Forskingsnyheiter
Nye doktorgradsstipendiatar i Helse Møre og Romsdal
Innstillingsrådet i Helse Møre og Romsdal vedtok i november 2025 tildeling av interne stipend frå øyremerka midlar til forsking med oppstart i 2026. Midlane skal bidra til auka forskingsaktivitet og vitskapeleg publisering i helseføretaket.

Dei interne stipenda gjekk til Inger Marie Sølverød Mo, overlege i ortopedi ved klinikk SNR og Siri Johanne Øyen Hareide, overlege i indremedisin ved klinikk Volda sjukehus.
Bakgrunn og erfaring
Inger Marie Sølverød Mo vart ferdig spesialist i ortopedi hausten 2025, etter å ha fullført spesialiseringa ved St. Olavs hospital. Tidlegare har ho jobba ved Molde sjukehus, både som turnuslege og LIS-lege.
Forskar på robotassistert kneprotesekirurgi
Ph.d.-prosjektet hennar har tittelen

«Robotic assisted surgery comparing personalized alignment versus mechanical alignment of total knee arthroplasy – A randomized controlled trial» og er ein del av The personalKNEE trial. Pasientar blir randomisert til ulik operasjonsteknikk for korleis ein setter inn kneprotese, men opererast i eit standardisert forløp ved hjelp av robot.
– I første studie skal vi sjå på korleis preoperative målingar av muskelstyrke påverkar postoperativt forløp og resultat. Studie nummer to skal samanlikne kliniske resultat mellom dei to operasjonsteknikkane, medan den tredje studien skal kartlegge omfang og eventuell forskjell i migrasjon av implantata som teikn på aseptisk løysning, forklarar Mo.
Store moglegheiter for betre behandlingsresultat
Kva betyr det for deg å få midlar?
– Det er veldig stas å få tilliten til å gjennomføre dette prosjektet. Designet er foreløpig eineståande på verdsbasis og kan gi oss viktige svar for å betre resultata for gruppa av pasientar som får kneprotese. Dette gjeld svært mange pasientar per år, så det vil kunne gi stor innverknad - både med tanke på kor fornøgde pasientane blir – men også økonomiske innsparingar då vi kan redusere antal pasientar som må gjennom revisjonskirurgi, seier Mo.
Vidare fortel ho at for ho som klinikar er det også veldig spennande å få tid til å fordjupe seg i forsking.
– I eit ph.d.-løp får ein også utdanning og opplæring i prosessane rundt resultat som presenterast i vitskapeleg litteratur, noko som eg trur vil gjere med betre til å lese vitskapeleg litteratur på ein meir kritisk måte. Eg tenker også at eg gjennom desse prosessane vil utvikle meg meir som klinikar då pasientgruppa vi forskar på er ein vanleg problemstilling i den kliniske kvardagen på ortopedisk avdeling.
Forskar på tuberkulosebiomarkørar
Siri Johanne Øyen Hareide har bakgrunn som lege i klinisk retta stillingar dei siste åtte åra etter at ho vart ferdig med medisinstudiet. Ho har arbeidd ved ulike sjukehus rundt om i landet og i fleire ulike fagfelt.
– Eg flytta tilbake til Volda i fjor haust etter nokre år ved Haukeland universitetssjukehus der eg fullførte spesialisering i både indremedisin og lungemedisin, fortel Hareide.
Prosjektet hennar har tittelen "Identification of host biomarkers for evaluation of therapeutic response in extrapulmonary tuberculosis in children and adults". Det går ut på storskalatesting på å finne biomarkørar som kan hjelpe ein i å vurdere behandlingsrespons for pasientar med ekstrapulmonal tuberkulose.
Eit globalt helseproblem med lokal relevans
– Tuberkulose generelt er framleis eit særs utbreidd problem på verdsbasis, med mellom 10 og 11 millionar nye tilfelle per år. Det er relevant også i vår del av verda på grunn av auka reiseaktivitet, innvandring og auka bruk av immundempande midlar eller behandling, seier Hareide.

– Per no har vi ikkje nokon «CRP» eller liknande enkle prøver som ein kan følgje for å sjå om at behandlinga fungerer som den skal – og dermed at diagnosen er korrekt, at det ikkje føreligg resistensproblematikk eller at diagnosen er feil, påpeiker Hareide.
Ho seier at viss dei hadde hatt ein slik biomarkør kunne ein òg truleg justere eller tilpasse behandlingslenga hos ein del av pasientane som per no er ei «one size fits all».
Frå småskalatesting til omfattande pasientmateriale
– Forskingsgruppa eg er ein del av har gjennomført småskalatesting av blodprøver for å undersøke ei rekke tidlegare ubrukte biomarkørar. Målet har vore å sjå om eitt eller fleire av desse stoffa i blodet hos pasientar med ekstrapulmonal tuberkulose endrar seg i takt med at sjukdomen kjem under kontroll eller vert kurert, fortel Hareide.
Ho seier at dei har samla inn prøver frå ei stor pasientgruppe, noko som gjer det mogleg å vurdere om biomarkørane er signifikante, som igjen gjer at dei kan nyttast i rutineoppfølginga av tuberkulosepasientar. Resultata kan få betyding for korleis denne gruppa pasientar blir følgde opp globalt og bidra til betre presisjon og auka tryggleik i behandlinga.
Kva betyr det for deg å få midlar?
– Det betyr særs mykje. Dette er eit prosjekt eg verkeleg brenn for og har ønska å kome i gang med heilt sidan ideen og prosjektet vart utforma i gjor. Hittil har det vore utfordrande å kombinere med vanleg klinisk arbeid, men no vil eg både kunne kome i gang med naudsynte kurs i høve ph.d.-utdanninga, men og verkeleg få framdrift på prosjektet som vi håpar kan få ringverknader for ei stor og viktig pasientgruppe verda rundt.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.