Forskingsnyheiter
Ny studie ved Ålesund sjukehus kan gi betre behandling av dei minste barna med luftvegsinfeksjonar
Barneavdelinga ved Ålesund sjukehus er i gang med ein forskingsstudie som skal gi betre forståing av korleis alvorlege luftvegsinfeksjonar utviklar seg hos barn under to år. Studien nyttar lungeultralyd for å vurdere sjukdomsgrad, og kan bli eit viktig verktøy for å sikre meir presis behandling og oppfølging av dei yngste pasientane.

Initiativet blir leia lokalt av lege og doktorgradsstipendiat Hans Kristian Strand Ipsen, i tett samarbeid med St. Olavs hospital og forskingsmiljø ved NTNU. Prosjektet er ein del av ein regional multisenterstudie der målet er å inkludere totalt 200 barn dei komande vintersesongane – halvparten i Ålesund og halvparten i Trondheim.
Kan gi meir presise vurderingar av kor sjukt barnet er
Nedre luftvegsinfeksjonar er den vanlegaste årsaka til innlegging hos små barn i Norge i dag. Nedre luftvegsinfeksjonar blir som regel delte i lungebetennelse og bronkiolitt, men desse tilstandane kan vere vanskelege å skilje frå kvarandre. Barn under to år som blir innlagde med luftvegsinfeksjon, ofte knytt til RS-virus eller andre liknande virus, kan variere stort i alvorlegheitsgrad.
– Lungeultralyd gir oss eit objektivt mål på kor sjukt barnet er, og kan bidra til å avgjere både når vi skal starte opp behandling og når det er trygt å trappe ned eller sende barnet heim, forklarer Ipsen.
Ultralyd som verktøy er mykje brukt i vaksenmedisin, men langt sjeldnare i bruk på barn i Noreg. Studien blir dermed ein av dei første i sitt slag i landet, og kan få stor betydning for framtidig praksis.
Tett oppfølging av barna
I etterkant av innlegginga vil pasienten bli oppringd kvar veke fram til oppfølgingstimen, eller til dei er symptomfrie. Dette sikrar ekstra oppfølging etter akutt sjukdom. Ved behov kan studiesjukepleiar kalle inn pasienten til ekstra oppfølging eller undersøkingar.
– Vi gjennomfører deretter ein kontroll etter fire veker for å høyre korleis det går med barnet, undersøkje det og gjenta dei aktuelle undersøkingane, seier Ipsen.

Tidlegare studiar viser at barn som blir innlagde med alvorlege luftvegsinfeksjonar, har auka risiko for astma seinare i barndommen. Men ein veit lite om kven som faktisk utviklar det.
– I dag blir det meir eit gjettverk. Med denne studien håpar vi å kunne skilje betre mellom dei som treng tettare oppfølging i spesialisthelsetenesta, og dei som trygt kan følgjast opp i kommunen, seier Ipsen.
Høgt engasjement og solid forskingsmiljø
Barneavdelinga ved Ålesund sjukehus har lenge hatt fagmiljø som ønsker å satse på forsking, fortel seksjonsoverlege Beate Horsberg Eriksen, som også er rettleiar i ph.d.-prosjektet.

Ho peikar på at både fagleg vilje, god struktur og satsing frå leiinga har gjort det mogleg å få gjennomslag for studien.
– Vi har eit miljø her som både legg til rette for og ønskjer forsking. Det er noko vi skal vere stolte av. At vi no har eit prosjekt som dette, i samarbeid med sterke fagmiljø i Trondheim, viser at vi har kompetanse og kapasitet til å drive framtidsretta forsking, seier Eriksen.
Aktuell problemstilling
RS-virus og andre luftvegsvirus har vore mykje i media siste åra, og temaet engasjerer både foreldre og fagmiljø. Mange barn får RS-virus i løpet av sine første leveår, og dei minste har størst risiko for alvorleg sjukdom. Behovet for kunnskap stort.
Det er også venta endringar i vaksineprogrammet framover, sidan dei fleste europeiske land no har innført RS-vaksine for gravide eller spedbarn. Noreg ligg sist i rekka, noko Eriksen meiner handlar meir om prioriteringar enn faglege vurderingar.
Eit viktig løft for regionen
Ipsen ser også prosjektet som ei moglegheit til å vise kva som skjer i regionen, og at det skjer mykje positiv utvikling sjølv i krevjande tider.
– Dette er eit viktig prosjekt for barn og foreldre, men også for å synleggjere den kompetansen vi har i Helse Møre og Romsdal. Det blir forska mykje godt her, og det fortener merksemd, seier han.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.