Ny studie viser korleis digital gruppeterapi kan gi ungdom betre tilgang til hjelp
For ungdom med alvorlege psykiske utfordringar kan reiseavstand og mangel på spesialiserte tilbod vere eit hinder for å få rett behandling. No viser forsking som Helse Møre og Romsdal har bidratt til at ein kombinasjon av fysiske samlingar og digital gruppeterapi kan vere ein lovande veg vidare.

Foto: Colourbox
Forskar og overlege ved BUP i Ålesund, Knut-Asbjørn Ulstein, har saman med teamet bak We2U-prosjektet undersøkt korleis ungdom opplever eit hybrid behandlingstilbod der fysisk oppstart blir kombinert med nettbasert gruppeterapi. Studien er den første som har undersøkt mentaliseringsbasert gruppeterapi for ungdom i eit slikt digitalt format, og er no publisert i Journal of Infant, Child, and Adolescent Psychotherapy.
Ungdomane i studien har fire trekk frå emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring (også kalla borderline) eller komplett diagnose. Nokre av kjenneteikna på denne diagnosen er sterke og svingande kjensler, vanskar med å regulere kjensler, identitetsproblem og ustabilitet i mellommenneskelege relasjonar.
Utvikla for eit fylke med lange avstandar
Ideen til prosjektet vaks fram etter erfaringane frå pandemien, då digitale individuelle terapisamtalar blei langt vanlegare. Samtidig såg behandlarane at tilgangen til spesialisert gruppeterapi framleis var avgrensa.

– Som gruppeterapeutar i ferjefylket vårt meinte vi det var viktig å kome i gang med eit digitalt behandlingstilbod på tvers av fire poliklinikkar, fortel Ulstein.
– Ein slik forskingside er nok ikkje like intuitivt på dei store universitetsklinikkane med korte reiseavstandar. Men veldig kjekt å få tilbakemelding frå fleire land at dette kan dekke eit stort behov, ikkje berre her i Møre og Romsdal.
Les også: Går digitalt for å nå alle pasientane
Viktige støttespelarar for kvarandre
Eit av dei mest overraskande funna var kor stor betydning deltakarane hadde for kvarandre gjennom behandlingsforløpet.
Ungdomane opplevde mellom anna at ei felles chat-gruppe gav motivasjon og støtte ved sidan av videosamlingane. Dette peikar på at digitale løysingar kan skape fleire arenaer for fellesskap enn det tradisjonelle terapirommet åleine.
Forskarane meiner dette er eit område som bør undersøkast vidare dersom digitale behandlingstilbod for ungdom skal utviklast og forbetrast.
Relasjonar kan byggjast også på nett
Ein del stiller spørsmål om det er mogleg å byggje trygge relasjonar gjennom ein skjerm. Studien viser at nøkkelen kan liggje i kombinasjonen av fysiske møte og digital oppfølging.
– Funna våre tyder på at ein kombinasjon av fysiske og nettbasert terapi i eit hybridformat er viktig, saman med terapeutisk fleksibilitet til dømes å la ungdomar i gruppeterapi ha kontakt på sosiale medium og ta initiativ til eigne aktivitetar på den fysiske oppstartsamlinga, kan vere avgjerande for å fremje tilstrekkeleg tryggleik, fellesskap og engasjement i ein digital gruppeprosess spesielt for ungdom, seier Ulstein.
Framleis utfordringar
Sjølv om resultata er lovande, understrekar Ulstein at digital terapi også byr på utfordringar, særleg ved komplekse problemstillingar for ungdom.
– Spesielt for unge med ustabile trekk er det fleire moglegheiter for misforståingar – ikkje minst er det mange ikkje-verbale signal som er lett å misse, forklarer Ulstein.
Handtering av akutte kriser og forverring av symptom er også utfordringar som krev gode løysingar. Ulstein seier at dei har funne fleire nyttige tilnærmingar, men peikar samtidig på behovet for meir kunnskap på området.
Vil utvikle modellen vidare
Artikkelen i JICAP undersøker fem deltakerar si erfaring med pilotstudien. Denne hausten startar tredje runde med nye pasientar i We2U-programmet. Erfaringane frå desse gruppene skal gi grunnlag for å vurdere neste steg i forskinga.
Ulstein meiner vidare utvikling vil krevje samarbeid med større forskingsmiljø for å styrkje det vitskaplege grunnlaget og løfte modellen vidare.
Tidleg innsats er viktig
Vidare trekk Ulstein fram at det er viktig for behandlarar og tilsette i HMR å vite om den første nasjonale retningslinja for personlegdomsforstyrringar, som understrekar betydninga av å oppdage og behandle slike utfordringar tidleg.
- Eit par hovudpoeng der er at behandlinga bør starte i ungdomsalder og at det er effektiv hjelp å få, men det kan ta tid og krev ofte tverrfagleg samarbeid, seier Ulstein.
For helseføretak som ønskjer å tilby likeverdige tenester uavhengig av geografi, kan erfaringane frå We2U vere eit viktig bidrag. Målet er å sikre at også ungdom som bur langt frå spesialiserte fagmiljø, får tilgang til behandling som kan gjere ein forskjell i kvardagen.
Om prosjektet
Prosjekttittel: We2U: Korleis opplever ungdom med emosjonelt ustabile personlegdomsvanskar hybrid gruppebehandling med samlingar online?
Prosjektleiar: Knut-Asbjørn Ulstein
Kva er det: Eit hybrid behandlingstilbod for ungdom med trekk frå eller diagnostisert med emosjelt ustabil personlegdomsvanskar, der fysiske samlingar blir kombinert med digital gruppeterapi.
Viktige funn: Kombinasjonen av fysiske og digitale møte bidrog til tryggleik og deltaking. Ungdomane opplevde støtte og motivasjon frå kvarandre, også gjennom digitale kanalar. Modellen kan gi betre tilgang til spesialisert behandling for ungdom som bur langt unna behandlingstilbod.
Vil du vite meir om forskings- og utdanningssrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.