på bakgrunn av høg CRP, men at det er bevist at CRP er ein dårleg parameter på å føreseie sepsis. 

Serielle undersøkingar  

Ved Universitetssykehuset i Stavanger såg ein at antibiotikabruken deira låg høgt samanlikna med andre norske sjukehus. Dei starta difor dette prosjektet der dei ville  sjå nærare på effekten av gjentatte kliniske oppfølgingar.  

Artikkelen beskriv korleis dei nytta serielle undersøkingar av nyfødde. Born som hadde risikofaktorar eller symptom blei overvaka nøye med kliniske vurderingar kvar time. 

 – Antibiotika vart berre gitt ved klare teikn til infeksjon, forverring i den kliniske tilstanden eller ved manglande forbetring, seier Eriksen. – Dersom barnet blei betre var det truleg ein normal tilpassing til livet utanfor livmora, og ikkje uttrykk for infeksjon. Dersom barnet blei dårlegare og/eller hadde klare teikn på infeksjon blei behandlinga starta raskt. 

Hovudfunn 

Artikkelen viser oppsiktsvekkande funn. Antibiotikabruken blei redusert frå 1,8% til 0,9% som er ein nedgang på 50%.  

– Det som eg synes denne studien viser veldig godt er at det er når  du set fokus på eit problem at du kan løyse det, seier Eriksen. – I følgje denne studien så var det ingen som ikkje fekk antibiotika i tide, for ein kunne jo tenke seg at viss ein skulle vere så forsiktig med antibiotika så kunne ein risikere at dei som faktisk treng det ikkje fekk det. Men det skjedde altso ikkje. Så det vi har gjort er å redusere unødvendig antibiotikabruk, og berre det, avsluttar Eriksen. 

Og det må jo kallast ei suksesshistorie. 

 ​​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.