Forskingsnyheiter
Nye klinisk akademiske gruppar i Helse Midt-Norge - forskarar frå Molde og Ålesund deltek
To nye prosjekt fekk tildelt status som klinisk akademisk gruppe (CAG). Forskingsmiljø frå Ålesund og Molde er sentrale nøkkelpartnarar i dei nyetablerte CAG-ane.
Det regionale Samarbeidsorganet for utdanning, forsking og innovasjon i Midt-Noreg vedtok 1. november å tildele CAG-status til to nye prosjekt: BREATHE CAG og SCN CAG. Det kjem fram i ei nyhetssak frå Helse Midt-Noreg.
Ei klinisk akademiske gruppe (CAG) er eit virkemiddel for å styrke samhandlinga mellom helseføretaka og universitet og høgskular i regionen, med mål om høg vitskapelig kvalitet, kompetansebygging og utvikling i helsetenestene.
- Ved å få CAG-status er det lettare å gjennomføre prosjekt som vi trur kan komme pasientane til gode, seier overlege i lungesjukdommar ved Ålesund sjukehus, Kjetil Roth.
Han er medlem av BREATHE CAG (Bridging REsearch and clinical practice for AsTHma and COPD), og representerer dermed Ålesund sjukehus som partnarinstitusjon.
Hos SCN CAG (Sleep and Chronobiology Network) er psykologspesialist og forskingsgruppeleiar Kristen Hagen ein sentral støttespelar. Han held til ved Knausensenteret i Molde.
I tillegg videreførast to eksisterande CAG-ar ytterlegare i tre år: Multiple Myeloma in Central Norway og Translational Neuroscience CAG for Alzheimer's Disease. I videreføringa av denne sistnevnte CAG-en tar seksjonsoverlege ved Ålesund sjukehus, Yngve Seljeseth over som nestleiar.
Kan gje ny innsikt i sjukdommar som astma og KOLS
Gjennom fem integrerte arbeidspakker har BREATHE CAG som mål å møte udekka behov i diagnostisering og behandling av astma og KOLS. Prosjektet omfattar grunnforsking, auka tilgang på behandling og ny teknologi, opplæringsprogram for helsepersonell, og meir forutsigbar og effektiv pasientbehandling.
Slik ønskjer gruppa å samle fagmiljøa for eit felles løft for desse folkesjukdommane, noko som kan bidra til å styrke forskingsaktiviteten regionalt og overføre ny kunnskap til integrerte og pasientfokuserte helsetenester.
- Felles prosedyrarar for behandling av sjukdommane skal utarbeidast og det skal gjennomførast undervising av helsepersonell og pasientar. Det vil vere svært nyttig for oss som behandlar KOLS og astma i føretaket.
Leiar av BREATHE CAG er lege og forskar Sigrid Anna Aalberg Vikjord (St. Olavs og NTNU), medan professor og leiar for HUNT-databank Arnulf Langhammer fungerar som nestleiar.
Nøkkelpartnarar er St. Olavs hospital, MH-fakultetet ved NTNU, sjukehusa i Levanger og Ålesund, Sahlgrenska Universitetssjukehus (SE) og Imperial College Royal Brompton Hospital (UK).
Fokus på søvn- og vakenheitsforstyrringar
Søvn- og vakenheitsforstyrringar (SVF) omhandlar forstyrringar av søvnkvalitet eller tidspunktet for søvnperioden. SVF er eit betydeleg helseproblem som adresserast av SCN CAG.
I befolkninga generelt har 15% SVF, medan ved psykiske-, nevrologiske- og alkoholmisbrukslidingar som behandlast poliklinisk er førekomsten rundt 50%. Hos akuttinnlagte pasientar med psykisk liding er den endå høgare. SVF gir auka risiko for sjølvmord, vold og forlenga innleggingstid.
CAG-en skal utvide eksisterande forsking på tvers av universitetet og helsetenesta i regionen og etablere nye samarbeid på eit breitt spekter av tema knytt til SVF. Eit sentral mål er å tilby løysingar på ein stor klinisk og samfunnsmessig utfordring.
Psykologspesialist og forskar Håvard Kallestad (St. Olavs og NTNU) er CAG-leiar. Nestleiar er professor og overlege Gunnar Morken (St.Olavs og NTNU).
Sentrale samarbeidspartnarar i SCN CAG er St. Olavs hospital, MH-, IE og SU-fakultetet ved NTNU, sjukehusa i Levanger og Molde og Folkehelseinstituttet.
Se oversikt over etablerte CAG-ar i Helse Midt-Noreg her.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.